fredag 15. mai 2020

Stirydding

Arkivfoto ved Mangevatna.
Toreheia og Yndestadhøgeheia i bakgrunnen.
Ruta til Skylefjellet går på tvers av bildet - ovanfor skuggen
Dei par siste dagane har eg brukt nokre timar på rydding og klipping av einer og greiner opp til skoggrensa på ruta til Skylefjellet. Fjellet er som vi veit turpost på TiTur Dalsfjorden i år. Ruta har eg tidlegare merka opp igjen frå Stavenesvegen (Yndestad) ved fjorden. Turen ligg på DNT sjekk ut appen. 

Det tek si tid med våren i fjellet. Fargane minner endå mest om haust. I tillegg er det veldig vått. Noko det siste snøfallet forsterka. Vil du ta turen på posten no må du ha vasstette sko. 

Elles vil eg sjølvsagt anbefale å gå turen fleire gonger. På sommaren eller når det lir mot haust. Solnedgangen er fantastisk. Og når vatna ligg spegelblanke, og land og vatn går i eitt, er landskapet som teke ut av eit eventyr. Praktfullt!







onsdag 13. mai 2020

Ein prat i grasbakken

Margaret og Agnar

Ytrevågefjellet

ds
Mot Stavestranda

Krikavatna og Mangevatna
Skylefjellet t.h.

Eg gjekk runda frå Osland over Ytrevågefjellet, Toreheia, Skylefjellet og Blåfjellet i dag. Retur til Yndestad. 

Eg fekk ei melding frå Agnar då eg starta om det var snøfritt på Skylefjellet, så eg rekna med å treffe han og Margaret. Skylefjellet er som vi veit post på TiTur Dalsfjorden no. Vel, eg traff dei ikkje før eg var ferdig med turen. På den beste plassen på heile ruta - i solbakkane heime. Men vi fekk oss ein god prat i den solvarme grasbakken. Oppe på fjellet er det nærast vinter. Fint når sola er framme, men iskaldt i trekken då ho forsvinn. 

Eg fekk elles på meg ei skikkeleg snøbyge på Ytrevågefjellet. Klokka var nøyaktig 10 ser eg av bilda. Eg såg ho kom frå Florø-kanten. Men eg var aldri i tvil om å fortsette turen vestover fjella. Desse nordabygene gjer seg egentleg fort. Elles gjekk turen nonstop utan anna enn nokre fotoshots. Liv var det lite av. Men eg såg eg 4 heilo og eit par heipiplerker. Dei lurte vel på om dei hadde navigert feil i snøføyka....

Klassisk herleg rute dette. Som absolutt fleire burde prøve når dei likevel er i området for å ta posten på Skylefjellet. 


tirsdag 12. mai 2020

Lucky Man



...ohh what a lucky man he was... 


...og der dukka brua opp...

Ja, det slo meg etter turen i dag. For det snøa skikkeleg då eg starta frå Dalsfjordbrua på turen til Brendeheiknappen. Men ovanfor Elraki såg eg faktisk såvidt i sola - og på toppen dukka forsyne meg sola fram. Nokre minutt. Men som de ser på videoen så var det mørke skyer på gang ved Fossedalshengenipa - så då slo det skikkeleg til med snøvèr igjen 10 minutt etter videoen. Og heile vegen ned igjen. Av og til har ein jo flaks med dette ustabile vèret. I går var det tildels omvendt. 

Elles er det jo greitt å finne opp på Brendeheiknappen - uansett vèr. Det er godt merka, så det skal no noko til å rote seg vekk sjølv i dårleg sikt. Når det gjeld snø så får vi tru at dette er ein siste geisp - postane på TiTur-Dalsfjorden er vel ikkje berekna å vere vintertoppar heller...😎




mandag 11. mai 2020

Full vinter i mai

Grønt på Ringstad, men.....

Parti mellom Blåfjellet og Eggene i dag

Eg tok turen til Askvoll i dag og gjekk ruta på Blåfjellet og Eggene frå Askdalen. Førstnemnde post på AHIL Fjelltrim i år. Eggene post på TiTur Dalsfjorden frå i går. 

Bra vèr heime på morgonen. Men det var visst berre spel for galleriet. For i fjella nede i Askvoll var det både snøvèr og skodde. Og såleis dårleg sikt. Eitt og anna glimt av lysare vèr inn i mellom. Men forholda minte mest om full vinter. I tillegg var den nye og våte snøen ganske så glatt ned igjen bakkane. Situasjonen var sikkert kritisk for eit par av humlene som eg traff på der oppe! Snart berre ein månad til solsnu, så no vil vi har litt varme herr Vèrgud...😎 




søndag 10. mai 2020

Trilletur og sjekk app






Vi har besøk av Torbjørn og Ingrid Anita i helga. Dei bur i Bergen. Så eg tok med meg Solveig, 1 år, på ein trilletur til Osland på morgonen. 1 stakkarsleg plussgrad viste termometer. Solveig sovna sjølvsagt ein god halvtime. Så eg meg ein frisk morgontur opp bakkane...

Etter ein felles frukost heime, gjekk eg så ein rask tur på Skylefjellet. Litt for å sjekke ut at appen funka på TiTur Dalsfjorden. Som nemnt tidlegare opna ein opp for desse postane i dag. Det virka heilt greitt. Det var isande kald vind der oppe. Og eg fekk på meg ei god snøbyge undervegs. Relativt leddkledd for anledningen sprang eg nesten rett heim igjen via Mangevatna. Trim i boks iallefall...😎 Men no håpar eg på nokre fleire varmegrader...

(obs litt vind)

lørdag 9. mai 2020

Historikken på plass...

Dagens "vinterlege" selfie....😎

Krikavatna og Mangevatna ytst ute.
Skylefjellet t.h.
 
Nysnø og gløtt av sol på Toreheia i dag

Stongfjorden

Heim igjen til Yndestad

Mobilfoto Toreheia i dag

I dag tok eg med meg den gamle trimboka frå 2015 tilbake på plass på Toreheia. Limt og tørka. Så då kan du igjen få sjekke av sist du var her...😅 

Sidan TiTur Dalsfjorden har post på Skylefjellet frå i morgon, er det kanskje nokon som vil ta turen på Toreheia i same slengen framover. Det er noko eg absolutt anbefalar. Det er merka og greitt opp dit. Og fint å gå ned nordsida til Skylefjellet og returnere den merka stien til fjorden igjen. 

Elles var det mykje vèr i dag. Ja, det snøa, hagla og regna i nokre solide byger. Men jammen stakk ikkje sola fram òg. Relativt vindstille då. Det tek si tid før våren får skikkeleg fotfeste på fjellet. Som vanleg får eg vel seie. Fin tur!


torsdag 7. mai 2020

Hard vinter

Kjø som ål

Krikavatna
I dag tok eg med meg fisketroa i sekken for ein tur rundt Mangevatna og Krikavatna. Inkludert ein tripp oppom Skylefjellet. Gråvèr, 5 plussgrader heime, og endå hakket kaldare der oppe, gjorde det iskaldt i trekken. Langt frå optimale forhold for ein fisketur i fjellet... 

Fisken såg ut til å ha hatt ein hard vinter òg Ja, den var reint mager. Som den ovanfor. Så dei sleppte eg ut att i. Utanom ein som hadde bite litt for godt.  

No får vi håpe på betre temperatur. Kjøleeffekten i lufta i dag var sikkert på minus grader. Det vart jo reine isfiske... 😃


tirsdag 5. mai 2020

Nytt skilt

Litt grått i Dale i dag

Søndre Kringla

Fossedalshengenipa

Fløyen og Heileberget
Nedre Fossedal i midten

Ei vindskeiv, men livskraftig ei...
Eg bar med meg to skilt til Brendeheiknappen i dag. (I tillegg til eit spett som vart med heim att...)! Eitt metallskilt på toppen. Festa i ein (tung) gardepåle. Og eitt som viste retningen ved Elraki, heimemekka på morgonen...😃 Ved Elraki står det skilt merka til Massbu, men ikkje til Brendeheiknappen. 

Når TiTur Dalsfjorden opnar til helga, og Brendeheiknappen er trimpost, kjem det gjerne folk opp hit som aldri har vore her før. Så for å unngå nokon misforståelse kvar du tek av frå stien til Fossedalen, så er det greitt med eit skilt her òg. Ikkje alle veit at stien til Massbu er same stien som til Brendeheiknappen. No går det iallefall ikkje an å ta feil. 

Elles var det ganske grått i dag. Relativt vindstille, men med ei og anna snøbyge i fjellet! Ganske surt med andre ord. 
Man tager va man haver



søndag 3. mai 2020

Ny trimbok

Ein heilo lurte seg med på bildet
Florø i bakgrunnen

Blåfjellet og Skylefjellet
Mangevatna t.v.

Utsikt frå nedstigninga av Toreheia mot Skylefjellet t.h.

I dag var eg opp igjen på Toreheia med ny trimbok. Den gamle var no relativt herpa og våt. Den har lege til tørk i kjellaren her heime før ein gong, og teken opp igjen, men no var det tid for å byte ut heile boka. Faktisk har ho vore utplassert sidan 2015. Om du er interessert i historikken ligg boka her...😀

Eg gjekk som ofte før ned igjen på Skylefjellet. No har Dag Tore vore opp og bora ned skikkelege boltar til skilt og stamme. Dei gamle boltane var røska opp av vinden. Ja, det er veldig vèrhardt her oppe... Fin tur nedom strendene på Mangevatna før turen til fjorden igjen. 

Når no TiTur-Dalsfjorden opnar neste helg, og Skylefjellet er trimpost, vil eg oppmode alle om å ta med seg bos og anna heim igjen. Lat ikkje noko ligge att etter deg. Ser du bos så ta det med deg. Vèr og merksam på at det går ein god del sauer i området. Bandtvang er sjølvsagt.

Dag Tore har no boltra stanga med skiltet til Skylefjellet.


Ved Mangevatna
Ruta frå Blåfjellet kjem over bakketoppane i bakgrunnen

lørdag 2. mai 2020

Lektervraket

10 sekund frå no og smil...😄

Peter og Øyvind ser seg omkring

Marie og Olaug

Nordgåande ekspress seglar forbi

Avgang

Marie, Øyvind, Olaug, Peter, og eg tok turen frå Holevika til lektervraket mellom Holevika og Liavika i ettermiddag. Tora og Håvard vart med eit stykke, men måtte snu grunna dårleg tid. 

Etter ei solid regnbyge på veg utover, skein det utruleg flott opp då vi kom ut på Staveneset. Resten av turen hadde vi kjempeflott vèr. Sol og havblikk. Olaug hadde fiksa med kaffi og kjeks. Så vi hadde ei flott stund der ute ved vraket frå -70 talet. Vraket er visst ein lekter som slitna under slep og hamna i fjøresteinane. Det smuldrar nok bort med tid og stunder. 

Elles var det reine oppdagingsferda sør igjen til Holevika. Då gjekk vi langs berga ved sjøen. Eg drog med meg ei svær blåse til bilen igjen. Øyvind tok ei anna. Det er diverre mykje å rydde opp i langs strendene. Ille med all plasten som flyt rundt omkring i fjæra. Tre svære oljefat kom vi òg over (sjå foto med namn). Men svaberga er jammen fine. Og med mange kunstnariske steinar. 

Marie på ein fin stein