onsdag 30. mars 2022

Nydeleg heime

Bråtebrenning i Alden - foto frå Toreheia


Vågane og Flokeneset

Toreheia sett frå Ytrevågefjellet

Stongfjorden og Follevåg

Nydeleg tur her heime i dag. Frå dørstokken til Skylefjellet, Toreheia og Ytrevågefjellet. Retur til gruvene i Vågane. Slo av nokre ord med nabo Kjell før eg gjekk. Og fekk passa veldig bra av med tidspunktet han kom igjen frå ein tur til Førde og til Vågane så eg slapp å gå asfalten heim igjen. 

Vèret var berre utruleg flott. Men med minusgrader på morgonen var det ganske så kaldt på toppane. Beinfrose og nysnø i høgda etter i går. Opp til Skylefjellet og Toreheia gjekk eg utan broddar. Men der i frå til Ytrevågefjellet to eg dei på. Snøen på den glaserte skaren gjorde det skummelt glatt. Ned igjen frå Ytrevågefjellet var det nesten moro å springe på skaren. Elles nesten vindstille heile turen. 

Timinga med Kjell i Vågane var perfekt. Eg hadde 5 minutt på meg til å ordne litt på bekledninga...😄

    

Mobilfoto Skylefjellet Toreheia Ytrevågefjellet 300322

tirsdag 29. mars 2022

Våren er lunefull

Raudøyna og Hovden på Atløy

Dagens selfie i iskald nordavind

Kinn, Reksta, Skorpa, Store Batalden med Askrova fremst

Ved Blåfjellet

Skylefjellet søndag, Fristadfjellet i går og Skylefjellet og Blåfjellet i dag. Frå joggesko til fjellsko. Vèret skiftar fort. Og i dag var det kvitt heilt i fjøresteinane. Oppe på fjellet var det iskaldt. Nordavind og skodde. Så då vart det ein snarvisitt på fjelltrimposten i dag òg. Vel, eg gjekk no utom Blåfjellet i Grimelia òg. 

lørdag 26. mars 2022

Glaserte bakkar

Fornøgd - her må det selfie til...

Stongfjorden

Mot Osland Gard

Det vart ein ganske så krevjande tur opp Gjerdedalen og Brekka til Skålefjellet i dag. Og opp over hammaren halvveges (der ein kan gå "sommarsdagen") tok eg ikkje sjansen på å gå opp. Snøen låg veldig bratt og knallande hard. Her måtte det i tilfelle stegjern til. For broddane var i kortaste laget for å få feste. I staden gjekk eg den merka ruta lenger oppe mot Mannskaret og opp frå vest der i frå. 

No var det knallhard skare her oppe òg. I eit par av dei brattaste partia, spesielt ovanfor Skålefjellsvatnet, var det ganske krevjande å finne brukbare vegar opp. Men det gjekk likevel ganske greitt. 

Det fossar under meg frå Skålefjellsvatnet...

Oppe mot toppen fekk eg så morgonsola. Noko som alltid er kjekt. For mykje av vegen opp dalen ligg nordvendt i skuggeland om morgonen. Og på toppen var det aldeles praktfullt. Nesten heilt vindstille og sol. 

Eg gjekk ned att same vegen. Med varsemd i dei nesten glaserte bakkane. Og kom meg heil heim igjen utan mein. Trugane som eg bar med meg fekk eg aldri bruk for... Fantastisk flott!  

Foto Skålefjellet 260322 

fredag 25. mars 2022

Vår

 

Ein liten serie stemningar frå tida vi er inne i....

onsdag 23. mars 2022

Frå ein annan vinkel

Sett frå Fanøy i helga

Kjekt å sjå kjende fjell frå ein annan vinkel...! (Foto mobil)

mandag 21. mars 2022

I nærområdet

Frå Yndestadhøgeheia og heim igjen...

Stongfjorden i motlys i dag

Skylefjellet t.v. 
Kinn, Reksta, Skorpa og Batalden. 
Askrova fremst. 

I dag gjekk turen på fjellet her heime. Men litt motsett veg enn kanskje vanleg. For eg gjekk først til Skylefjellet. Deretter opp fjellet frå vest til Toreheia. Og returnerte via Yndestadhøgeheia og heim igjen. Kjempeflott no. Greitt utan broddar. Omlag snøfritt. Men det ligg noko hard snø i nordhellinga på toppen og ned både mot nord og sør. Flott morgontrim!

Mot Yndestadhøgeheia - Skylefjellet ute t.h.

Litt hard snø oppe ved toppen


Kos på Fanøy


Koseleg nabohus


Batalden ishus

I høve 60 års dagen til Olaug i desember hadde "ungane" hennar invitert oss alle på hennar side til ein tur til Fanøy og Batalden ishus. Så i helga som var reiste vi 15 stykke dit for ei koseleg helg. Og det vart det. Vèret spelte på lag. Sjølv om det var litt vind både fredag og lørdag. Men når sola skein vart det likevel veldig fint. Fanøy er trass alt heilt ute i havgapet. Og vi er no ikkje komne lenger enn midt i mars. Her ute er likevel våren komen veldig langt....

Solnedgang på Fanøy 

Måneoppgang over Florø frå Fanøy

No vel eg å halde mange av bilda som privat. Under har eg likevel samla nokre som var teke ute i naturen. Vi kosa oss retteleg heile helga. Med sosialt samvere både inne og ute. Turar rundt om på øya. Og god mat og drikke.  Batalden ishus, og eit hus som var leigt i tillegg, levde veldig bra opp til forventningane. Flott og kjekk helg!

Kinnaklova sett frå Fanøy

Foto Fanøy 180322-200322 

torsdag 17. mars 2022

Høgefjellet i Kvammen

Utsikt frå Høgefjellet i Kvammen


Vi ser Eitrenipa og Høgefjellet i midten her
(sjå større versjon)

Vest om Synste Stauren som skrive om i går finn vi Eitrenipa, Kringlefjellet og Høgefjellet. Midt mellom Eitrenipa og Høgefjellet ligg Bjørnastigvatnet. Sjå kart. 

Blegja og Rørvikenipa sett frå Høgefjellet

Høgefjellet er lettast tilgjengeleg frå Rørvika. Og då ved å gå opp stien til stølane som ligg her oppe (sjå kart). Vidare opp ei 20 meter ganske bratt skår kalla Bjørnastigen. Her er det festa tau til å halde seg i for å kome seg opp. Deretter er det beint fram mot vest til toppen.

Nedatt Bjørnastigen

Det er elles fint å gå til Høgefjellet som ein del av returen frå Blegja til Rørvika. Og då ved å gå ned til nordenden av Tobbedalsvatnet og sør om Kringlefjellet og vidare vest til toppen. Her er greitt å finne vegen ved berre å følgje retningen utover. Du kan også gå via Blåegga mot Eitrenipa og gå ned skaret til Blåvatnet og vest til toppen. Ingen av desse rutene er merka. 

Rett nedom og vest om toppen på Høgefjellet finn vi den sagnomsuste Tjuvbergsnova. Der tjuvane i mellom anna Fossedalen heldt til. Soga om Røvarane i Tjuvbergsnova finn du her.  

Det er flott utsikt frå Høgefjellet. Spesielt bort til Eitrenipa og Gjelsvikefjellet. Også til havet i vest. Og mot Kvammen sida i nord. Ein tur vèl verdt å ta.  


onsdag 16. mars 2022

Synste Stauren - Blåegga

Utsikt mot vest frå Synste Stauren - 
Eitrenipa t.v. Høgefjellet og Gjelsvikefjellet i midten


Synste Stauren midt i bildet - sett frå Eitrenipa

Tilbake til presentasjonen av fjella i Askvoll.

Mange har vore på Blegja. Høgste fjellet i kommunen. Og mange ynskjer seg hit. Nabofjellet Synste Stauren derimot er det gjerne færre som har vore på. Eller vurderer som turmål. Med sine 1106 moh. er Synste Stauren blant dei høgste toppane i kommunen. Fjellet ligg rett i vest av Blegja. 

Det er fleire måtar å kome seg hit. Du kan ta av frå ruta til Blegja frå Rørvika ved Nipevatnet. Og ser fjellet rett i sør. Litt småklyving i ur må til for å nå toppen. Det er også supert å gå frå Blegja, og ned egga på sørsida, og vidare ut på Synste Stauren. For så å returnere til Rørvika. Elles er jo den finaste ruta å gå til toppen som ein del av ruta frå Eitrenipa og over Blåegga til Blegja - eller omvendt. Og då først via Fossedalen. Også frå Hestad og Hestadstølane, og via Kvanndalsvatnet og Blåvatnet, er det flott å gå. Mange vegar til Rom med andre ord (sjå kart).    

Det er nydeleg utsikt frå Synste Stauren. Spesielt vestover Blåegga og til havet. Til sør mot Dalsfjorden. Og sjølvsagt flott utsikt opp til Blegja i aust.

Her er ein bildeserie og eit par oversiktsbilder frå Synste Stauren/Blåegga. 




tirsdag 15. mars 2022

Etter regn...

Etter nokre dråpar med regn skein det opp i kveldinga

Solrik morgon

Nok ein fin vårdag i Stongfjorden i dag. Ei solrik morgon og litt regn i ettermiddag. Før det skein opp igjen ved solnedgang. Det går verkeleg mot vår - nok ein gong. Og kjekt er det!