Fra Fossedalshengenipa_Smørskorsnova_Fanafjellet_Størdalsstauren 231009 |
fredag 23. oktober 2009
Kanontur
Frå toppen av Fossedalshengenipa i dag tidleg. Klokka er litt før 08...
Fantastisk fine fargar ved Nipebu i dag...
Sidan eg hadde ein feriedag i dag, bestemte eg meg for å ta morgonlyset på Fossedalshengenipa i dag tidleg. Eg stod difor opp kl 05, og var på plass ved Markavatnet ganske presis kl 06.
Turen opp med hovudlykt gjekk heilt supert. Ingen problem i det heile teke. Faktum er at eg føler det går fort når eg går med lys. Du blir jo fokusert på lysstråla og området rett fram.
Siste etappen opp hamrane, var eg begynt å sjå omgjevnadane. Og som planlagt nådde eg opp til lyset i søraust. Det vart rett nok ikkje fullt så praktfullt som dei to førre morgonane. Men likevel vart lyset suverent rundt kl 08.
Eg gjekk deretter same vegen ned igjen, runda Fossedalshengenipa og gjekk DNT-løypa mot Nipebu. Sola stod opp då eg kom fram på høgedraget på sørsida av fjellet. Perfekt morgon med utsikt bort på Nipebu, og dei solgylte fjellnabbane på sørsida av Langevatnet.
Eg tok meg ein liten rast på Nipebu. Skreiv meg inn i besøksprotokollen. Tok meg eit eple og fotograferte litt. Deretter bar det ut sørsida av vatnet, og DNT-ruta mot Stongfjorden.
Eit av siktemåla var den nye fjelltrimposten på Smørskorsnova. Det er jo eit godt stykke ut hit frå Nipebu. Vèret vart vel ikkje heilt slik eg hadde føretilt meg. Sola forsvann rimeleg fort og vart avløyst av blytunge skyer. Vinden tok litt forskjellig. Det er sjølvsagt veldig viktig å regulere kroppsvarmen etterkvart som ting endrar seg. Så ein verken går seg altfor varm eller blir kald.
Eg skreiv meg inn i boka på Smørskorsnova ca kl 11.30, etter ein veldig flott og grei tur vestover heile fjellmassivet. Det er rimeleg tungt terreng. Kupert. Ruta går m.a sør om Vardenova, Nyksvatnet og Røyrbotnholten.
Men eg var endå i vesterveg. I enden av Langevatnet (sør om Svædalen) tok eg meg ein god pause, fekk skifta nokre klede og fylt på med mat og væske. Det er ein nydeleg plass å ta seg ein rast her ved utløpet av vatnet. Elva som renn ut her, renn vidare ned i Svelivatna.
Med ny energi innabords, bar det vidare ut til Siklabergvatna, sørsida av Svarthamrane og forbi toppen på Mannskaret. Her er det fin utsikt, først ned til Holmedal og Dalsfjorden, og så til Stongfjorden og Førdefjorden. Her er faktisk ein plass vi ser alle tre fjordane. Og det er eg sanneleg ikkje sikker på om ein gjer nokon annan stad....
Fanafjellet var neste post. Her ute var det begynt å drople litt. I tillegg bles det ganske bra. Men det gjekk heilt fint. Her ute bestemte eg meg like godt for å gå ut på Størdalsstauren òg. For å gjere det fullkomment...:-)
Ut på Stauren kom eg litt før kl 14. Tok opp ein snutt her ute òg. Kjempeflott. Det er suveren utsikt mot m.a. ytst i Stongfjorden, Alden, øyane i Florø, Toreheia og heim til Yndestad. Turen ned til bygda igjen tok eg mot Stafsnes. Ned skaret vi gjekk hitt året. Verste stykket stod likevel igjen - asfalten heim til hi sida av fjorden. Det tok nesten ein time....
Alt i alt var det ein kjempetur i dag. Ganske nøyaktig 10 timar var eg undervegs... Men forma er framleis god...og helga har nett starta...:-))
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Skjønner det er noen som har hatt en super fredag! Jeg stakk på Eikefjordstøylen rett etter jobb idag, det gjorde jammen godt. En herlig start på helga! :D
God helg - det blir vel flere utfarter de neste dagene også! :P
Legg inn en kommentar