Fra Toreheia 121009 |
mandag 12. oktober 2009
Solnedgang på Toreheia
Utruleg vakkert på Toreheia i kveld før det vart mørkt...
Praktfull tur på Toreheia igjen i kveld. Eg tok med meg eit godt lass med refleksstenger til, og trudde det var nok. Men eg kom i manko på nokre få stykker. Det gjenstår difor å sette opp stenger i første bakken ovanfor Krækavatnet. Ein fem-seks stykker tenkje eg. Ved toppen trur eg det skal vere nok. Det får vi teste med hovudlykta med det første.
Som planlagt nådde eg opp på toppen til sola gjekk ned. Terrenget låg bada i raudleg lys. Som teke ut frå ein romantisk film. Blegja stakk opp som ein drivande kvit diamant i aust. Aldeles nydeleg. Fantastisk. Ja, her finnst vel ikkje ord...
Eg hadde med meg hovudlykta i kveld i tilfelle eg ikkje rakk ned igjen før det var mørkt. Men det heldt akkurat med lyset. Ein nydeleg tur igjen. Vi er i gang...:-))
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar