Fra Heime & Høgeheia 091009 |
fredag 9. oktober 2009
Hello old friend
Bilder mot Florø og Alden frå Høgeheia på Staveneset i dag tidleg...
Må vel ha lov å kalle det flaks at eg skulle få ein slik flott feriedag i dag. Eit skudd i blinde kan eg vel seie. No tok eg rett nok fri for å vere heime med Peter, men stakk av ei stund i full forståing med han. Guten ville heller sirkulere litt fram og tilbake med nabojentene, som òg var heime frå skulen, enn å vere med faren på Høgeheia.
Rart å tenke på at det er akkurat eitt år sidan eg starta å gå på Høgeheia for fullt. Det vart nesten kvar dag eller kveld ein periode på nokre månader. For det meste med hovudlykt.
No er det ei god stund sidan eg har og gått her ute. I dag tidleg var det nesten kort opp, tykte eg. På toppen på ein-to-tre. Piece og cake, heiter det vel på godt norsk. Det gjekk adskilleg tyngre i snø, bløyte og is forrige vinter.
Kjekt er det å sjå av vèrmeldingane i morgon ser nokolunde ok ut. Har nemleg tenkt meg på Blegja å skifte ut turboka. 8-10 minusgrader ser eg på nettet. Og ein god del snø ligg der oppe. Kan bli ei lita utfordring av den vinterbestigninga... Får finne fram litt gåsedun tenkje eg...:-))
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar