Driveknolt |
onsdag 20. august 2008
Snart kviletid
Frå Driveknolten i går kveld
Det vart ein nydeleg tur på Driveknolten på Heileberget i går kveld. Tok òg turen bort på den andre knolten der det er utsikt over Dale. Bygda låg så fredeleg nede ved den stille fjorden i kveldinga. Stille, så stille! Kun nokre sauebjøller kunne såvidt høyrast i det fjerne. Til eit sjøfly passerte på veg ut Dalsfjorden under føtene mine... og til det svinga over hovudet då eg var på veg vestover igjen. Dei fekk seg nok ei panaramautsikt dei òg.
På Heileberget er det veldig som det har haustast siste tida. Det er sikkert tørkeperiodane i sommar som har gjort sitt til det. Haustfargane er i full anmarsj. I solnedgongen var det reint gyllent skjer over landskapen. Fantastisk! Så uendeleg vakkert. Men på same tid litt melankolsk. Ei grotid er over. Voksteren er slutt. No ventar det kviletid og mørke. Dei skiftande årstidene er noko av det som gjer naturen hjå oss eineståande i verdsmålestokk. Vi får sende ei takk til ein kvan som gjorde oss så heldige å få bu her....
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar