torsdag 14. august 2008
Kjapp frue
Skålefjellet frå altanen kl 21.18 i kveld
MMS frå Skålefjellet kl 19.00 i kveld
Marie vart heime med Peter i kveld, slik at fruen i huset slo følgje med meg på Skålefjellet. For å skryte litt, så må eg seie at ho er i god form. Ja, mykje betre enn sommaren for 10 år sidan då eg traff ho. Pr. i dag kan eg vel nesten seie det same om meg sjølv... Verden går jo framover:-)
Det bles ganske kald nordavind på toppen. Men det gjekk greitt i berre shortsen i dag òg. Kroppen blir vel herda av det her etterkvart:-) Olaug fraus. Så eit par knips med mobilen var alt vi gav oss tid til. Og ned igjen bar det same vegen. Fin kveldssol i Gjerdedalen.
Det haustast for kvar dag oppe i fjellet. Både lyng og gras har gulna mykje i det siste. Snart er det kviletid. Vekstsesongane tek fortare og fortare slutt - eller har det heller noko med alderen min å gjere...? Vel, alt er relativt visst...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar