Utsikt frå Den Nationale Scene i Bergen lørdag kl 17.38
A walk in the park
Det vart som nemnt lite fjell i helga. Men ei dessto meir familienær helg. Olaug, Peter og eg budde hjå Kirsten (søster til Olaug) og Arnt i Åsane. Sedvanleg shoppingrunde på Ikea og Åsane senter på lørdags-føremiddag. Og avslutning av dagen med bytur, og teaterframsyninga "Peder Påske" av Stålesen om kvelden. Peter fekk besøke Markus, kompisen, på Eidsvåg i fleire timar. Og lørdagskvelden, Helge, son til Kirsten og Arnt. Perfekt for han.
Fint vèr, utekonsert for krafttak mot kreft, buekorps og mykje folk ute, gjorde marshelga flott og vårleg. Takk til vertskapet for ei kjekk helg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar