 |
Ved Leknesvatna dukkar synet av Blegja og Eitrenipa opp |
 |
Ved utløpet av Svartetjørna ser vi Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla |
Eitt av dei flottaste områda i Askvoll er ved Leknesvatna og Krokavatnet. Omkransa av fjella Blegja, Eitrenipa, Kringla og Fossedalshengenipa. I tillegg til dei flotte toppturane ein har her, er vatna gode fiskevatn med fin steikefisk. Turlagshytta Nipebu ligg ikkje langt unna lenger vest.
 |
Turfolk på ruta mellom
Nipebu og Massbu 2014 |
 |
Hellar nord om Svartetjørna
Fossedalshengenipa bak |
I tillegg til hytta er det fleire gode hellarar ein kan overnatte under, om ein ikkje vil ta med seg telt. Men ein må sjølvsagt vere litt obs på myggen i stille vèr. Spesielt ved Krokavatnet kan det vere mykje mygg og knott.
Sidan sommaren no nærmar seg er det berre å planlegge og utruste seg for flotte turar i dette unike turområdet rett utanfor vår eiga stovedør. Det er ingen grunn til å reise over bekken etter vatn...
 |
Leknesvatna |
 |
Steikefisk frå området |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar