søndag 17. august 2008
Ei flott helg
MMS frå Skålefjellet i kveld
Vi kom heim frå barnedåpen i 19.tida i kveld etter ein flott dag i Førde. Eg nådde såleis oppom Skålefjellet til ein fin kveldstur. Godt å få litt sirkulasjon i alle kakene som godgjorde seg i mageregionen...
Det var blikkstilt heilt til havs. Rett nok var det litt disig, men sola skein godt gjennom. Nokre låge skoddedottar leika seg ved Stavfjorden og nord for Alden. Det er elles tydeleg å sjå at sola ebbar ut meir vest i havet enn tidlegare i sommar. Då går den ned nord for Kinnaklova.
Elles var det kjekt å sjå i boka at det hadde vore opp ein del folk i dag. Det har jo vore ei fantastisk helg med omsyn til vèret. Ein fin sommar og ettersommar har alltid mykje å seie når det gjeld å får lada batteria til mørketida... I år har vi vel nærast fått i pose og sekk...:-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar