lørdag 9. mai 2015

Merketur

Utsikt frå Gjerdebrekka

Merketur IST+Skålefjellet 
090515

Skålefjellet 

Svarthamrane og Moldura
Under Mannskaret

Ved toppen av Skålefjellet
Fast motivplass, opp
Fast motivplass, ned



Gjerdebrekka

Første T-en på ruta frå Stongfjorden til Nipebu.
Skålefjellet bak...

Heime igjen og litt anna klima enn der oppe.....
Sidan eg i går var avstad og fiksa meg ein boks Bengalack, type signalraud for DNT-merking, tok eg meg i dag ein kombinert male- og ryddetur på starten av ruta til Nipebu frå Stongfjorden. Ruta skrik etter merking. Iallefall første delen. Men no har eg fiksa dette partiet opp til Mannskaret. Så langt som til der snøen ligg, ca... Skal ta resten seinare når snøen forsvinn. Etter nokre timars jobb der oppe, ser dette partiet no bra ut, sjølv om det er både bratt og noko kronglut opp brekka.

Først gjekk eg likevel på Skålefjellet for å få litt trim, så eg sette frå meg materiellet oppe ved første elva. For i dag tok eg sjansen på å gå opp den bratte snøbakken og over hammaren. Første mann der i år... Snøen var nemleg såpass våt og skorne fekk tak. I tillegg var det kinkige punktet over sjølve hammaren snøfritt. Så det gjekk heilt greitt. Rimeleg tungt var likevel det bratte stykket ovanfor. Der ligg det endå gamal blaut - og ny snø. Trugane som eg bar med meg tok eg ikkje i bruk. Fin og produktiv tur...!




torsdag 7. mai 2015

I di eiga bukselomme...


Ved Leknesvatna dukkar synet av Blegja og Eitrenipa opp 

Ved utløpet av Svartetjørna ser vi Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla

Eitt av dei flottaste områda i Askvoll er ved Leknesvatna og Krokavatnet. Omkransa av fjella Blegja, Eitrenipa, Kringla og Fossedalshengenipa. I tillegg til dei flotte toppturane ein har her, er vatna gode fiskevatn med fin steikefisk. Turlagshytta Nipebu ligg ikkje langt unna lenger vest.
Turfolk på ruta mellom
Nipebu og Massbu 2014
Hellar nord om Svartetjørna
Fossedalshengenipa bak
I tillegg til hytta er det fleire gode hellarar ein kan overnatte under, om ein ikkje vil ta med seg telt. Men ein må sjølvsagt vere litt obs på myggen i stille vèr. Spesielt ved Krokavatnet kan det vere mykje mygg og knott. 

Sidan sommaren no nærmar seg er det berre å planlegge og utruste seg for flotte turar i dette unike turområdet rett utanfor vår eiga stovedør. Det er ingen grunn til å reise over bekken etter vatn... 
Leknesvatna
 
Steikefisk frå området




onsdag 6. mai 2015

Snøsmelting

Stor snøsmelting frå Blegja i dag tidleg syner att på dusjen frå Hundsåna...

søndag 3. mai 2015

To, tre årstider i eitt....


Where the fox goes...
Svarthamrane


Skålefjellet frå FV609

Rumpeaking
Skålefjellet i dag

Ved Botnastølsvatnet
Kvitveisen blømer



I dag tidleg gjekk eg turen opp Gjerdedalen, brekka og til Skålefjellet. Det var hard skare frå nede i brekka og heilt opp. Men det går endå ikkje an å gå opp ved første elva. Iallefall tok eg ikkje sjansen på det i dag heller pga snøforholda nedom hammaren, og ikkje minst over den... Så eg gjekk oppom andre elva som fleire gonger før i vinter/vår. Med broddar under skorne funka det heilt fint.
Det ligg adskilleg med snø her oppe endå. Den tek det nok ein god del tid endå før den forsvinn.  

Returen tok eg i dag austover og ned til Botnastølsvatnet. Her var trugane gode å ha då snøen blotna godt opp i sola. Tyngste stykket på heile turen var å gå heile vegen frå Oslandsbotnen til Osland, og FV 609 til Gjerda igjen etter bilen. Heite fjellsko og grus- og asfaltveg høver ikkje heilt godt i hop, men soleis valde eg det... Fint då å sjå skilnaden på vegetasjonen der oppe og langs vegen her nede. To forskjellige årsider, minst.... Flott tur!


Foto Skålefjellet 030515



lørdag 2. mai 2015

Snø og primula



Etter å ha vore vitne til ei skandaleavslutning av Derby i Championship måtte eg berre riste av meg skuffelsen og reise til fjells. Min gode venn Toreheia er god å ty til i så måte. Så eg la av garde det eg var god til opp gjennom bakkane. I berre joggesko gjekk det ganske så radig. 

