fredag 28. september 2018
torsdag 27. september 2018
tirsdag 25. september 2018
Haust på Skålefjellet
Vi tek med ein liten bildeserie frå Facebook i dag. I det elendige haustvèret vi har om dagen, er det greitt å sjå litt tilbake på korleis det kan vere i september og oktober. Vi får sette vår lit til uttrykket det er von i hanganade snøre. Sjølv stressar eg ikkje lenger med å kome meg til fjells i alt slags vèr... Førebels er den tida forbi. Kva som skjer meg i pensjonist-tilveret gjenstår å sjå.
fredag 21. september 2018
Fjelltrim 2019 2
Frå MountainsinAskvoll: Vedlagt nokre haustbilder frå Blegja.
Blegja er fast og frivillig fjelltrimpost for Askvoll og Holmedal Idrettslag (AHIL) kvart år. Som med Moldura beskrive hin dagen er det mange vegar til Rom.
For Askvollingane sin del er Rørvika for det aller meste utgangspunkt hit. Noko nærare beskriving av ruta opp trengst vel ikkje. Den er no DNT merka. Det står skilt ved FV609. Andre ruter hit er frå Fossedalen, Hestad, Solheimsdalen og Bygstad. Dette er i alle hovudsak påske- og sommarruter. På vinteren er Blegja veldig eksponert for vèr og vind og har sjeldan besøk.
For eventuelle spørsmål om ruteval, så ta kontakt på PM.
Fleire bilder finn du på YouTube her https://youtu.be/b7oUAZU6u4o
onsdag 19. september 2018
Fjelltrimmen 2019
Frå Mountains in Askvoll.
Vedlagt nokre haustbilder frå Moldura og ruta frå nord. Fleire Bilder på YouTube
Vedlagt nokre haustbilder frå Moldura og ruta frå nord. Fleire Bilder på YouTube
Og så er Moldura tilbake på fjelltrimprogrammet for komande sesong. Boka blir lagt ut første helga i oktober. I år har fjellet vore del av programmet på TiTur Dalsfjorden. Og det har kome rapportar på at mange har besøkt fjellet i sommar. John Lien har gjort ein kjempejobb med merking frå vassverket i Holmedal. Både opp ura på framsida og opp ved "sendaren" på vestsida.
Moldura er eitt av fjella underteikna har gått mykje på opp gjennom åra. Fjellet er tilgjengeleg frå "alle" kantar. Frå Størdalen i vest, gjennom Fagredalen i aust og frå Stongfjorden i nord, anten via Gjerdedalen eller Neset. Du kan òg gå via Størdalsstauren i nordvest. Mange vegar til Rom med andre ord. Personleg likar eg best kombinasjonsruter der eg byter på ruter opp og ned.Sjølv om dei aller fleste vil gå frå Holmedal, er ruta frå Neset i Stongfjorden i nord minst like flott. Her i frå har du nydeleg utsikt til havet og øyriket både i Florø og Askvoll. Også til Førdefjordsia og Osland og Skålefjellet. Og sjølvsagt Stongfjorden. Har du ikkje prøvd denne ruta er den absolutt å anbefale. Den er dessutan godt merka av Ansgar Bjarne Høyvik og underteikna.
tirsdag 18. september 2018
For liten og stor
| Turen på Høgeheia startar i Holevika der vegen sluttar. |
Gjesteblogg på Fjordkysten
Om du køyrer frå Stongfjorden til Holevika
finn du eit flott utgangspunkt for ein tur på Høgeheia.
Høgeheia ligg på Stavenesodden i Askvoll. Fjellet er 450 meter høgt. Ein tur opp hit tek omlag ein times tid. Avhengig av alder og form. Og kva tid ein gir seg sjølv undervegs. Dette er ein relativt enkel tur. Det flotte med Høgeheia her ute ytst mot havet, er at ein kan gå turen heile året. Utan ski og spesialutstyr. Den salte havlufta smeltar fort det som kjem av snø. Men om det frys på, kan det likevel vere godt å ha broddar i sekken.
| Ruta opp frå Holevika føl skaret til høgre på god sti. |
Våren kjem alltid tidleg på kysten. Og i Holevika og langs stien oppover finn du ofte tidlege vårteikn. Kusymra pregar då lia oppover. Kvitveisen kjem endå tidlegare. Det er mange fin rasteplassar langs ruta.
Eit interessant kulturlandskap møter deg i Holevika. Her er gamle steingjerder og murar. Ein steinsett potetkjellar kanskje? Gamle tufter og brønnar. Den gode stien går opp langs hammaren mot sør. Allereie her er det flott utsikt ned til Holevika og havet og øyane i Florø.
Det er mange gamle murar og brønnar i Holevika
| Vakre lauvtre prydar Holevika ei stund om hausten |
| Haust i Holevika |
Stien går så gjennom eit lite granfelt, før den svingar beint til venstre opp over ein hammar. Hammaren er ikkje farleg å gå over. Stien svingar først til venstre og så til høgre. Her oppe får vi utsikt til Granesundet i Askvoll i sør, og til Furefjellet i vest. Rett over ytste pynten på Staveneset.
| Det er flott solnedgang på Høgeheia |
| Høgeheia er eit vakkert turmål heile året |
Vi held så fram på god og merka sti til eit høgdedrag rett i aust. No dukkar Alden og Atløyna opp i sørvest. Eimind og Follevåg i sør. Vi ser Heggøyna og Smelvær i vest. Mot nord får vi utsikt til Florø. I aust ser vi den store varden på Høgeheia.
| Atløy, Alden, Heggøyna og Smelværet |
Ruta held no fram i småkuppert og ope landskap mot aust. Lettgådd. Toppen ser vi heile tida. Fint for små og eldre føter. Mot slutten av ruta er det ei lita stigning. Ikkje bratt. Brått ser vi varden rett framfor oss og vi er oppe.
Og for ei panoramautsikt som møter oss. Mot aust ser vi til Grimelia,Toreheia, Stongfjorden, Blegja og alle dei andre fjella. Mot søraust ser vi Eidsfjorden og Follevåg. I sør ligg Eimind og Granesundet. I vest ligg Atløyna, Alden og øyane her. Og mot nord mellom anna Svanøy, Batalden, Askrova, Reksta, Skorpa og Kinn. I nordaust ser vi fjellheimen mot Ålfotbreen. Små og store båter kryssar nord/sør på det blå havet. Som ein forstår har Høgeheia fantastisk utsikt. Og knapt nokon plass på kysten får du eit vakrare skue når sola går i hav enn nettopp her. Høgeheia er eit must for alle.
Elles kan ein nemne at det ligg fast trimbok her oppe. Lagt ut av "Vener av Høgeheia". Sjuande kvart år er også fjellet del av Fjelltrimmen til Askvoll og Holmedal Idrettslag (AHIL).
Elles kan ein nemne at det ligg fast trimbok her oppe. Lagt ut av "Vener av Høgeheia". Sjuande kvart år er også fjellet del av Fjelltrimmen til Askvoll og Holmedal Idrettslag (AHIL).
| Frå Høgeheia ser vi øyane i Florø |
| Haust på Høgeheia |
| Seinsommar - Stongfjorden, Eidsfjorden og Follevåg |
| Haust på Høgeheia |
| I sør ligg Granesundet og Eimind |
For dei som søkjer overnatting har Olaf Saltskår hytter til utleige på Staveneset. I Stongfjorden finn vi fleire som driv hytteutleige. Mellom anna Grandane Feriehus og Nesavika Fritid. Askvoll har hotell og fleire utleigehus.
![]() |
| Høgeheia ligg på Stavenesodden ytst ute mot havet i Askvoll. |
For fleire foto frå Høgeheia sjå YouTube under
torsdag 13. september 2018
JA TIL BEVARING AV KYST OG FJELL
| Eksklusjonsrude 1 og 2, seinare supplert med 3. |
frå NVE si heimeside.
"Nasjonal ramme for vindkraft på land
- Stortinget bestemte i sin behandling av stortingsmeldingen om energipolitikk i 2016 at det skulle utvikles en nasjonal ramme for vindkraft i Norge.
- NVE ble tildelt et oppdrag fra Olje- og energidepartementet om å lage et forslag til en nasjonal ramme.
- Del 1 av oppdraget er å skaffe et oppdatert kunnskapsgrunnlag om hvilke virkninger vi kan forvente av landbasert vindkraft.
- Del 2 går ut på å identifisere de mest egnede områdene for vindkraft på land i Norge.
- NVE har et omfattende samarbeid og dialog med både forskjellige etater og interesseorganisasjoner.
- Det endelige forslaget for en nasjonal ramme for vindkraft skal leveres til Olje- og energidepartementet innen 1. mars 2019. Det er lagt opp til at departementet skal sende forslaget på en høring."
Så er vi i gong igjen. Med utgreiingar av aktuelle område for vindkraft. Eitt av dei mest naturøydeleggande tiltak som finst. Kyststrekninga og landet vårt er sett under lupen for å etablere nye industriområde. Som vi ser av kartet for Sogn og Fjordane er fleire av områda langs kysten i faresona. Ikkje minst eitt av dei flottaste - Staveneset og Stavenesodden.
I si tid utarbeidde eg ei heil liste over negative sider ved vindkraft. Eg har òg skrive om Det store folkebidraget på bloggen min. Desse innlegga er vèl verdt å få med seg.
No har DNT-foreningen Bergen og Hordaland Turlag, med 30.000 medlemmer, tatt initiativ til ein underskriftskampanje mot vindkraft. Du finn omtale her. Underskriftskampanjen her.
Eg oppfordrar alle lesarar og følgarar av bloggen min til å signère oppropet.
![]() |
| Kategorien inneheld informasjon knytt til Regional plan for vindkraft, som vart vedtatt av Fylkestinget 08.06.2011 (sak 033/11) |
![]() |
| Kartet syner viktige kulturminne, område for friluftsliv og reiseliv, og lokalt viktige friluftsområde |
Fakta om vindkraftanlegg
- Dei største vindturbinane er rundt 250 meter høge og er synbare frå lang avstand.
- 800 meter grusveg pr. vindturbin som blir bygd.
- Etablering av vindkraftanlegg medfører omfattande terrenginngrep og irreversible naturinngrep.
- Tap av verdifulle turområde.
- Støy fra vindturbiner og farvel til stille natur.
- Tap av urørt natur.
- Vindkraft er arealkrevande og utgjer store industrianlegg i utmark.
- Det er kun 12% villmarksprega natur igjen i Norge
- Digre vindkraftturbinar skadar landskapet, naturmangfaldet og friluftslivet.
Noko nærare omtale av Stavenesodden kjem eg ikkje inn på her. Men naturkvalitetane kan du sjå bilder av på YouTube. Mellom anna her:
og her
Eigne foto
Ver så snill - bli med på å stoppe galskapen.
Det er oss - ålmenta - vindkraftutbygging går ut over!
søndag 9. september 2018
Med tannlegen
| Marie i fønvinden |
| Mot Dale frå Driveknolten |
| Mot Fossedalen frå Nonsholten |
| Namn i boks Mission Completed |
Eg følgde Marie på Nonsholten i dag (lørdag). For at ho skulle få i boks fjelltrimmen. Sjølv om ho bur i Bergen likar ho å få med seg diplomen på årets fjelltrim. Når det no minkar på dagane før neste års sesong startar, var vi nøydde å gå i dag. Ho kom nærast eins ærend.
Veret var heilt høveleg. Faktisk 20 grader heime då vi reiste. Med litt fønvind frå aust. Eg gjekk heile turen i shorts og t-skjorte. Nydeleg. Undervegs hadde vi gode samtalar.
Vi visste Janne og Frode også skulle gå. Dei starta ei stund før oss. Vi såg dei i himmelsjå under Høgknolten. Men medan vi gjekk opp skaret, gjekk dei svaberga ned under (eg likar best skaret opp). Av den grunn såg vi dei ikkje att før vi var på returen rett aust om Nonsholten. Frode bar kvelpen dei hadde med seg då dei ikkje ville han skulle gå så mykje. Kvelpen var forresten ein livleg kar.
Vi hadde ikkje allverda med tid på oss i dag. Det gjekk nøyaktig 2 timar inn. Men ein liten prat vart det med Janne og Frode der midt oppe på Heileberget, Dei fotografiske forholda var diverre ikkje av dei beste. Dis og lite lys. Men her er eit bilda av dei,
Det var sauesanking i dag. Og då vi nærma oss Rivedal såg vi ei heil rekkje med sauer kom ut Vagstaddalen. Så det var best å kome føre til Rivedal igjen. Rett nedom demma til kraftverket traff vi Anita og Hanne. Dei hadde vore på Nipebu med Dag Tore og Frank. Dei kom lenger bak.Vi slo av ein prat med dei òg.
Flott tur med tannlege Marie dette. Namn i boks. Ho strålar alltid som sola...💓
fredag 7. september 2018
Pendlarlivet
| Hundsåna 07.09.18 |
| Løvika d.s. |
September er ein flott pendlar-månad. I denne månaden er det ikkje kome så langt på året at det er bèkmørkt då eg køyrer til Førde. Og heller ikkje er sola komen opp på himmelen når eg køyrer til Førde. Difor kan det ofte bli flott lys på austahimmelen om morgonen. Slik også i dag. Her er eit par bilder eg tok med mobilen rett etter 06.30 i dag. Eitt frå Hundsåna og eitt frå Løvika. Kjekke lysopplevingar dette.
Abonner på:
Innlegg (Atom)


















































