Foto på Toreheia i føremiddag
Han kosta 7-timars turen i går. Eg var lemster i skuldrane, møyr i kroppen og gruggen i målet i dag tidleg. Så eg funderte på å ta det heilt med ro. Men når det lei til klokka 10 fann eg ut at å staure i dørene heime ein heil søndag - der gjekk grensa. Med minus 8 grader ute og frisk austavind reiv det godt i lufta ute på trappa. Så det var berre å ta med seg godt med klede i sekken.Ovanfor Rinda måtte eg dekke til ansiktet. Austavinden var som knivar i kjakane. Og ei ekstra hue utanpå den vindtette gjorde godt. Og på toppen skifta eg alt på overkroppen. Herleg avriving bak varden og dessto betre å få på seg gode og varme klede etterpå. Dette er kanskje same feelingen som det isbadarane våre har? I mindre målestokk då...
Ned igjen gjekk det rimeleg fort. Men skare, skavlar og laussnø gjer det ikkje heilt enkelt å renne. Ein blir fort gelè i føtene. Og eit par, tre meir eller mindre kontrollerte fall som resultat.
Nede om Rinda, der det går over "kular, steinar og staup" trefte eg Nina H. Åleine. Frisk dame på veg oppover same vegen eg kom. Vi slo av prat ilag. Det er kjekt å treffe likesinna på tur. Alltid positive og kjekke folk som går tur i fjellet. Eg trur turfolk klagar og syt mindre enn dei som sit heime...!
Fra Toreheia 210210 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar