torsdag 21. august 2008
I balanse
Frå Driveknolten i kveld.
I kveld vart eg ferdig med den målsettinga eg hadde sett meg med antal gonger på Driveknolten. Men endå er det over ein heil månad til dei nye postane for neste sesong blir lagt ut... Spørst om eg klarar å halde meg heilt vekke der i frå...:-)
Det var litt snodig å møte Olaug og Magni på returen deira på Hundeheia, og eg skulle hin vegen... Hei og hada til fruen oppe på fjellet var litt rart...:-) Grunnen var jo at eg kom frå jobb og dei hadde fri. Ikkje verre enn det.
Tørt, fint og herleg haustdrag i lufta. Lett å puste. Berre å gje på! Og det gjekk unna inn... Ei god kjensle! Eg søkte fram på sør- toppen i dag òg, fekk teke nokre bilder av Dale og Dalsfjorden, Bortheimsvika og skjeloppdrettet. Reidun på jobb ynskte det...:-)
Kjekt å sjå alle sauene til Tjugen inne på Heileberget, tillitsfulle og i god stand med store lam. Ser ut som dei kjenner meg etterkvart - kanskje på lukta...? Kven veit...:-)
Nok ein nydeleg og stille kveld, der fjell og landskap låg spegla i fjord og tjern. Draumekveldar i fargeprakt... som teke ut frå eventyr... Ein nytelse!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar