søndag 11. januar 2009
Skrål og bad
Utsikt mot Svanøya og Grimelia frå Høgeheia i går
Eg hugsar ikkje sist eg ikkje var på fjellet ein sundag, i ei eller anna form. Men i dag passa det så godt å late vere...
Vèret var mildt sagt elendig i dag òg. Regn i bøtter og spann, skodde og hylande vindar oppe i fjellet. Dette, og at vi har hatt liggjande ein gevinst på 10 klipp badedagar på Hauglandssenteret sidan i fjor sommar, gjorde at vi heller tok badetimane inne...:-) Og sidan Åsta Johanne, minstejente til Mildrid og Sigmund i Dale, hadde gebursdag, passa det så utmerka å nytte noko av premien... I tillegg vart Håvard, Miriam og Tora med frå Stongfjorden òg... Mange fluer i ein smekk! Som bestilt på ein uvèrsdag...
Det var eit yrande liv på Haugland. Ikkje ein ledig knagg i herregarderoben. Og symjinga måtte eg vente med. Det var for mykje armar og bein i vegen i 25 meters bassenget. I staden vart det eit køyr i sklia ilag med Peter. Om han kosa seg...? Tora på knappe året, hadde òg ein stor dag i det varme bassenget ilag med foreldra og bestemora. Ho elska vatnet og skein som ei sol...
Noko seinare, då det minka på ungar og folk, fekk eg symje med eg ville. 50 gonger 25 meter gjorde meg skikkeleg andpusten. Så i morgon er eg vel stiv og lemster i muskelgrupper eg til vanleg ikkje brukar...
Då eg budde i Dale var eg på Haugland eit par gonger i veke, men no blir det med symjinga i fjorden om sommaren. Symjing er god trening, kanskje eg skulle bruke bassenget i Askvoll meir?
Gebursdagen på Yksnebjør samla nesten halve slekta. Kjekt å ta turen inn og helse på folket mitt i Dale. Blir vel litt for sjeldan. Men så er det den forbaska ferja då... Anten har ein for god tid eller så har ein for dårleg tid! Håpar ferja er pensjonert før eg er...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar