lørdag 17. januar 2009
Frisk og salt havluft
Utsikt mot vest 14/10-08
Det måtte halde med ein tidleg morgontur på Høgeheia igjen i dag. Eg var jo omlag nett komen ned igjen, men... Eg køyrde ut på Staveneset rett etter at det var lyst nok til å gå frå Hollevika. Vi fekk besøk frå Åsane i går kveld, så det var best å halde seg i "bakgarden". Kunne vel nett ikkje stikke av i timesvis heller. Men Olaug ordna med frukosten, og eg var tilbake på "no time"...:-)
Det var opplett, ganske mildt, men bles skikkeleg i øvre delen mot toppen. Så eg sjangla oppover i motavinden. Når eg har litt frekvens i fråsparket, er det moro når eg blir ståande på same flekken og trakke fordi motavinden og kasta er så sterke at eg ikkje klarar å flytte meg... Eg måtte le høgt eit par gonger...:-) Det var som eg stod rett opp og ned og trakka druer i ein stamp...:-)
På toppen var det action! I eit voldsomt vindkast fauk heile den store boksen, som den små boksen og boka ligg opp i, utfor hammaren mot nord og mot Stavfjorden. Og eg etter! Altså - EG fauk ikkje utfor då...:-) Men heldigvis tok ikkje vinden så sterkt nede på nordsida, så eg fekk tak i begge delane til boksen lenger nede på ein avsats! Og hadde mi fulle hyre med å komme meg i skjul bak varden igjen opp mot platået i motavinden ! Du vil ikkje tru kor det bles her oppe i fjellet ute mot havet før du har opplevd det...!
Eg drog pusten djupt då eg bestemte meg for å hoppe fram bak skjulet frå varden. Og vart tvinga ned på fire ganske kjapt... Men kom meg fort meir i skjul nedom toppen. I med- og sidevind ned igjen gjekk det radig. Eg småsprang på den småisete stien så fort som eg torde i vinden, og var nede igjen i Hollevika på 1-2-3!
Resten av folket heime var akkurat ferdig med frukosten då eg kom meg i hus igjen. Perfekt! Eg hadde fått litt energiutløp og dei andre var kvikna til òg... Fin start på dagen med andre ord...!
MMS av ei "flaksande ørn" på Høgeheia i dag tidleg (mobilen står skjult inne i varden)
MMS mot aust og Stongfjorden, Størdal, Eidsfjorden og Follevåg. Vi ser frå venstre m.a. desse fjella: Indrevågefjellet, Kvamsnipa, Blegja, Skålefjellet, Svarthamrane, Fanafjellet, Størdalsstauren, Moldura og Kalderasnipane...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Blåste godt på Brandsøyåsen i dag også, så jeg kan tenke meg at det blåste godt nede hos deg ja! Men jeg hadde heldigvis medvind i oppoverbakken :-)
Ha en strålende lørdagskveld!
Legg inn en kommentar