Dei sørvende bakkane er eit nydeleg skue med primulaen i full blomst. Elles er det ein del heipiplerke å sjå i høgda no. Ein steinskvett og ei røy fekk eg òg auge på. Fantastisk fint var det, sjølv om vinden er iskald om dagen. 

fredag 1. mai 2015

Moldura & Størdalsstauren

På Størdalsstauren

Yndestad
Neset





Eg traff på Ansgar Bjarne borte på Neset i dag tidleg då eg skulle starte turen oppover på Moldura. Han hadde vore oppover i går. Etter samråd med han var eg heim att og henta trugane som eg etter litt fram og tilbake hadde valt å legge att. Men sidan det låg mykje nysnø, og skare som ikkje heldt der oppe, var dei gode å ha oppe mot toppen. Litt kald trekk og litt skyer inn i mellom, men elles ein grei og flott tur opp. Det ligg endå rikeleg med snø her oppe.

Dokka frå Moldura i dag

Eg var litt i stuss om eg skulle gå over Fanafjellet og til Skålefjellet ned igjen, men valde i staden å gå vest til Størdalsstauren. Det fekk halde. Utover hit ligg det nemleg mindre snø. Derimot har det samle seg i metervis i skjeringane lenger nede. Dette er fòksnø etter sørvestlege vindar.  Som det endå tek lang tid før blir borte. 

Fin føremiddagstur.


To bilder heime i frå i går kveld





torsdag 30. april 2015

Krattrydding 2

Området frå hi sida av fjorden. Det raude huset midt i bildet er vårt.
Krattryddinga ned t.h.
(P.S. bilde frå i haust)




Som tidlegare nemnt har eg halde på med å rydde kratt på sjøsida i bakkane nedanfor huset. (Olaug nemnde forresten i går om det var eit livstidsprosjekt eg heldt på med...:-) Men no nærmar det seg slutten. Resultatet får eg ta bilde av seinare. Men om eg torer å fyre opp dei jonsokbåla eg no har sanka i hop veit eg ikkje. Uansett har det vore greitt å fått brukt kreftene på noko anna enn å gå bakkar. Vel, det har no blitt gange opp og ned bakkar her òg, men ikkje fjell iallefall. Maks 50 moh er kanskje ikkje noko å slå i bordet med i desse tider då moh er det viktigaste målet for aktiviteten.... Det som betyr noko er no trass alt å kome seg ut og i aktivitet for oss som slit kontorstolen heile dagane. Eg kan garantere at du blir både sveitt og trøtt av krattrydding...:-) Ja, og så ser du no att kva du har brukt energien på òg...!





søndag 26. april 2015

Kontrastar






Fantastisk skiftande vèr i dag. Som eit resultat vart det utrulege kontrastfargar i blått kvitt og svart, men heime er no plenen grøn då...i det minste. For jammen var det kome 10-15 cm med nysnø igjen oppe på fjellet i dag. 

Eg kjøpte meg ny Fiskars ryddesaks hi veka. Den har eg som nemnt brukt ein heil del i bakkane mot sjøen her heime. I dag tok eg den med meg på Rinda, og rydda ein del greiner langs stien ned igjen og heim. Saksa er så god er det er moro å rydde kratt no... For å få litt mosjon var eg først ein tur oppom Skylefjellet. 


lørdag 25. april 2015

Dugnad Otterstein/Fossevika








Solid dugnadinnsats på turstien frå Otterstein til Fossevika i dag. Mykje flytting av stein og steinlegging. Diverre var vèret ikkje av det beste. Litt surt og kaldt, men regnet gav seg egentleg ganske fort då vi starta i 10-tida. Likevel var det ganske blautt og skite i stien då den består av mykje jord og mold. Vi konsentrerte oss difor som nemnt om å legge og flytte stein. Ei fin ykt med ein fin gjeng. Stien blir som tidlegare nemnt opna 31/5 i regi av Indre Sunnfjord Turlag.

fredag 24. april 2015

Krattrydding

Dale frå Heileberget
Inn fjorden frå ruta til Heileberget


Fossedalen med Fossedalsvatnet frå Kystarvstien til Heileberget med Laukelandsfossen t.h.
Fjella er f.v. Eitrenipa, N&S Kringla, Blegja, Storehesten og Laukelandshesten


Broderen på stien i fjor. Bak Eitrenipa, N&S Kringla

Utsikt frå den nye stien mot
Laukelandsfossen og Laukelandshesten
Skilting på den nye stien
Denne veka har eg hatt meg nokre kveldsøkter med rydding av kratt i bakkane ned mot sjøen her heime. Det veks skrekkeleg til. No plagar ikkje dette den vanlege utsikta frå huset, men frå kanten av plenen er det no betre utsikt til sjøkanten ca 50 meter nedom. 
Det er god mosjon i dette. Ein blir godt sveitt av klipping og saging av kratt og tre. Det gjer godt for overkroppen når ein elles sit i ro på jobb det meste av dagen. 

I morgon satsar eg på å vere med på dugnad på stien frå Otterstein til Fossevika. Det gjenstår litt plukk. Den offisielle opninga er 31.mai. Noko som er lagt inn i turkalanderen til Sogn og Fjordane turlag.