søndag 6. mars 2011

Tidleg morgon på Gjelsvikefjellet

Gjelsvikefjellet i dag tidleg

For at Olaug skulle få gå tur med Anne og Audun på Jamneheia, ordna eg meg slik at eg reiste på Gjelsvikefjellet klokka 07 i dag tidleg. Fantastisk flott morgon med minus 5 grader og stille. Det hadde kome eit lite dryss av tørr nysnø i løpet av natta. Det flotte med desse minusgradene var at snøen opp gjennom Fesselia og heilt til topps var såpass hard at den var perfekt å gå på berre i sko. Så sjølv om eg hadde trugane med meg, tok eg dei ikkje i bruk. 

Eg gjekk berre i ei tynn Devold ulltrøye under den lette og syltynne skalljakka. Kulden reiv godt i kroppen då eg gjekk ut av bilen, men etter eit kvarters tid var det heilt supert med så lite klede. Eg kunne berre fosse på opp gjennom lia og til topps. Her skifta eg på meg ei tynn dunjakke i tillegg til ei nye ulltrøye. Perfekt! 


Eg knipsa villig vekk soloppgangen ved Blegja, Førdefjordsia i nord, mot Markavatnet, Portafjellet, Middagsnipa og øyane i vest. Det er flott utsikt frå Gjelsvikefjellet, sjølv om toppartiet er ganske flatt. I god fart bar det deretter ned igjen same vegen.


Eg tok nokre bilder ned igjen òg, for no var det litt meir lys enn i stad. Det vart reine påskestemninga ein tidleg morgon. Eg stoppa for å ta meg nokre slurkar vatn i elva ved Selvikestølen. Her hadde frosten laga nokre kunstferdige istappar som måtte forevigast. 

 Nokre kalde slurkar vatn ved desse istappane gjorde seg...

Etter det sprang eg heile lia til bilen igjen, slik at fruen fekk kome seg til fjells òg.... Og nokre minuttar deretter køyrde eg Peter på gutebesøk i Grimelia...:-)  Så då var det berre å få stelt seg litt og gjere seg klar for fem mila i VM.

Fra Gjelsvikefjellet 060311

Ingen kommentarer: