tirsdag 15. oktober 2019

Runde i gjørme

Sauesundet frå Blåfjellet (mobil)

Størdalsstauren

Stavenesodden
Det vart eit nødvendig oppdrag til Askvoll i dag tidleg då Olaug gløymde mobilen, så då gjekk eg oppom Blåfjellet i "same slengen"... I ganske så gjørmete sti. Mold og væte. Mildt sagt ganske skiten då eg kom ned igjen. Ja, eg torde meg ikkje bort på Kiwi`en etterpå heller... 😃 

Etter litt sofaliv, kaffi og mat heime vart det freistande med eit nytt fjell. På hi sida av fjorden. Med den nymerka ruta eg sette på Størdalsstauren. Som tenkt så gjort. Midtveges er det parti med mold og gjørme her òg. Ikkje så gale som i Askvoll då, men likevel. Lurt då at eg tok på gamasjane før eg gjekk. Dei sparer vaskemaskina for arbeid... 

Elles fekk eg mi først runde på fjelltrimmen med desse to fjella i dag. Om eg satsar? Tja, "time will tell"... Som pensjonist har eg iallefall tid. Det var verre med det då eg sprang fjelltrimmen "som galen"... 😄


Ingen kommentarer: