Fra Toreheia 090210 |
tirsdag 9. februar 2010
Toreheia by night
Frå toppen av Toreheia i kveld kl 18.31. Bildet er teke med 30 sekund lukketid og innstilling for stjernehimmel..:-)
Foto frå bakken nedom Krikavatnet kl 17.55.
Magisk tur på Toreheia i kveld. Praktfulle forhold. Med ein himmel i vest som sjølv gudane ville vere stolte av. Oransje, blått, fiolett, raudt, rosa - berre flotte fargar. Ramma inn av den kvite snøen. Bilda fortel vel si eiga historie utan for mange ord...
Sjølve turen skriv eg difor ikkje noko særleg om i kveld. Den drukna liksom i lysorgien der ute i vest. Men det ligg lite snø att oppe i høgda, så eg valde ei litt anna rute opp og ned der det låg meir snø. Eg nådde faktisk heilt opp på toppen etter arbed i dag utan bruk av hovudlykt, men ned igjen måtte ho på.
Fantastisk tur. Er vel ikkje meir å seie om det. Rart ikkje fleire kjenner si besøkelsestid...!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar