Værlandet frå Ystenova på Alden |
Eg nemnde såvidt Alden i blogginnlegget frå Atløyna i går. Så eg samla like godt i hop nokre bilder her i frå òg. Eit par bilder er tekne frå Ystenova og utover mot Værlandet. Toppen her vest er gjerne mindre besøkt enn Instenova (hovudbildet på videoen). Her er òg nokre bilder tekne frå sjøkanten.
Alden, eller Norske Hesten, treng vel ingen nærare presentasjon. Den er seglingsmerke på kyststrekninga vår, og er synleg meir enn 100 kilometer til havs. Med si karakteristiske form ser ein nesten Alden frå alle fjell i Sogn og Fjordane. Du finn beskrivelsar av Alden overalt på nettet. Mellom anna på ut.no og på visit.askvoll. På Værlandet Havhotell kan du bestille Aldenpakken med overnatting og transport. Her har du havutsikt frå alle rom og Alden som "næraste nabo"...
På Alden har du fantastisk utsikt i alle himmelretningar. Solnedgangen er utruleg vakker. Og turen opp er noko folk i alle aldrar maktar - iallefall om ein tek tida litt til hjelp. Som Atløyna er Alden vel verdt eit besøk i sommar.
Musikk: "Laugh and cry" - The Mini Vandals