Flott vestaraude frå Toreheia i kveld
Det var ein veldig flott ettermiddag å kome heim til i dag. Og lysta etter å få bevege seg var intens. Mange timar på kontorstolen skaper ofte den kjensla. Så eg tok like godt opp igjen på Toreheia i dag òg.
Det er fantastisk fine solnedgangar her oppe. Slik òg i kveld. Nokre gamle skyer ute i vest skapte liv og dramatikk rundt den glødande kule. Eventyraktig... Eit lite lag med nysnø gjorde godt opp igjen på det harde og gamle laget av skare og`fòksnø. Den nye snøen hadde endå ikkje blese seg bort i fonner, og var flott å renne i. Eg nådde faktisk heilt forbi Rinda ned igjen, før eg måtte ha på hovudlykta. Ein kjempeflott tur igjen...:-)
Fra Toreheia 240210 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar