Etter fleire våte turar på Skylefjellet sist veke, var sipregnet endeleg vekke. Ja, i går var det såvidt eg klarte å komme meg over Rindaelva. Den gjekk over alle breidder. Så i dag valde eg å gå frå Vågane til Ytrevågefjellet og vidare til Toreheia, Skylefjellet og Blåfjellet med retur heim igjen til Yndestad. Ei klassisk og fantastisk flott rute i lett og oversiktleg terreng. Beskrive mange gonger. Og med eit uttal av bilder opp gjennom åra.
Vindturbinane på Guleslettene i Florø er eit nytt landskapselement på Toreheia.
I luftlinje er dei over 30 kilometer unna (sjå video).
Eg held alltid eit auge til sauene som går her oppe om sommaren. Dei er vane med folk og ganske så rolege. Så òg i dag. Alt vel. Og sikkert glade for litt opplett og sol igjen. For jammen har desse òg fått sin omgang med sturtebyger siste dagane....
Dei er glade for sol og opplett igjen...
Elles veldig kjekt å sjå så mykje folk på TiTur-posten idag. Fleire frå Dale. Som òg har vore her før. Dei skryt veldig av området og merkinga. Det gjer litt godt.
Middagen med kaffe og kake tok Olaug og eg i Holmedal på Kleppenes Bruk. Veldig kjekt. Godt med folk. Og god mat. Herleg. Fantastisk kor flott dei har fått det til i tunet med bygningar og inventar. Så her kjem vi absolutt igjen. Anbefalast!
Vått, grått, litt regn i lufta og graset gulnar i toppen. Haustleg i lufta på Skylefjellet i kveld - allereie. Dei går visst fortare og fortare desse årstidene...
Vi køyrde oss ein tur austover igjen forrige veke. Denne gongen til Blefjells-området i Telemark. Her vi besøkte Odd og Ellen på hytta. I det høve hadde vi også booka oss inn på Norsjø hotell på Akkerhaugen for ein dag på Telemarkskanalen. Inkludert overnatting med frukost. Både på turen austover og heim igjen, var vi innom Notodden. Byen med ei imponerande industrihistorie. Byen er på Unesco si verdsarvliste (sjå fotoserie).
Kveld på Blefjell
Opplevinga av turen med MS Telemarken var elles veldig interessant. Eg hadde aldri reist opp gjennom desse slusene før. Her var det mykje folk i arbeid for å opne og late att slusene, så vi kunne segle vidare oppover i vassdraget. Etter mykje nedbyr siste dagane var det stor vassføring i Skiensvassdraget. Det var difor stengt for småbåtar. (Sjå video og bilder). På Lunde, der båtturen var slutt, traff vi så Kjell og Tordis. Dei låg på campingplassen her. Dei skyssa oss tilbake til Akkerhaugen.
Kjell og Tordis på Lunde
Dei skyssa oss tilbake til Akkerhaugen
Tilbake på Blefjell og middag
ds
Dagen etter tok Odd og Ellen oss med på turen til høgste fjellet i området - Store Ble. På god og ganske lett sti tok turen opp frå Nordstul parkering, via Langedalen, vèl to timar. Returen gjekk vi via Sigrids Bu (sjå gps-tracker). Fantastisk utsikt her oppe. Panorama i 360 grader. Vi ser mellom anna Tinnsjøen og Gaustadtoppen.
Tid for tur på Store Ble
Gaustadtoppen
Ellen på Store Ble
Olaug, Ellen og Odd på Store Ble
Sigridsbu
Flott tur til Store Ble med retur om Sigrids Bu
ds
Elles vart dette ein tur for sosialisering, god mat og flotte kveldar med utsikt til nydelege linjer og lys i horisonten. På kveldar der mørket no sig fortare på i sør enn her heime. Veldig kjekt!
Godt jobba med oppsett av tau til å halde seg i nær toppen....
I vest ser vi mange kjende fjell ved Dalsfjorden
Panorama austover
Flott utsikt til Bygstad
Olaug og eit kunstverk med
...grunn til ettertanke
...ei kjekk påminning ved toppen....😍
Tame sauer på godt fjellbeite.
Heilevangsstaurane i bakgrunnen
Olaug ved Grunnevatnet
Helge Kårstad - her bak Storehesten i dag -
Helge er primus motor for Storehesten opp og løypa til Storehesten.
Vi slo av ein prat i lag.
Dagsturhytta Skaraly
Litlehesten i bakgrunnen
Olaug hadde booka inn Storehesten (Kvamshesten) for ferien som ho nettopp har starta andre del av. Det rare var at vi i går, og kvar for oss, hadde tenkt oss ut dette fjellet i dag. Å kome oss litt vekk frå heimefjella. For med knall vèrmeldingar, og vèrskifte på gang, måtte vi jo få litt ekstra ut av dagen. Så vi reiste avgarde vèl klokka 7 frå Stongfjorden. Og som eg hadde tenkt, var vi blant dei aller første inne ved parkeringsplassen. Denne er ovanfor bommen i enden av skogsvegen på Kårstad i Bygstad. Her var det berre to andre - eit austlandsk par som var på vitjing med eit anna par på ei hytte i Djupedalen. Vi gjekk litt framfor og bak oppover. På toppen hadde vi oss ein god prat. Dei einaste som var der då.
Elles gjekk turen oppover fantastisk flott. Det var ei stund sidan eg har vore her oppe, så eg lèt meg storleg imponere over god sti, god merking og elles fantastisk arbeid med tilrettelegging av løypa. Slikt ligg det eit enormt dugnadsarbeid bak.
Utsikta på toppen av Storehesten, eller Kvamshesten om du vil, er jo eineståande. I alle himmelretningar. Mot Bygstad, Bjørvikestranda. Mot Jostedalsbreen i aust, Ålfotbreen i nord. Og sjølvsagt fantastisk å sjå mot Heilevangsstaurane og Blegja, og alle fjella i vest som eg kjenner så godt frå før. Inkludert mot Dalsfjorden og ein bit av Dalsfjordbrua. Kjekt å sjå alt frå ein annan synsstad.
For ein god del år sidan budde eg eit par år i Bygstad. Mellom anna på Kårstad. Då gjekk eg ein heil del i desse traktene. Vårskiturane var spesielt kjekke. Då gjekk turane også ofte frå Fauske, Hjelmeland og Berge. Men det er no snart ein mannsalder sidan.... 😀
I dag var det veldig godt å kome tilbake hit. Og så i det nydelege vèret. Noko som heilt sikkert mange av dei vi møtte kan skrive under på - ja det aula med folk og ungar då vi gjekk ned igjen. Vi traff òg folk eg kjenner. Og slo mellom anna av ein prat med Helge Kårstad. Han har lagt ned eit enormt arbeid gjennom mange år her oppe. Elles traff vi mange unge folk med ungar som skulle på dagsturhytta Skaraly. Ja, parkeringsplassen var svart med bilar då vi kom ned igjen. Nede i Vikja vart det sjølvsagt lørdagshandel på O.A.Lunde - inkludert cola og fortent is - sidan vi var i Bygstad. Etter gamalt får eg vel seie... 😎
Eg måtte eit ærend til Askvoll i dag tidleg, så då stakk eg oppom Blåfjellet og Eggene sidan eg var her nede. Nydeleg morgonstund. Blikkstille, men eit relativt kjølig drag i lufta. Det er ein fin og grei tur opp på desse toppane. God sti. Og godt merka frå Askvoll.
Flott utsikt austover frå Fanafjellet.
Vi ser m.a. Svartehamrane, Vardenova t.v. og bak Storehesten, N&S Kringla, Laukelandshesten.
T.h. Fløyen, Heileberget og Driveknolten. Hekkelfjellet fremst.
Stongfjorden
Førdefjorden, Osland, Skålefjellet
Blåfjellet, Blåfjellssåta, Bakkefjellet og Dalsfjorden
Eg fekk ei fantastisk naturoppleving då eg kom opp til Langevatnet (Stongfjorden) i ettermiddag. Dette er på ruta til Fanafjellet, nordaust for Moldura. Rett over ein liten bakketopp heilt nede ved vatnet gjekk eg på eit smålom-par. Kven som kvapp mest av oss skal vere usagt. Men iallefall vart dei så tommelomsk at eg fekk festa dei på kameraet. Mest truleg hadde dei reir like ved, men eg gav meg sjølvsagt ikkje tid til å leite etter det. Fuglar må ikkje forstyrrast i hekketida. Ikkje minst relativt sjeldsynte og vàre fuglar.
Elles var det vått. Sjølvsagt. Og mykje myr oppover. Som sagt er det no god trening i dette. Eg brukar å seie dette til meg sjølv når det er surklar som mest rundt føtene i oppover bakkane.
Vått i vått
Blåfjellet, Blåfjellssåta, Bakkefjellet t.h.
Sjølv om det berre er ein liten flik vi ser sørover til Dalsfjordsida frå Fanafjellet, er det fin utsikt i dei andre himmelretningane (sjå foto). Ja, det er faktisk berre her i frå, og ei par plassar eg veit om, der vi ser både Dalsfjorden, Stongfjorden og Førdefjorden frå same staden.
Etter trilletur i dag tidleg, inkludert sturtebyge og tak over hovudet ved grendahuset, var eg i ettermiddag berre tenkt meg ein roleg spasertur til Liavika. Men frå Vågen og ut der er det ikkje så langt. Så etter at ein sporty Peter kunne hente meg i Holevika, gjekk eg vidare til Lia og opp fjellet til Høgeheia og ned i Holevika. Motsett rute av den eg brukar av og til.
Det var vått. Veldig vått. Det surkla og rann. Og i høgt gras og myr "over alt" var det sjølvsagt klin umulig å halde seg tørr på føtene. Sjølv med nyimpregnerte goretex joggesko. Men i dag heldt dei seg faktisk tørre ganske lenge. I tillegg fekk eg på meg ei skikkeleg regnbyge nær toppen av Høgeheia. Nokre minuttar seinare så skein sola. Som eg skreiv i går - veret er omskifteleg om dagen. Alt frå shorts til vottar og våtdrakt på same turen... 😃
P.S. Det er god trening i å gå bratte myrlende bakkar...😎
Vi har mykje sommarbesøk om dagen. Både forrige veke og denne veka. Nokon kjem. Andre reiser. Og denne veka blir det trilling av barnevogn. Helst tidleg på morgonen. Morgonstund har gull i munn. Som dei to øverste bilda frå Stongfjorden i dag tidleg. Stilt og fredeleg ein mandagsmorgon.
I ettermiddag vart det anledning til ein rask tur på Toreheia og Yndestadhøgeheia. Til alt overmål heldt det seg opplett. Men varmegradene var ikkje mange der oppe. Eg måtte fram med alt av klede eg raska med meg i sekken før eg drog.
Ja, vèret er omskifteleg om dagen. Og ikkje minst må ein vere førebudd på det meste når ein dreg til fjells. Eit godt råd til alle som no vil på dei høgste toppane er å vere utrusta for både kulde og væte. Eg høyrde det var 2 grader på Sognefjellet i dag tidleg. Så bikini bør gjerne erstattast med ull og vottar...😃 Det er vel litt pinleg å bli redda ned frå fjellet grunna for dårleg utrustning.