Kalde, men framleis med humøret intakt og ved godt mot...Nydeleg utsikt mot m.a. Rørvika, Vevring og FørdefjordenVi ser m.a. Moldura og Skålefjellet bakerst og Fossedalshengenipa og Eitrenipa framme. Blåegga utover t.v. Bildet er teke m/zoomVèret såg veldig bra ut frå morgonen av i dag heime. Knapt ei sky på himmelen, men med mykje dogg og kun 8 varmegrader. Det såg ut til å bli ein fantastisk dag. Meldingane lova jo det òg... Men då Olaug og eg kom inn i Rørvika, låg det skodde oppe i Blegja. Eg rekna det nesten som sikkert at den fòr innan vi var komne opp der.
Det gjekk greitt oppover. Flott temperatur å gå i. Og Olaug hang bra på... Men då sola glimra med sitt fråver bak eit ganske tjukt skylag oppe under Rørviknipa, vart det fort ganske kaldt. Eg hadde teke med minimalt med klede og gjekk som vanleg i berre shortsen. Så vi måtte gje bra på opp heile ura rett og slett for å halde varmen. Oppe under topp-platået låg skodda. Rett nok kom og gjekk den litt. Men den såg ikkje ut til å ville lette på ei stund som eg tidlegare hadde trudd. Det var likevel aldri eit alternativ å snu utan å ha vore på toppen...
Noko langt opphald vart det likevel ikkje i dag. Til det var det som sagt altfor kaldt. Og vi såg jo ingen ting heller. Det var berre å komme seg ned under skoddelaget igjen fortare enn svint.
Midt nede i ura igjen, trudde eg knapt mine eigne auger. Det kom eit par oppover og utruleg nok viste det seg å vere syster mi, Mildrid og svogeren min, Sigmund, frå Dale. Utan at vi var klar over kvarandre... Vi fekk oss ei god overrasking alle fire! Dei hadde gått frå Standnes og direkte opp på Likkjeblegja. Bratt og hardt. Vi slo av nokre ord der i ura, men det var verken tid eller stad for noko vidløftige greier...:-)
Vel nede under Nipevatnet igjen, vart det mykje betre temperatur. Ura ned hadde gått heilt fint. I partiet under hytta var det enormt med blåbær. Svære bær! Olaug overdriv sjeldan, men i dag påsto ho blåbæra var store som plommer... Det var vel å ta litt hardt i.. Vi plukka opp i ein ganske stor plastpose på nokre minuttar.
Litt lenger nede vart vi ståande å prate med eit par frå Solheimsdalen som var på veg oppover. Det var mindre folk på tur i dag enn dei førre gongene. Kanskje hadde det med eit visst OL-gull handballdamene cruisa inn til? Men det kunne sjølvsagt ikkje stoppe Olaug og meg...
MMS: Marka er vindtørka på Fristadfjellet. Dale t.h. bak.I jobbsamanheng er uttrykket måloppnåing eit mykje nytta omgrep. I dag kan eg overføre det til fjelltrimmen. Rundene eg hadde førestilt meg på førehand har eg oppfylt med turen på Fristadfjellet i ettermiddag. Ikkje at det er noko stor sak. Men det er no greitt likevel å greie det ein har sett seg føre - anten det gjeld dei eine eller det andre her i livet.
Som sagt i går så er det over ein månad til nye fjell blir lagt ut for komande sesong. Det er sjølvsagt alt for lenge å sitte i ro:-) Så vi får stå på endå nokre hakk og halde formen ved like, sjølv om intensiteten skulle falle litt. Kanskje ikke så dumt. Kroppen er noko tappa etterkvart...
Det vart ein rask og fin tur opp og jogg ned igjen. Enkelt. Og så nådde eg heim til fruen fòr på revy på Atløyna... Kanskje eit poeng å hente heime òg då...:-)
Frå Driveknolten i kveld. I kveld vart eg ferdig med den målsettinga eg hadde sett meg med antal gonger på Driveknolten. Men endå er det over ein heil månad til dei nye postane for neste sesong blir lagt ut... Spørst om eg klarar å halde meg heilt vekke der i frå...:-)
Det var litt snodig å møte Olaug og Magni på returen deira på Hundeheia, og eg skulle hin vegen... Hei og hada til fruen oppe på fjellet var litt rart...:-) Grunnen var jo at eg kom frå jobb og dei hadde fri. Ikkje verre enn det.
Tørt, fint og herleg haustdrag i lufta. Lett å puste. Berre å gje på! Og det gjekk unna inn... Ei god kjensle! Eg søkte fram på sør- toppen i dag òg, fekk teke nokre bilder av Dale og Dalsfjorden, Bortheimsvika og skjeloppdrettet. Reidun på jobb ynskte det...:-)
Kjekt å sjå alle sauene til Tjugen inne på Heileberget, tillitsfulle og i god stand med store lam. Ser ut som dei kjenner meg etterkvart - kanskje på lukta...? Kven veit...:-)
Nok ein nydeleg og stille kveld, der fjell og landskap låg spegla i fjord og tjern. Draumekveldar i fargeprakt... som teke ut frå eventyr... Ein nytelse!
Frå turen til Driveknolten i gårFrå Fristadfjellet i kveld.Det vart akkurat tid til ein svipptur på Fristadfjellet i ettermiddag, før fruen skulle på møte og klubb. Tørt og fint oppover. Lett i joggesko...ja, og i berre shortsen...:-) Elva gjennom Askdalen er berre ei lita sitle. Og det er stort sett slik den har vore i sommar. Det må då ha vore veldig tørt denne sommaren...? Ja, utan om rotbløytene eg fekk på Nipebu eit par gonger... Dei var jo ekstreme hin vegen...
Det er allereie kome mykje haustfargar på fjellet her nede òg.. Graset er gult og vindtørka. Blåbærlyngen raud.
Fristadfjellet er egentleg ganske greitt å gå. Får god tenning opp og kan jogge ned igjen. God trim!
Frå Driveknolten i går kveldDet vart ein nydeleg tur på Driveknolten på Heileberget i går kveld. Tok òg turen bort på den andre knolten der det er utsikt over Dale. Bygda låg så fredeleg nede ved den stille fjorden i kveldinga. Stille, så stille! Kun nokre sauebjøller kunne såvidt høyrast i det fjerne. Til eit sjøfly passerte på veg ut Dalsfjorden under føtene mine... og til det svinga over hovudet då eg var på veg vestover igjen. Dei fekk seg nok ei panaramautsikt dei òg.
På Heileberget er det veldig som det har haustast siste tida. Det er sikkert tørkeperiodane i sommar som har gjort sitt til det. Haustfargane er i full anmarsj. I solnedgongen var det reint gyllent skjer over landskapen. Fantastisk! Så uendeleg vakkert. Men på same tid litt melankolsk. Ei grotid er over. Voksteren er slutt. No ventar det kviletid og mørke. Dei skiftande årstidene er noko av det som gjer naturen hjå oss eineståande i verdsmålestokk. Vi får sende ei takk til ein kvan som gjorde oss så heldige å få bu her....
Fristadfjellet og Dokka i midten. Blåfjellssåta stikk opp over Bakkefjellet t.h. Storehesten t.v. Jøtelshaugen og Havreheia t.h.Søndre Kringla, Blegja, Laukelandshesten og Laukelandsfossen Eitrenipa og Søndre KringlaBlegja og Laukelandsfossen.Nokre bilder frå ferjeturen Eikenes/Dale/Eikenes i går søndag. Litt artig å sjå opp på Blegja etter å ha stått på toppen lørdagen og sett ned på fjorden. Gir jo litt perspektiv...:-)
I dag mandag var eg opp på Kvamsnipa igjen på veg heim etter arbeid. Nydeleg! Fantastiske augustdagar. Stilt og flott solskinn. Kun shorts og joggesko (trur eg har gjentatt dette nokre gonger no...). Men den låge sola morgon og kveld blendar no ganske mykje. Det merka eg godt opp på Blegja lørdag og i dag. Det er difor ein fordel med caps og briller.
MMS frå Skålefjellet i kveldVi kom heim frå barnedåpen i 19.tida i kveld etter ein flott dag i Førde. Eg nådde såleis oppom Skålefjellet til ein fin kveldstur. Godt å få litt sirkulasjon i alle kakene som godgjorde seg i mageregionen...
Det var blikkstilt heilt til havs. Rett nok var det litt disig, men sola skein godt gjennom. Nokre låge skoddedottar leika seg ved Stavfjorden og nord for Alden. Det er elles tydeleg å sjå at sola ebbar ut meir vest i havet enn tidlegare i sommar. Då går den ned nord for Kinnaklova.
Elles var det kjekt å sjå i boka at det hadde vore opp ein del folk i dag. Det har jo vore ei fantastisk helg med omsyn til vèret. Ein fin sommar og ettersommar har alltid mykje å seie når det gjeld å får lada batteria til mørketida... I år har vi vel nærast fått i pose og sekk...:-)
Utsikt mot vest frå toppen av Blegja i dagAustover mot Heilevangstaurane, Likkjehesten og Storehesten i dag.Blegja, Likkjeblegja og Eitrenipa frå Kvamsnipa i dagDet vart ein fantastisk lørdag. Knallblå himmel frå morgonen av, men berre 8 grader i Stongfjorden. Det ville sjølvsagt bli varmare ut over dagen. Vi hadde fått organisert heimen slik at eg fekk gå på Blegja igjen.
Det stod allereie to bilar i Rørvika då eg kom der i halv 9 tida. Den eine såg eg var Vigdis sin. Alltid tidleg ute den jenta. Den andre kjende eg ikkje. I det eg skulle til å gå, kom ein ny bil å parkerte. Folk kjende si besøkelsestid såg det ut for.
Eg la godt i veg oppover bakkane. Friskt i shorts, gore-tex joggesko og ei tynn trøye. Eit stykke oppe i første bakkane høyrde eg prat og tok igjen to jenter som eg ikkje kjende. Eg fekk seinare vite av Vigdis at det var Katrine og Siv frå Gjelsvik skule....
Det var heilt klart haust i lufta lenger oppe under Rørviknipa. Friskt drag i den klåre lufta. God sikt vestover til havs og mot Eitrenipa. Lange skuggar frå ei sol som til tider var plagsomt låg og blendande for auga. Mot toppen og lenger oppe i ura, hadde det vore frost i løpet av natta. Eit fuktig lag med væte, som var smelta på morgonen, gjorde det glatt enkelte plassar der sola ikkje hadde kome til. Obs og obs! Fleire gonger glei eg på steinane. Og knærna ser i kveld ut som dei har vore angripne av ein villkatt. Det er dessutan veldig lett å trakke på kantane av stein og heller som slær opp i anklane og leggene. Har fleire småkutt av dette òg.. Dette er litt av prisen...
Mot siste delen av ura mot toppen, dukka Vigdis opp på returen sin. Vi slo av nokre ord der oppe før eg gjekk opp siste biten. Klokka passerte akkurat 10 då eg kom oppe på platået. Ny pers... Det var lite vind, men litt meir skyer etterkvart. Heldigvis hadde eg ny trøye med meg. Den eg gjekk i var sjølvsagt gjennomvåt... Eg åt ei banan, skifta sokkar og tok nokre bilder, før det bar ned igjen same vegen frå vestkanten av platået.
Vigdis såg eg ikkje att. Men eg traff Katrine og Siv midt nede i ura. Still going strong...! Og heile vegen til Rørvika igjen ploppa det opp med folk, som regel to og to. Blegja er visst populær om dagen. Kjekt er det!
Turen ned gjekk greitt. Eg tok det relativt roleg. Hastverk ned igjen ura er litt skummelt. Eit par skrammer vart det likevel på knærna. Men det er peanuts....
Eg følte meg framleis i veldig fin form då eg kom i Rørvika igjen. Eg bestemte meg difor å stikke oppom Skjerlia og Kvamsnipa sidan eg hadde så god tid og var i traktene. Klokka var heller ikkje meir enn vel 12.
Fin og grei tur opp dit òg. Som vanleg. Ikkje så mykje å skrive om den. Men litt spesielt var det å stå på toppen å skue rett austover og bort igjen på Blegja. Blegja virkar både imponerande og staseleg frå Kvamsnipa. Og eg hadde nett vore der... òg...!
Motiv vestover frå toppen av ura og kanten av topplatået på Blegja Eg hadde ei artig oppleving på veg til arbeid i dag. Og det her er mat for Arild G. For det her handlar nemleg om hjort. Akkurat det er jo ikkje så uvanleg. Eg held jo på å køyre på rasen til dagen til og frå arbeid. Og av og til slær eg likegodt av ein prat med dyr som ikkje vil flytte seg. Det virkar nesten som dei blir tamare for kvart år.
På toppen av Ulveskaret, eit par hundre meter frå krysset til Kvammen, står det ein kronhjort, 6 taggar eller noko slikt, og ei kolle i dag tidleg. For dei som er litt kjende her, veit at vegen er oversikteleg. Eg ser dei difor på lang lei, der dei roleg går spaserande i vegbana. Når eg så køyrer bilen nesten heilt fram til dei, tuslar dei ut av vegen. Det går eit gjerde på venstre sida av vegen her med flate bøen på hi sida. Eg ser kolla som nesten står i ro, byks til over gjerdet. Berre med det resultat at ho trynar i toppen på gjerdet og dett som ein tomsekk ned på hi sida. Og dyret ser eg ikkje igjen. Og ho dukkar ikkje opp igjen! Eg set difor bilen i revers for å sjå korleis dette gjekk. Hjorten kunne jo ha skada seg i framføtene eller eit kvart... Men heldigvis, i det eg kjem bort og skal gå ut av bilen, har hjorten stabla seg på føtene igjen og tuslar litt slukøyrde bortetter bøen etter kronhjorten.
Eg måtte nesten fline litt med meg sjølv. Hjorten virka omlag som ein høgdehoppar etter å ha rive tredje forsøket i høgde... Skuffa, såra og vonbroten, kanskje litt flau i blikket ho sende meg òg... ja øyra hang til og med...! Eg fekk nesten eit personleg forhold til stakkaren etter dei få sekunda dette stod på.. Det var ei merkeleg oppleving.
Elles var eg ein rask tur oppom Kvamsnipa på veg heim igjen frå arbeid. Fekk såleis fullført ei ny runde i fjelltrimmen.
Kva det blir til i morgon, er i skrivande stund ikkje heilt klarlagt. Kjempeflotte meldingar er det iallefall til helga. Det kan bli Blegja - igjen - hvis organiseringa går i orden...:-) Men søndagen går iallefall med til barnedåp i Førde på tvillingane eg er bestefar til.
Skålefjellet frå altanen kl 21.18 i kveldMMS frå Skålefjellet kl 19.00 i kveldMarie vart heime med Peter i kveld, slik at fruen i huset slo følgje med meg på Skålefjellet. For å skryte litt, så må eg seie at ho er i god form. Ja, mykje betre enn sommaren for 10 år sidan då eg traff ho. Pr. i dag kan eg vel nesten seie det same om meg sjølv... Verden går jo framover:-)
Det bles ganske kald nordavind på toppen. Men det gjekk greitt i berre shortsen i dag òg. Kroppen blir vel herda av det her etterkvart:-) Olaug fraus. Så eit par knips med mobilen var alt vi gav oss tid til. Og ned igjen bar det same vegen. Fin kveldssol i Gjerdedalen.
Det haustast for kvar dag oppe i fjellet. Både lyng og gras har gulna mykje i det siste. Snart er det kviletid. Vekstsesongane tek fortare og fortare slutt - eller har det heller noko med alderen min å gjere...? Vel, alt er relativt visst...