lørdag 18. januar 2020

Dørstokkmila





Etter ein lengre trilletur i dag tidleg med Solveig, 10 mnd, rakk eg ein tur oppom Størdalsstauren. Så var det gebursdagfeiring av Håkon, 3 år. Solveig og Håkon er barnebarn av Olaug. 

Det var solide regnbyger på trilleturen. Men faktisk opplett opp på stauren. Ok, vått og skite då. Tung myr deler av stien oppover. Men god trim iallefall. Cluet er i grunn å kle seg og komme seg ut. Altså soga om den berømte dørstokkmila. I desse dagar nyttar det lite å sitte inne og vente på sola...


fredag 17. januar 2020

Ei kjensle av vår...



Eg var ein rask tur på Bakkefjellet i dag tidleg før helgebesøket i frå Bergen kom fram til oss. Mildt, vind, men opplett. Nesten ei kjensle av vår i lufta. Seinare på dag på trilletur i Stongfjorden rundt, fekk eg endå meir vårfornemming. 9 varmegrader og fønvind.  Vel, som nemnt i går - det er sikkert for tidleg å ta vår i sin munn. Flott er det iallefall. Om sola aldri så mykje glimrar med sitt fråver. 




torsdag 16. januar 2020

Rette vegen



Jammen var det friskt på Høgeheia i dag - òg...! Så slik går visst januar i år. Det fine vintervèret lèt iallefall vente på seg - om det i heile teke kjem i år. 

Vel, vel sola stig på himmelen for kvar dag. Utan at vi ser det. Og sjølv om det er for tidleg å tenkje på vår, går det no rette vegen... Og som tidlegare nemnt - Rhodos-turen er no i boks. Så sol skal det bli!

tirsdag 14. januar 2020

Heftig i Fossedalen

Utsikt frå Brendeheiknappen 14/1-20

Søndre Kringla frå Brendeheiknappen

Fløyen og Nedre Fossedal

Nedre Fossedal 14/1-20

Fossedalsfossen i all si prakt i dag
  
Fossevikja i ruskevèr


I skitvèret i dag køyrde eg til Dale og gjekk ruta frå Otterstein til Brendeheiknappen. Eg ville sjå litt på merkinga som går opp hit. Ruta er forøvrig merka vidare til Massbu (det står skilt ved ELRAKI-hytta merka Massbu). Brendeheiknappen er som tidlegare nemnt ein av postane på TiTur Dalsfjorden til våren. På returen gjekk eg utom Nedre Fossedal. 

Ei god haglebyge i Nedre Fossedal i dag

I dag kan eg vel skrive at Fossedalen bar sitt namn med rette. Det var vått. Veldig vått. Spesielt opp og austover til Brendeheiknappen. Elvar i alle størrelsar. Overalt. Og som eg skreiv i eit blogginnlegg 30.desember  - passasjen over Steinelva bør sikrast. I dag måtte ein ha god steglengde, balanse og vasstette sko for å kome seg tørrskodd over. Og når det til våren kjem folk opp hit med ulike forutsetningar for å passere strie elvar, ja så bør dette fiksast. (Ruta er som sagt T-merka...)
 



Elles er stien bra synbar. Vardane står. Men litt remerking av T-ar må til etter slitasje av vèr og vind. Når ein gong vèret lettar. For som sagt - i dag var det ganske ruskut - kuling og haglebyger - og eit par tordenskrall. Med litt opplett inn i mellom. Uansett - det er ein flott tur på Brendeheiknappen. Turfolk har ein nydeleg turpost å sjå fram til på TiTur Dalsfjorden til våren. 

mandag 13. januar 2020

Små pensjonistmøte

Nokre striper sol rundt Lihesten (mobilfoto)

Blåfjellet i dag - forblåst og grått!

Etter ei opprydding i kjellaren vart det eit besøk hjå gjenbruksstasjonen på Olsetvikane i dag. Der opnar ein klokka 12. Og for tredje gong har det såleis passa godt med ein tur på Blåfjellet først. Fint å kombinere fleire ærend når ein først køyrer nedover. 

På Blåfjellet møter eg alltid einkvan. I dag reine pensjonistmøta. For Gunnar A. møtte eg oppe på toppen. I stiv kuling. Han på veg ned og eg nesten oppe. Vi hauka litt til kvarandre i kulingkasta, men som eg sa til han etter eit lite bèl "her er ikkje verandes for folk"... Så opp på toppen - namnet i boka - og eit par knips med mobilen - for som sagt...😊

Nede ved skoggrensa i lunare lende traff eg så på Ingvar S. på veg oppover. Vi fekk oss ein liten prat i lag. Om pensjonisttilvære og anna. Han fekk mint meg på den flotte turen vi hadde på Blegja frå Fossedalen i 2009 i regi av turlaget. Agnar og eg som turleiarar. Den turen vil eg nesten kalle for ein klassikar. Fotoalbum her. Fleire av turdeltakarane hadde aldri vore der før. 

Asbjørn Igelkjøn, Norleif Erdal
og Ingvar Solheim på Blegja i 2009


Ja, tida går. Og minnene er viktige å ta vare på. Og ikkje minst viktig er det å halde seg i form for å oppleve fleire. Som friske pensjonistar har vi rikeleg tid til det. 

søndag 12. januar 2020

Sviande hagl

Tøft med vind og hagl på Toreheia i dag

Månen i nordvest ovanfor Rinda

Standardturen på Toreheia i dag via Krikavatnet gav heftige vindkuler og sviande hagl i fjeset. Godt med brillar i sekken då! Elles veldig vått. Som rimeleg er. Temmeleg hustrig å skifte klede på toppen då vinden kom i frå alle retningar. Trass i den store varden tok vinden godt i den nakne skrotten 😰

I dag sprang eg ned igjen same vegen. Om ikkje akkurat som tykjen sjølv då. Heim til dusjen og omnen... 😅



fredag 10. januar 2020

Så då så...

Sola går i hav ved Værlandet i ettermiddag

Ei openbaring på veg oppover...

Så var eg der igjen...

Eg såg i sola i dag òg eg...

Etter eit oppdrag på nokre timar i Førde i dag, rakk eg ein tur ut i Holevika og oppom Høgeheia før det vart mørkt. Retteleg fint var det. Solnedgang og greier. Og rett før neste lågtrykk med regn og uvèr. Ja, her gjeld det å nytte den stunda ein får inn mellom alt skitvèret. I går var eg forresten ein tur oppom Blåfjellet nede i Askvoll òg. 

I kveld får eg sette på noko wash-in impregnering av ytterklede og puss av sko. Klar til bløyta i helga. Så var det det der med håp i hangande snøre då... og tolmod er ein dyd! Vel, det snur vel ein gong. Men eg har no sett sola i dag òg eg - så då så... 


Blåfjellet 090120

tirsdag 7. januar 2020

Uvèr


Bakkefjellet 7/1

Mykje dårleg vèr om dagen. Men eg har kome meg eit par turar ut siste dagane òg. Inn at i mylja som vi sa før i tida.... Nokre pene naturbilder blir det difor smått med. Litt knips og snutt med mobiltelefonen. 

Vi får berre stålsette oss og "sjå han av" - som dei seier der nord. Anna val finst no ikkje heller. 



Høgeheia 6/1



lørdag 4. januar 2020

Lysshow

Furefjellet

Sola står over Dokka og Askvoll-fjella i sør



 
Granesundet t.v.

Flott lysshow på Høgeheia og Furefjellet i dag. Nok ein gong heldig med opplett og sol inn mellom hagl- og sluddbygene frå nord. Men ganske frisk vind. Som vanleg her ute ytst mot Nordsjøen. Vindtett og ull er tingen. Eg har tidlegare nemnt mange gonger at det er flotte forhold for fotturar her ute heile året. 

fredag 3. januar 2020

Flaks med vèrvindauge


Å hei kor er det vel friskt og lett opp på fjellet...

Svartevatnet


Hamra, vått og snaublese på fjellet no

Dei siste dagane har det ikkje akkurat vore noko særleg vèr til å gå i fjellet. Likevel har eg vore eit par turar på Høgeheia utan å ha blogga dette. Likeeins joggetur inn Solsidevegen og forbi Blomberg og langs asfalten heim igjen. Så ein viss aktivitet har det vore om vèret har vore dårleg. 

I dag hadde eg flaks og fekk eit lite vèrvindauge på føremiddagen. Så då stakk eg ein nyttårstur på Toreheia. Det heldt akkurat med vèret. Sånn nokolunde. Noko snødrev og kuling, men egentleg heilt greitt. At det hadde gått ei kule varmt, eller helst kaldt, der oppe siste dagane, var lett å sjå. Vinden hadde hamra landskapet og snaublese alt. I skrivande stund haglar det og bles så huset ristar. Så ja - i dag hadde eg flaks der oppe ... Alltid kjekt når timevarsla for vèret held stikk...😃