MMS: Driveknolten i skugge med haustleg drag i luftaMMS: f.v. Dokka, Moldura og Skålefjellet i vestMMS: Mot Jarstadheia i Dale i sørFruen i huset er snill med meg... Ingen tvil om det... Eg fekk nesten heile søndagen fri. Olaug reiste til Hyllestad med Peter på miniputturnering. Det var meininga at eg skulle følgje Marie på Skålefjellet, sidan ho mangla denne toppen på fjelltrimmen. Men etter at eg hadde lagt meg, fann ho visst ein kompis frå Atløyna, som hadde vore på Skålefjellet før, å gå med... Og då låg brått dagen open for meg.
Eg bestemte meg for Driveknolten igjen, for n`te gong... (Var det 3 dagar eg heldt meg?) Blegja var jo i boks i går! Og eg gjekk nesten naken igjen. Det var i grenseland. Når sola forsvann bak skyer vart det full speed for å halde varmen. Inne på toppen vart det likevel tid til ein liten snutt... Ut igjen vart det på same måten. Men eg tok meg anledning til å knipse nokre bilder med mobilen. Ikkje eit menneske å sjå - rart - så fint som det er i fjellet no!
I Rivedal traff eg likevel 3 stykke på veg oppover som var nett starta. Eg følte meg så fin at eg bestemte meg for å ta Fristadfjellet òg. Som sagt så gjort. Og det tek jo ikkje meir enn ein times tid når ein gjer på litt oppover og spring ned igjen.
Etter å ha fyllt bensin og handla eit par epler, køyrde eg like godt i Skjerlia og gjekk på Kvamsnipa òg. Full runde igjen (sidan eg har så rikeleg gonger på Skylefjellet og Skålefjellet)! Det gjekk faktisk lett og greitt opp her òg... Men snunaden i vèret var no åpenbar. Tunge blygrå skyer var på veg frå sør med ganske kraftig vind. På toppen var det skikkeleg friskt.. I grunn hadde det vore godt å hatt ei god fleece-jakke rundt den nakne kroppen, må eg innrømme. Og ned igjen gjekk det bokstaveleg tala over stokk og stein
Meterologen melde i går at første haust-lågtrykket er på veg... Vel, då har eg iallefall fått brukt siste sommardagen godt - 6 timar på farten - og kun i shorts..:-) No får vi berre håpe at det ikkje bankar på folk i kvite frakkar og vil hente meg:-))
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar