onsdag 16. september 2020

Eitrenipa & Eitrenipa rundt

Skorvemarka med Markavatnet og Øyravatnet

Motiv ved Leknesvatna - 
Kringlefjellet, Rørvikenipa, Blegja og Synste Stauren i bakgrunnen

Dale og Øvre Fossedal

Panorama - Flott utsikt frå Eitrenipa (du kan laste ned bildet og zoome det opp for detaljar)

ds

Mange særeigne og gamle fjellfuru på strekninga aust for Krokavatnet - 

Parti frå ruta aust for Krokavatnet mot Svortevikstølen

I dag gjekk eg den fantastiske turen frå Skorvemarka til Leknesvatna og vidare opp på Eitrenipa. Ein tur eg er veldig glad i. Det er nemleg nydeleg terreng når du kjem opp over den flotte Eitrefossen og vidare austover. Sjølve oppstigninga til toppen er ganske bratt, men grei når det ikkje ligg snø og is. Eit lite parti er litt luftig mot vest.... Returen gjekk eg via skåra på sørsida og ned i Eitreskaret. Nett nedanfor den gamle geitefloren ovanfor Øvre Fossedalen tok eg så nordover og gjekk austsida av Krokavatnet til Svortevikstølen (Krokvasstølen) og ned til parkeringsplassen ved kraftstasjonen ved Markavatnet (sjå gps-bilde). 

Det har regna i bøtter og spann i det siste. I natt må det ha kome ned mykje òg. Eg veit knapt om eg har sett at både Bjørnastigvatnet, Leknesvatna, Markavatnet og Øyravatnet var så fulle at det rann vatn heilt frå øvste fjellet og til fjorden. Vatna er som kjent regulerte, men no smekk fulle! 

Stor vassføring ut av Leknesvatna i dag

Eitrefossen

Vatn, væte og myr var det elles overalt i terrenget òg. Så turen i dag vart vel heller av det tunge slaget. Litt overdrive gjekk det med 5 timar i sugande myr! Men du verden - jammen heldt ikkje dei nye Lowa skoa mine meg tørre på føtene i dag òg. Heilt fantastisk!

Elles er ruta frå Markavatnet og innover nordsida av Leknesvatna og til toppen bra merka med vardar. Verdt å merke seg er at ned Eitreskaret er det ganske krevjande no når det er så tilvakse med vegetasjon. Noko bratt, steinete og sleipt er her òg. Og vondt å sjå kvar ein set foten. Her må ein vere på allerten så ein ikkje dett eller trakkar skeivt. Partiet nordover på austsida av Krokavatnet var også veldig vått i dag. Faktisk mesteparten av vegen. Her er det heller ikkje sti, men gode hjortetrakk å følgje. Retningen til Svortevikstølen seier seg sjølv. Turen vil eg vel karakterisere som krevjande. 


 Kringlefjellet, Rørvikenipa, Blegja, Synste Stauren, Blåegga, Storehesten og Skålefjellet (Gaular)

Turbeskrivelsen til toppen la eg inn på ut.no ein gong i tida med eit par bilder (sjå link - bilda er forøvrig mine). Returen nordover er dessutan fantastisk flott med den nydelege utsikta til Fossedalshengenipa, Nordre og Søndre Kringla og lenger nord også til Eitrenipa. Fint å sjå tilbake på der du har vore. Her er elles veldig mange flotte fjellfuru langs vegen. Truleg eldgamle og med fantastiske former mange av dei. I dag stråla landskapen elles i gull.

Fossededalshengenipa

Eit par små pausar undervegs i dag. Ved den gamle geitefloren nord for Øvre Fossedalen og ved Kallhellaren og Kallhellarbukta ved Svortevikstølen. Vèret delvis skya og noko trekk frå nord. Suveren tur! 

Ein liten pause ved murane til den gamle geitefjøsen nord for Øvre Fossedalen

Ruta på Eitrenipa og rundt i dag - tid i bevegelse 4.37 timar

Nokre stadnamn i Fossedalen - klipp frå Fylkesatlas

Foto Eitrenipa & Eitrenipa rundt 160920 

tirsdag 15. september 2020

Smørkletten (Steinheia) - ny fjelltrimtopp frå 11.oktober

Her er foto frå Smørkletten som òg er ein av dei nye postane på fjelltrimmen til AHIL frå 11. oktober. (Sjå blogg).Toppen ligg som ein smaragd i enden av Askdalen. Det er her den vanlege løypa frå Askvoll sentrum går. Fjellet kan òg nåast via dei andre toppane rundt kommunesenteret. Anten du startar med Blåfjellet eller Fristadfjellet - den såkalla 7-fjellsturen. Alle løypene og toppane er merka, og du finn dei på ut.no

Elles er det fint å gå opp skaret frå Fisma til Fismavatnet. Då kan du ta med deg Jamneheiane i same slengen før du går opp (eit par av bilda er tekne her i frå). Mange vegar til Rom med andre ord.


mandag 14. september 2020

Markahengenipa - ny fjelltrimtopp frå 11. oktober

Markahengenipa

Eg sette i hop ein bildeserie frå Markahengenipa òg. Som nemnt i førre innlegg er fjellet ny post for AHIL fjelltrim komande sesong. Tilgjengeleg frå 11. oktober. Toppen når du best frå Skorvemarka. Og via den merka ruta til Nipebu. På nordsida av Fossedalshengenipa tek du av frå ruta til Nipebu, og går ut det slake partiet av fjellet mot nordvest. Det er flott utsikt i alle himmelretningar frå fjellet. Markahengenipa kan vel reknast som ein høveleg lett tur for dei fleste.  

NYE FJELLTRIM POSTAR for 2020/21

 Utsikt ved Kalderasnipene mot Askvoll, Atløy og Alden.

Dei nye fjelltrimpostane for 2020/2021 er kunngjort på AHIL Fjelltrim gruppe si Facebook side. (Sjå klipp under). I parantes står oppført kvar toppane blir merka frå. I det høve kan det leggast til at alle toppane har fine ruter frå fleire himmelretningar. Mellom anna Blåfjellet som blir merka frå Grimelia. Hit kan du òg gå del av ruta til Skylefjellet. For så å ta ut sørsida av Mangevatna. Dette er ei fantastisk rute mot vest - spesielt i solnedgang i haust når heile landskapet står i "gull".... 

Ruta frå Yndestad til Blåfjellet tek av i høgre kant på sørsida av Mangevatna. Bakerst Toreheia og Yndestadhøgeheia. Ruta til Skylefjellet frå høgre til venstre.

Når det gjeld Kalderasnipene synest eg ruta frå Eidsfjorden er veldig flott. 

Eidsfjorden - Kalderasnipene (og Dokka)

Eg tok i det høve og samla nokre bilder frå sistnemnde. 

Bildeklipp Kalderasnipene
(rute Eidsfjorden)
Musikk: 
Take Your Time


"Fjelltrim sesongen 2020 går inn i sine 4 siste veker, søndag 11 oktober er siste dag du kan skrive deg inn eller registrer deg via appen😊 Så til deg/dåke som manglar ein topp eller to, ta deg tid å besøk ein av årets toppar🌄 så blir da diplom i år og😁

Bakkefjellet, Blåfjell, Størdalstauren, Indrevågefjell, Stordalsfjellet eller Nipebu og Blegja som er frivillig.

NYE FJELLTRIM POSTAR for 2020/21 har desse fjelltoppane:
Blåfjell                   10 p. (Grimelid)
Kalderasnipene    10 p. (Holmedal)
Markahengenipa  10 p. (Skorva)
Smørkletten          10 p. (Askvoll)
Vardenova            30 p. (Rivedal)
Blegja                    50 p. (Rørvik)

Alle desse toppane skal være klare frå Søndag 11 oktober med bok og papir/blyant. Vil tru at vi for kommande sesong må gå tilbake til gamle måten for registrering, at det er kun det som blir skrevet i boka som gjelder🤓 Meir info om dette og meir til kjem seinare😊"


søndag 13. september 2020

Rekognosering i kuling og regn

 

Ved Krikavatna

Det går sauer nede ved Hjartebuvatnet t.h.

Standardmotiv over Krikavatna og Mangevatna. Skylefjellet t.h.

Og så fekk eg jammen eit glimt av sola i dag òg....


Parti ned mot stien til Skylefjellet

Eg gjekk "standardruta" mi heime i frå og over Rinda, Krikavatna og til Toreheia i dag. Retur over fjellpartiet i nordvest til Skylefjellet. Det er sauesanking her neste helg. Regn, kulingbyger og skodde. I passe porsjonar. Og for å seie det slik - steikje vått. Myr og overflatevatn overalt. Men du verden - for andre dag på rad - heilt tørr på føtene. Etter timesvis i væte! Dei nye Lowa Explorer skoa har verkeleg innfridd. Supernøgd! 

Første teiknet på at sauene gjerne har lyst heime igjen, var på bøen her på Yndestad. 4 søkk våte av sorten var trekte ned og beita på det friske og grøne graset. 5-6 til gjekk rett ovanfor Rinda. Men oppe på sjølve fjellet og ved Krikavatna, Mangevatna og Skylefjellet var det blåst. Eg såg heller ingen oppe på sjølve Toreheia. Men det gjekk ein liten flokk ved Hjartebuvatnet lenger aust. Også i Nipa i det bratte fjellet aust og over Stavestranda gjekk ein god flokk (video). Dessutan nokre nede ved Strandaelva. Men noko fullt oversyn var det ikkje så enkelt å få i det dårlege vèret. Tildels ganske tjukk skodde til tider. Ein viss peiling har ein iallefall fått til neste helg. Og heldigvis ser det visst ut til at vèret kan bli litt betre enn i går og i dag! 

Returen som sagt vest til Skylefjellet og via Mangevatna. Den fine ruta eg ofte brukar. Frisk tur i dag òg....😃

lørdag 12. september 2020

Full sau-action

Motiv mellom Fanafjellet og Størdalsstauren

..og jammen såg vi sola òg... her heim att til Yndestad

Ein flokk på geledd ved Langevatnet

...og fleire samla nord for Fanafjellet

Litt av Langevatnet og Stongfjorden

Etter ei enorm hagl-, tore- og stormbyge dukka det opp blå himmel i vest. Dag Ove i horisonten mot høgre. Sauene på veg opp nord for Langevatnet.

Full action ved Langevatnet (Stongfjorden), Fanafjellet, Mannskaret og mot Størdalsstauren i dag då Holmedalssauene skulle heim igjen frå fjellbeite. Vått, kuling, sturtebyger, torevèr, men jammen såg vi sola eitt minutt eller to òg.... 

Og sau vart det. I hopetal. Som eg fekk på rett kjøl til Holmedal. Har ikkje talet, men 70-80 eller der omkring. 

I år vart eg litt overraska over alle svartfjes sauene som gjekk på Stongfjorden-sida av fjellet. Dei har i grunn gått meir rett vest for Moldura tidlegare. Men i det ruskute sørvest/vest vèret var det no ein fornuftig strategi - her meir i ly for vèr og vind. Eg fekk dei opp over fjellet mot Holmedal der andre overtok.

Etter mykje klyving, fram og tilbake, over Fanafjellet opp og ned fleire gonger og inn i Mannskaret, traff eg så Bjørn og Dag Ove mellom Fanafjellet og Størdalsstauren. Dette etter at dei 8 siste som hadde stukke seg unna her vest var komne på rett veg òg. I lag fekk vi så heile flokken som eg hadde sett att opp frå nordsida over Stongfjorden til Fanafjellet og deretter rett aust og ned på Holmedal-sida (sjå siste video) . På toppen her sa eg takk for meg. 4-5 timar i eitt var nok. Sauene gjekk på geledd til Holmedal med Bjørn og Dag Ove - og eg gjekk til Stongfjorden igjen. Mission completed...😎 

 

Mobilklipp med skurring




 

onsdag 9. september 2020

Høgeheia haust og vinter

I høve Dag Tore har lagt ut ny trimbok på Høgeheia for hausten og vinteren, tok eg å sette i hop nokre haust og vinterbilder her i frå. Trimboka er lagt ut for "Høgeheia sine vener" og sjølvsagt open for alle. Du kan elles registrere besøket gjennom DNT-appen, men fjellet er ingen offisiell fjelltrimpost komande sesong. Eg reknar med det blir lagt ut nye postar for AHIL fjelltrim første helga i oktober.  

Ny bok nye Lowa

No har Dag Tore lagt ut ny bok på Høgeheia for hausten og vinteren. For som mange veit er denne toppen heilt utmerka å gå på til alle årstider. Vel kan det vere vèrhardt og tøft her ute i havgapet, men det gir ofte turen ein ny dimmensjon enn om sommaren. Det gjeld berre å kle seg. 


I tillegg til i boka kan du òg registrere besøket i DNT-appen. 

Som før er det god sti og godt merka til toppen frå Holevika. Vil du gi turen eit ekstra løft, kan du ta turen ut til Furefjellet heilt vest på Staveneset, og returnere til Holevika. Som eg gjorde i dag (sjå kart). Eit anna alternativ er å gå til Lia, Liavika og Vågen i Grimelia. Så her er det berre å impregnere sko, finne fram vindtette klede, og halde fram med fjellvandringa. Ingen grunn til å krype i hus når vi har så mange lett tilgjengelege toppar som ein kan gå på heile året. 

Stongfjorden

Furefjellet


Furefjellet



mandag 7. september 2020

Bryllaup i Trøndelag

Morgon -utsikt frå soveromsglaset





På Dovrefjell - teke i "farta"

Vi var i bryllaup og feira Olve Andreas og Karin på Å i Meldal i helga. Eg er onkel til Olve Andreas. Bilda frå dette er sjølvsagt av privat karakter og blir ikkje publiserte her. Men eg tek med nokre andre bilder eg tok. 

Å - med det kortet namnet - var ein koseleg liten plass - ein times køyretid sør for Trondheim. Prega av relativt store gardar og flater. Det er her oppe brureparet har slått seg til. Frå plassen brura kjem. Sjølv har eg aldri vore her før. 

Elles er det jo langt opp hit. Over 7 timar i bil kvar veg. Vi køyrde over Strynefjellet og Dovrefjell fram og tilbake. Broder Sillan, Tone, Olaug og eg. Haustleg og flott over fjellovergangane.

Vi hadde det veldig triveleg i lag. Heile helga sidan ein hadde teke seg fri fredag. I lag med fleire andre i familien budde vi i eit fiskarhus. Om sommaren utleigd til laksefiskarar i Orkla-vassdraget. Denne helga med fyr i omnen og stearinlys fredagskvelden. Og oppfyring i omnen tidleg søndag før heimreise.... Kjekt!

P.S. Og la det vere sagt - alle korona hensyn i bryllaupet var godkjende og tekne vare på. Slutt klokka 01.00 lørdag. 

tirsdag 1. september 2020

Rundtur i nokre Holmedals-fjell

Blåfjellssåta - Dokka og Kalderasnipene t.v.

Utsikt frå Blåfjellssåta - Bakkefjellet t.v.

Utsikt frå Blåfjellet

Storfe i Svelia

Bakkestølen

Kleppenes og Bogestølen

I dag tidleg gjekk eg den flotte runda som vist på bildelinken. Start som vanleg frå parkeringa ved vassverket i Holmedal. Det var ei nydeleg morgonstund og ikkje ei sky på himmelen. Eit haustleg drag i lufta. Frisk og klår luft. Og ikkje ei fluge... Den flotte tida mellom sommar og haust. 

Flott i Holmedal i dag tidleg

Som liksom å understreke kor flott det var, seig hurtigruta gjennom Granesundet ved Askvoll. Som ein diamant i det blå. 

Hurtigruta segla indre leia i dag

Stien til Bakkefjellet er mykje nytta no. Toppen er trimtopp for AHIL i år og godt merka. Her er det berre for alle å ta turen. Turen hit er grei for både liten og stor. Så etter å ha skrive meg i boka, og teke nokre bilder, gjekk så turen vidare til Blåfjellssåta. Opp ranen her er det jo litt luftigare enn på Bakkefjellet. Om berget opp er vått, er her nokre meter som ikkje er heilt ufarleg. Men ikkje verre enn at når det er tørt så går det heilt fint å kome seg opp utan å måtte klatre (sjå hovudfoto). 

Du kjem deg ned frå Blåfjellssåta i eit lite skar på nordvest sida. Deretter litt ufarleg klyving for å kome seg opp på Blåfjellet. Etter nokre bilder her i frå gjekk så turen vidare inn det kuperte fjellområdet mot Smørskornova. Held du deg litt på sørsida av dette partiet er det nydeleg utsikt til Rivedal, Straumsnes og inn Dalsfjorden.  

Utsikt frå partiet mellom Blåfjellet og Smørskornova

Smørskornova er egentleg ein topp som er litt stemoderleg behandla. Litt løynd og kanskje ikkje så kjend. Den er grei å gå opp frå Rivedalssida. Både frå demma og frå Rivedalsstølen. Toppen har suveren utsikt mot Dalsfjordområdet. Også mot Rivedalsstølen og Rivedal. Sjølve DNT-ruta frå Stongfjorden til Nipebu går på nordsida. Så her er det ikkje noko særleg utsikt før du kjem aust til Røyrbotnholten. No gjekk eg ned nordsida i dag og gjekk deler av ruta vest til Langevatnet. Deretter opp austsida av Hekkelfjellet.     

Hekkelfjellet var post på TiTur Dalsfjorden i fjor. Her er det framleis godt merka sti ned til Bakkestølen og Boge/Kleppensstølen, og vidare til vassverket. Eg følgde denne ned igjen. Diverre hadde det på dette tidspunkt skya til i dag, og vinden tok faktisk ganske godt (sjekk video). Eg måtte fram med varme klede og hue. Noko som er viktig å ha med seg i sekken framover. 

Fantastisk flott runde dette i dag. Sjå kart under. 

Foto Bakkefjellet Blåfjellssåta Blåfjellet Smørskornova Hekkelfjellet 010920