fredag 30. oktober 2020
torsdag 29. oktober 2020
Meir og meir Milo
| Blåfjellet i vest - Bjørneskjegg i haustfarge |
| Vått og grått - og brunt |
| Stavenesodden i delvis sol i dag - Grunnevatnet fremst |
Nok ein kjapp morgontur. I dag gjekk eg heime i frå til Blåfjellet i Grimelia og trimposten der. Har blitt nokre turar hit no. Og blir sikkert endå fleire....
Ikkje så mykje å skrive om egentleg. Veldig vått etter mykje regn i går kveld og i natt. Rindaelva var stor. Men eg kom meg forsåvidt greitt over der oppe. Elles småelvar både her og der. Og myr og gjørme. Vel - håpar det tørkar litt oppe - eller frys på. Blir stort forbruk av Milo om dagen...😊
onsdag 28. oktober 2020
Kjapt på Smørkletten
| Fint og fargerikt i Askdalen i dag |
| Sein oktobersol ved Presteelva |
| Askvoll frå Smørkletten i dag Fristadfjellet t.v. og Blåfjellet t.h. |
tirsdag 27. oktober 2020
Rivedal morgon
| Det er flott utsikt frå Vardenova - her m.a. Skredvarden og Alden, Dokka, Kalderasnipene, Hekkelfjellet og Moldura |
| her Skålefjellet med Nipane, i midten bak Yndestadhøgeheia og Toreheia t.h. |
| her m.a. Blegja og Storehesten (Kvamshesten) bakerst - og Eitrenipa, Fossedalshengenipa, N&S Kringla, Skålefjellet (Gaular) og Laukelandshesten |
Klokka var vel passert 08 då eg var tilbake i Rivedal i dag tidleg for ein tur på Vardenova igjen. Nydeleg morgon med nokre få plussgrader. På veg oppover kraftvegen vart eg møtt av den vanlege friske trekken ned dalen. Om hausten, og før sola har stått opp, er det ganske kaldt opp denne delen. Ein har jo heller ikkje fått varmen i kroppen. Så hetta på jakka måtte plent opp....
Ved demningen rann dei første solstrålane for dagen på Smørskornova, Røyrbotnholten og Vardenova.
| Morgonsol på fjella i Rivedal (Vardenova t.h. bakerst og høgst) |
I dag valde eg å gå den merka ruta opp. Sidan eg ikkje har sett merkinga her før, men gått skåra på framsida. Og elles aust frå. Det såg heilt fint ut. Men det er ganske så bratt opp både her og på framsida. Det er vel ikkje til å stikke under ein stol at Vardenova kan ha sine utfordringar vinterstid med snø, skare og is. Bratt og luftig både her og der....😨 Men det er jo veldig flott utsikt på toppen då. Som nemnt før. Fjellet er lett synbart frå alle kantar. Sjå foto-link.
Dagens Vardenova selfie |
Rett nedom fjellet på veg ned att traff eg så på Dag-Tore i dag. Han hadde fri midt på dagen. Vi hadde oss ein bra prat der i sola. Han har gitt T-merkinga her oppe eit nytt strøk. Godt jobba (igjen).
| Traff på Dag-Tore under Vardenova i dag tidleg |
Deretter gjekk returen ned under Røyrbotnholten og myrane til demningen og Rivedal igjen. På veg ned att her forsvann sola i eit tjukt skylag frå sør. Så i dag var det veldig greitt å vere tidleg på an....😎
| Tilbake i Rivedal i fine haustfargar |
YouTube still-bilder (hugs HD)
mandag 26. oktober 2020
Fint med alternative ruter
| Motiv rett vest for Kalderasnipa (alle bilder mobil) |
| Dokka sett frå Kalderasnipa i nordvest |
Med småbarnsbesøk frå Bergen i helga vart det i går trilletur med barnevogn i staden for fjelltur. Greitt for ein pensjonistkropp med ein dags pause frå fjell. I tillegg var no ikkje vèret av det beste heller.
| Utsikt mot fjella i aust |
I dag tidleg gjekk derimot turen opp igjen på Kalderasnipa frå Eidsfjorden. "Eidsfjord-ruta" som eg har døypt denne trassèen. No med ein del vardar ovanfor Eidselva og opp Kaldrasbøane. Greitt å følgje same ruta opp. Og fint i skodde. Ok. Det er vel litt lenger opp på toppen enn frå Nyksvatnet og Holmedalssida. Men sjølv synest eg det er kjekt med fleire alternative ruter. Kan fort bli litt kjedeleg å gå opp og ned same vegen heile tida.
Vèret i dag var overskya, frisk søraust vind oppe i fjellet. Framleis ganske så vått. Noko som viste godt att på Eidselva. Stor og flott i dag.
| Ein går over elva i øvste kanten av bildet rett nedom den eine bjørka som står der |
| Eidselva var stor i dag - Kyllaren og Fristad midt i bildet |
lørdag 24. oktober 2020
Kjapt på Blåfjellet
| Blåfjellet i Grimelia |
| Mangevatna med Toreheia i delvis skodde |
| Eit glimt av sollys ved Litlevatnet |
Kjapp tur på Blåfjellet i Grimelia igjen i dag tidleg. Gjekk heime i frå som vanleg. Opplett, delvis skya og litt dråpar i lufta no og då. Ganske så vått i terrenget. Passe og god trimtur dette som ikkje tek så lang tid.
Som dei andre dagane var det ein sverm med trast på trekk. Mange hundre. Det er ein stor trekk-korridor for mange fugletypar på Stavensodden. Oppsiktsvekkande at dette ikkje er teke omsyn til når det gjeld utbygginga av industriområda for vindturbinar på Guleslettene og Lutelandet. Desse områda nord og sør for Stavenesodden ligg akkurat i same korridoren. Diverre taper naturinteresser ofte mot menneske som kan tene pengar.
fredag 23. oktober 2020
Trim i boks
| Panorama Markahengenipa mot Nipebutraktene og Stordalen |
| Fossedalshengenipa |
Etter eit oppdrag i Førde på nokre timar, gjekk eg oppom Markahengenipa på "veg heim igjen". Fjellklede og sko i bilen. Klesbyte ved Markavatnet...😎
Så mykje er det vel ikkje å skrive heim om... Overskya, vått og ein del gjørme. Men lite vind. Frosne vasspyttar og nokre snøflekker. Opp og ned same vegen. Folk og dyr såg eg ikkje. Trim i boks!
torsdag 22. oktober 2020
"Eidsfjord-ruta"
| Skodda lettar i bakkane ovanfor Eidselva |
| Frå Kalderasnipa i dag |
| Kalderasnipene (posten på toppen t.h.) sett frå vest |
| Ned igjen i Eidsfjorden |
| Dagens selfie på Kalderasnipa |
Foto Kalderasnipa (mobil) 221020
onsdag 21. oktober 2020
Dekkhotell inkl trimtur
| Askvoll frå Smørkletten 28.april |
Det er fint med dekkhotell. Sytalaust. Med tre bilar endå betre. Eg fekk skifta på Rav`en på Toyota i Førde før vi køyrde til Hamar førre helg. I dag var turen komen til Volvoen. Dekkhotell på YX i Askvoll. Peter styrer Aurisen. Med dekk i kjellaren heime. Litt greitt å støtte det lokale næringslivet. Kostar ikkje allverda heller. Og dekka blir skifta, reingjorde og tekne godt vare på.
I høve time på YX, vart det tid til ein trimtur på Smørkletten først. Opplett då eg starta, men regn og skodde på toppen. Skikkeleg vått etter ei rotbløyte i natt. Slo av ein prat med ei blid og sporty jente oppe i bakkane. I tillegg var ein heil flokk frå barnehagen på tur i Prestemarka. Ja, ein må kome seg ut uansett vèr. Den må tidleg krøkjast som god krok skal bli....
