Fra Toreheia 131009 |
tirsdag 13. oktober 2009
Ferdig merka på Toreheia
Kveldsbilder frå Toreheia i kveld
Eg gjekk opp på Toreheia tredje dagen på rad i ettermiddag. Nok ein nydeleg kveld der oppe. Eg tok med meg resten av lageret med refleksstenger og fekk dei plasserte ut. Så no skulle alt vere klart for natterangling...:-)
Som sagt før, så må ein nok vurdere veir og vind kor tid ein vil ta avgarde. Det er høgt og utsett for vèr og vind der oppe. Snøføyke og whiteout er ikkje alltid å spøke med. Spesielt når det elles er mørkt og ein er avhengig av lyset frå hovudlykta. Eg har ganske friskt i minne då eg gjekk meg vill i mørke og rennefòk ute på Høgeheia i vinter som var. Var ikkje noko artig då eg følte batteria på lykta var i ferd med å takke for seg og eg ikkje visste kvar eg var...
Elles var det omlag som reprise på turen i går. Litt meir skyer og ikkje nokon solnedgang å snakke om. "Når sola går ned i ein sekk er den neste dag vekk", er vel eit vèrteikna som er ganske sikkert...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar