Fabelaktig rein vintertur på Høgeheia i dag. Drivande kvit nysnø. Og vintersol! Men det såg ikkja akkurat slik ut då eg starta. Det snøa nemleg ganske heftig då eg tok av garde frå Holevika. Opp gjennom "stien" låg det vel 15 cm snø eller noko slikt. Akkurat slik at råsa oppover var synbar. For sikkerhets skuld hadde eg teke på meg brodddane då eg starta for det låg is under nysnøen.
Oppe ved julegrana som Anita og Dag Tore har pynta så eg at det lysna i nord. Suverent! Og lenger oppe i bakkane møtte eg vintersola...
|
Anita og Dag Tore har pynta julegran ved stien til Høgeheia - her i eit godt lag med nysnø ...det skin av sol i nord... |
Ja, bakkane låg bada i dei flottaste vinterstrålar du kan tenkje deg. I tillegg var det heilt vindstille! Snakk om flaks. For lenger ute i havet låg det heftige snøbyger. Reint spanande om dei ville nå inn medan eg var oppe på toppen. Men det gjekk heilt supert. Bygene heldt seg unna! Og eg fekk ei herleg stund på toppen. Ned igjen var det rein moro i snøen.
For ein flott tur dette var i dag. I det flottaste eventyrlandskap!
Foto Høgeheia 071222