Frå oppstigninga til Ytrevågefjellet
Etter at Peter og eg kom heim igjen frå overnattingsbesøk hjå foreldra mine i Dale og diverse julebesøk, stakk eg på Ytrevågefjellet igjen. Nok ein omgang med snø og vind hadde viska ut alle spor frå i går oppe på fjellet. Og som førre dagane var vèret veldig skiftande. Frå ei låg vintersol over Skålefjellet til reinaste white-outen på toppen. Ein periode såg eg faktisk berre rett framfor føtene... Nokon verande plass var det difor ikkje på toppen. Rett opp og ned igjen som dei andre dagene.
| Fra Ytrevågefjellet 181211 |
2 kommentarer:
Fantastiske bilder Gustav, litt av en fargesprakendes himmel i innleggene under her også. Mange flotte vintermotiv! Sprek sønn du har, ligger vel i genene :D
Kos deg til fjells, fått bra med snø ser jeg :)
Takk Eli Kristin. Fin du som legg igjen kommentarar slik...;-)
Når det gjeld han son min, så håpar eg å få opp kondisjonen på han. Peter blir 12 til våren, og burde snart halde følgje med han halvgamle faren...;-)
Legg inn en kommentar