Soloppgang over Blegja 6/3 frå Gjelsvikefjellet
Lite fjell å rapportere om dei to siste dagane. Vèret har vore mildt sagt elendig med mykje vind og nedbør, så no får vi håpe på betre tider. Eg kan heller rapportere om bruk av 75 kg solsikkefrø til fuglane "mine" på Yndestad. Det er greitt å handle 25 kg sekker på Felleskjøpet. Litt kostnad er det med det. Men kjekt å sjå at fuglane trivst og har det godt, trass ein lang og hard vinter.
Songsvanene i Sagevatnet i Rørvika har det bra òg. Eg matar dei regelmessig på veg heim frå jobb. Brødkuttaren på Coop`en i Førde har alltid skalkar og skiver i avkappskuffa som eg bryt opp og serverer. Eg innbiller meg at dei syng eit stille "HURRA" når dei ser den blå bilen stoppe... Dei er nok sikkert glade svanene òg at det lir mot vår.
Elles er det berre å gratulère alle jenter med dagen! Hipp hurra for alle jenter....:-)
Elles er det berre å gratulère alle jenter med dagen! Hipp hurra for alle jenter....:-)
2 kommentarer:
Plystrar du når du er ute og går:)
Det hender, men kanskje nynnar eg mest...:-)
Legg inn en kommentar