Som eg skreiv i går skulle metallboksen eg henta frå Nerviknipa opp igjen til Ytrevågefjellet. Her fjelltrimboka venta.... Så i det praktfulle haustvèret tok eg avgarde i dag òg. Frå gruvene i Vågane der stien startar.
I dag var det som sagt heilt fantastisk. Rett nok litt disig i nord og vest. Men heilt blikkstille. Sjølv på den eksponerte toppen var det stille. Eit lite dryss nysnø vitnar om ei komande årstid. Nydeleg utsikt til Toreheia og øyriket i Florø. Og aust til den nydelege fjellrekka i kommunen.
Lett snødryss ved Ytrevågefjellet i dag - perlerekka med kjende fjell i aust....
For fjelltrimmarane er det kanskje litt greitt å vere klar over at det er noko tilgrodd opp til første høgda. Vonleg kjem dette seg når folk går til posten. Og når det går mot vinter. Ytrevågefjellet er som vi veit fint å gå på heile året. Gjerne med broddar i sekken vinterstid.
Fjelltrimsesongen på Nerviknipa var over 12.oktober. Så i dag var det tid for å hente ned boksen og boka med alle namna. Boksen skal no opp på Ytrevågefjellet der boka for komande sesong allereie er på plass. Dei nye fjelltrimpostane for sesongen 2026 var gyldige frå 12. oktober. Postane finn du med bildelinkar på YouTube i mellom anna dette blogginnlegget. Som vi veit er det ei rullering på fjelltrimpostane kvart år, der fjella igjen er gyldige for registrering kvart 7. år.
Det var flott vèr i dag. Men ganske så vått oppover. Det var godt eg tok på meg "beste" Scarpa-skoa då det òg var glatt oppe i dei bratte hamrane mot toppen! Her er det forøvrig lagt ut tau på 4 plassar til å halde seg i. Elles nydeleg på toppen der sola skein. Men nesten heile ruta ligg no unnasols. Bra det kom ein fin dag så dette vart gjort 😅
For ein del år sidan laga eg fleire seriar bilder med turfolk som eg har vore på tur saman med. Seriane er sjølvsagt ikkje uttømmande. Her er del 2 og seriane 3 & 4 av 7.
I ruskute oktoberdagar og snart vintertid kan det gjerne vere kjekt å sjå litt blide turfolk. Rett nok litt yngre enn i dag.
Etter at helgebesøket var reist, gjekk Olaug og eg den kortreiste turen frå dørgotta heime til Skylefjellet. Det er like fantastisk å kome opp på høgda ved Mangevatna kvar gong. Og gå den slake siste biten til toppen. Utsikta og roa som ein får her oppe er heilt unik. Og spesielt på ein nydeleg oktoberdag. Ja, det er nesten noko religiøst over synet - om eg får lov å bruke det utrykket.
Frå toppen er det òg nydeleg utsikt til Florøkanten og øyriket vest i havet. Og til Sunnfjords perle - Svanøy. Også innatt Førdefjorden. I aust troner Toreheia og dei flotte Krikavatna som ligg rett vest om. I sør ser vi Skålefjellet og Moldura. Mellom anna. Ja, det er praktfullt her oppe. Og ein tur alle kan gå.
Vi sat ei stund på toppen og naut utsikta før vi tusla ned att same vegen og heim. Og avslutta med eit bad i fjorden til 13 grader. Nydeleg!
For ein del år sidan laga eg fleire seriar bilder med turfolk som eg har vore på tur samand med. Frå ut på totusen talet. Seriane er sjølvsagt ikkje uttømmande. Med helga som står for døra, og elendige vèrmeldingar til søndag, så publiserer eg eit par smakebitar opp igjen i dag.
Kultingane er ein ganske enkel post. Og den som ligg nærast Askvoll sentrum. Den kan nåast frå fleire kantar. Vanlegast er likevel å parkere ovanfor kyrkja på god parkeringsplass. Her i frå føl ein skiltinga inn Askdalen mot Fristadfjellet. Kultingane ligg så rett nord for Fristadfjellet. I siste bakken opp hit tek ein av stien til Fristadfjellet og går merka sti til venstre til toppen. Lett å finne. Ut.noher.
Sjølv har eg gått ein del opp skaret i nordenden på Kyllaren. Og såleis kome opp frå aust. Det går fint, men er ikkje merka.
Som frå dei andre sentrumsnære toppane kring Askvoll sentrum er det flott utsikt. Mot vest ser vi m.a. Atløynipa, Blåfjellet, Eggene, Hjartåsen, Steinheia. I nord ligg Jamneheiane. Mot aust ser vi til Ringstad, Dokka, Moldura og inn Dalsfjorden. Sjå fotoseriar.
Flott morgontur på Ytrevågefjellet i dag. Medan sola endå skein. Litt tilvokse med gras, einer og grankvistar på det nederste partiet opp frå gruvene i Vågane.
På veg oppover er det nydeleg utsikt til Osland, Vågane og Flokeneset. Så dukkar Florø opp. Med øyriket vest i havet. Og Guleslettene med vindturbinane. Spegla seg i morgonsola frå sør. I aust dukkar perlerada av dei flottaste fjella i kommunen opp. Blegja, Eitrenipa, Fossedalshengenipa, N. & S.Kringla. Og framfor dei Portafjellet og Indrevågefjellet. I sør ser vi Vardenova, Røyrbotnholten, Skålefjellet og Moldura. Skikkeleg fin panoramautsikt med andre ord.
Og Guleslettene med vindturbinane. Spegla seg i morgonsola frå sør.
I aust dukkar perlerada av dei flottaste fjella i kommunen opp. Blegja, Eitrenipa, Fossedalshengenipa, N.& S.Kringla. Og framfor dei Portafjellet og Indrevågefjellet.
På toppen var det endå sol då vi nådde opp. Rett nok med ein frisk haustrekk. Men langt frå korleis det var hin dagen. Så fort skiftar vèret. Vi sat litt på toppen, Olaug og eg, før vi gjekk ned igjen. Sauer som vi elles såg etter var det ingen av.... Flott tur!
Fjellet er lettast tilgjengeleg ved å gå frå Rørvika eller Løvika. Frå Rørvika går stien oppom husa her. Frå Løvika ved innhegninga for sauer ved nedkøyringa av bakken. Ein kan så følge stiane her i frå og til Åsastølen og vidare opp bakken. Så finn ein Bjønnastien i skaret rett oppe i sør. Her er det tau å halde seg i for å kome seg opp. Ein må pårekne litt klyving. Så går ein vidare vestover høgdedraget til toppen.
Det er tau opp Bjønnastien...
Sjølv har eg gått fleire gonger frå Rørvika til Blegja og vest til Høgefjellet. Sjå foto mellom anna her, her og her. Og då anten via Synste Stauren eller nede frå Nipevatnet. Vidare vest mellom Tobbedalsvatnet og Blåvatnet. Rundar så Kringlefjellet. Deretter høgda nord for Bjørnastigvatnet og vest til toppen. Sjå kart her. Retur til Rørvika igjen. Ei veldig flott runde dette.
Det er eit fantastisk flott skue frå Høgefjellet i Kvammen. Nydeleg utsikt ned til Kvammen, inn og ut Førdefjorden, vest til Gjelsvikefjellet og havet og øyane her. I sør ligg Eitrenipa. Nedom i sør også Bjørnastigvatnet. Og i aust tronar Rørvikenipa, Blegja, Synste Stauren og Blåegga. Suverent med andre ord. Absolutt å anbefale 😊
Fjella vi ser frå Røyrbotnholten mot nord og aust er: Skålefjellet, Toreheia, Ytrevågefjellet, Indrevågefjellet og Vardenova. Vi ser elles Svelivatnet (Svædvatnet) frå venstre og Nyksvatnet t.h.
Røyrbotnholten i Rivedal er også ny post på fjelltrimmen for sesongen 2026. Med oppstart 12.oktober. Fjellet er nok ikkje blant dei mest kjende og besøkte i Askvoll. Men likevel eit godt turmål med flott utsikt mot Dalsfjorden og Rivedal. Sjå elles foto og beskrivelse mot nord og aust.
Fjellet er lettast tilgjengeleg frå Rivedal. Frå parkeringsplassen ved kraftverket går ein opp kraftvegen mot nord. Passerer demningen på toppen av vegen og går myrane nordover vest av Lisetstølen. Så opp bakkane der ein kryssar den T-merka stien som går austover til Nipebu. Deretter føl ein merka opp til den 607 moh høge toppen. Turen ligg inne på ut.no. Kart.
Sjølv har eg gått ein del via Osland og Svelia. Her kan ein kan gå opp skaret i enden av Svelivatnet i sør. Og gå opp frå nord. Eller følge austsida av vatnet og kome opp rett på vestsida av Vardenova. Dette frå aust. Desse rutene er ikkje merka og medfører litt klyving.
Vedlagt ligg ein stillbilde-serie på YouTube som eg har teke (hugs lyd). Serien er også med ein del vinterbilder då toppen er fin å gå på heile året.