Nye vindkuler
Teke med mobilen frå toppen av Høgeheia i kveld kl 17.35
Søraust kuling, stjerneklårt, nymåne med Venus som næraste nabo og nydeleg oransje lys ute i havet, prega turen då eg gjekk opp på Høgeheia i stad. Kjempeflott med andre ord. Det bles skikkeleg friskt på toppen som vanleg. Litt is i bakkane gjorde at eg fann det fornuftig å bruke hovudlykta ned igjen. Småspringande. Våt av sveitte i bilen heim igjen... Godt!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar