torsdag 13. mai 2010

Nydeleg Kristi Himmelfartsdag

Foto på Smørskornova i dag. Skålefjellet i midten bak.

Eg var i stuss i går kveld om eg skulle gå opp igjen på Blegja i dag òg. Men sidan eg har vore der dei to siste helgane, og i tillegg fekk nyss om at det skulle opp mange andre, valde eg det vekk. Eg likar best å lage mine eigne spor...

Eg var derimot i Skjerlia allereie før kl 07. Eg gjekk veldig lettkledd for ein rask tur opp, og sekken sette eg igjen i bilen for neste etappe. Materialen til å byggje ein tørrare sti over myra låg på plass. Ferdig til å begynne på. Men akkurat dette stod ikkje på programmet i dag. Det var tydeleg at det var gått litt folk oppover i det siste, for her var spor i snøen lenger oppe ved Krokavatnet. Og opp berga låg det framleis bra med snø som eg seig igjennom.... Stor var mi undring då eg trefte på Audun E. oppe ved toppen. Så tidleg trudde eg ingen andre var ute. Vi vart ståande og prate litt, men med å lite klede på meg, måtte vi berre bryte opp. Eg tok nokre bilder på toppen, og sprang så ned igjen. 

Ei kjø fekk det travelt ved Grunnevatnet i dag tidleg...

Ved nede ved bilen igjen, køyrde eg ut igjen til Oslandsbotnen, og tok opp Brekka med Smørskornova som mål. Det var framleis rimeleg kaldt i det skuggelagde partiet oppover mot Botnastølen. Som så mange ganger før var her ein sur vind ned dalen. Men no hadde eg fått kledd meg om med tørre klede som gjorde godt. 

Det var snøfritt både til Botnastølen og Svedalen, men det låg ein del i dei nordvende skara. Og opp på sjølve Smørskornova frå nord, låg det endå rikeleg med snø. Men her oppe var den ganske fin å gå på føtene i. Saka er likevel den at mange av områda her oppe framleis er fine å på ski i. 


 Frå Svedalen i dag med skaret til Smørskornova t.v.

Eg toppa ut Smørskornova i eit fantastisk solskinn. Sola var no begynt å varme litt, og vinden var heller ikkje allverda. Nydeleg utsikt til Rivedal, Flekkefjorden, Dalsfjorden, Leite og mot Straumsnes. Og sjølvsagt til alle fjella i aust, og Dokka, Moldura og Skålefjellet mot vest. Mot nord ser vi faktisk ein bit av Førdefjorden herifrå òg.


Frå Smørskornova ser vi m.a. parti av Rivedal, Rivedalskletten, Rivedalsstølane og
Flekkefjorden, Leite og Straumsnes på sørsida av Dalsfjorden

Eg gjekk ned igjen på sørvest sida av fjellet. Sigla leande på rumpa ned bakken mot Langevatnet, og heldt fram over vatnet. Ja, for den kvite flata heldt meg endå. På veg opp igjen bakkane mot nord, heldt derimot snøeikkjen meg . Det vart ei hard affære å komme seg opp, då eg seig gjennom til langt opp på leggane for kvart steg. Det kom seg litt i partiet nord om Hekkelfjellet mot Siklabergvatna. Desse tok eg sjansen på å gå over òg, sjølv om osane var gått opp fleire plassar. På vestsida av vatnet blanda eg meg noko drikke, og heiv innpå nokre raske karbohydratar. Så gjekk eg opp bakkane mot Mannskaret og utover mot Fanafjellet. 

Motiv ved Siklabergvatna i dag. Hekkelfjellet t.h.
Her ligg endå bra med snø...

Det er nydeleg utsikt både til Stongfjorden og Holmedal på dette stykket. Og Moldura ligg beint fram, Skålefjellet rett bak. Det ligg mindre snø her ute enn lenger inne. Så det gjekk fint å komme seg ut og opp på Fanafjellet. Framleis ingen menneske å sjå. Og ingen hadde heller vore her på morgonen. Eg sat ei stund ved varden og tok meg eit par skiver og noko XL-1. Nydeleg utsikt ut mot havet og øyane ved Florø. Klår nordaluft og nesten heilt stille. Det har vore mykje av det heilt motsette vèret på Fanafjellet tidlegare i år... Har nokre skikkeleg sure turar rundt påsketider med null sikt friskt i minne...

Vi ser mot Stongfjorden frå vest om Mannsskaret

Så gjekk turen vidare ned den vanlege ruta til Ansgar Bjarne, og til fjorden og Stafsnes. Olaug som var på Toreheia med Sissel kunne ikkje hente meg i dag, så eg måtte plent gå heile runda rundt fjorden og heim. Men så fekk eg teke nokre fine vårbilder på denne turen òg... Etter mange timar i fjellet er likevel det verste eg veit å trakke asfalt med fjellsko siste timen heim... Det er då føtene verkeleg blir møyre og lyskene brenn... Men det kan sjølvsagt ikkje ta brodden av denne fenomenalt flotte Kristi Himmelfartsdag 2010...  

Utsikt ved Stafsnes

Fra Fossedalshengenipa_Smørskornova_Fanafjellet 130510

mandag 10. mai 2010

Kaldt frå nord

Vi ser Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla
ved Fossedalsvatnet på søndag

Eg la fjellplanar på is då eg køyrde heim frå arbeid i Førde i stad. Det var skikkelege snøbyger over heia. Heldigvis kvita det ikkje over på sjølve vegen oppover. Men det var på hekta. Så eg fann ut at her ville eg ta livet med ro etter middag.

Men eg var ikkje meir enn komen forbi ute ved Solheimsdalen, før blå himmel og sol møtte meg. Tørre vegen. Og då fekk lysta brått ein annan valør. Så eg gjekk direkte i kjellaren då eg kom heim, fekk på meg nokre lette klede og køyrde til Askvoll. Siktanuten next...

Eg trefte både Vigdis, Svein og Johan der nede i dag. Vigdis gjekk eg ilag med mesteparten av vegen. Så det vart no ein sosial tur. Springinga ned igjen vart det ikkje noko av i dag. Fin tur... men bitande kald nordavind!


søndag 9. mai 2010

Det vart fjell på søndag òg...

Fanafjellet i dag tidleg

Eg kjende lite til turen i går i dag eg vakna. Men at eg sov til klokka 07 var nærast sensasjonelt. Så då låg det vel noko under likevel... Eg var elles litt gruggen i målet etter all fjelltrekken. Det forsvann fort etter frukost. 

Vi byter ofte litt på fridomen i helgane heime. Så i dag gjekk Olaug med "søndagsgjengen" på Fossedalshengenipa. Det er ikkje det at eg ikkje kan gå med folk eg òg, men eg er i grunn meir min eigen herre når eg får gå i mitt eige tempo og ta bilder/sjå motiv. Eg er meir fri då og kan tenkje sjølv. Noko anna er at det somregel går litt i seinaste laget i lag med andre...

Vel Peter vart leikande med Markus og Hilmar, så istaden for å stane i dørgotta heime, tok eg meg likegodt ein rask trimtur på Fanafjellet. For å kjenne etter korleis kroppen fungerte. Veldig lettkledd gjekk det forbausande greitt opp frå fjorden ved Stafsnes til toppen på 722 moh. Moro! Og ikkje minst at eg akkurat fekk knipsa nokre bilder før sola forsvann inn i tjukke nye skyer frå vest. Som i ein sekk var ho vekk. Men det var presis nok for meg. Og så nådde ein iskald vind min sveitte kropp! Fram med hue og hanskar og til palings ned bakkane igjen... Eg stoppa ikkje før eg nådde bilen...! Supert - dusjen neste...:-) 

SEINARE...

...og etter middag, vart det ein rask tur på Siktanuten i Askvoll òg. Det var nordavèr med snødrev inn frå havet og iskald vind. Så det var raskt ned igjen her i frå òg.... Traff forresten Vigdis nede i bakkane då eg var på veg ned igjen. Og slo av nokre ord før eg sprang vidare....og nådde akkurat heim til fotballavslutninga i England som planlagt. Flott søndag....!

Fra Fanafjellet 090510

lørdag 8. mai 2010

Nydeleg vårtur

Rett vest om Synste Stauren ser vi mot Kvammen og Førdefjorden.
På motsett side ligg Vevring og det omtala Engebøfjellet med Håsteinen bak

Eg vakna litt over halv 6 og keik ut glaset. Ein fantastisk raudfarge frå morgonsola spegla Størdalsstauren. Ikkje ei sky på himmelen. Eg jumpa ut av senga med det same. Etter å ha fått i meg ein solid porsjon havregrynsgraut, stakk eg nasen ut om altandøra.... Berre skyer! Snakk om antiklimaks... Vi hadde fått skyene som skulle vere i Nordfjord til Sunnfjord. Ja, ja,meldigane var jo gode ut over dagen, så eg gjekk for Blegja likevel....

Eg køyrde inn i Rørvika. Måtte knipse eit morgonbilete i Løvika. Førdefjorden og himmelen i aust er vakker her i frå. Stadig flotte lyssettingar. Dette er ei perlene eg har på pendlarvegen min. Ein dag kjem eg vel til å køyre utfor her....

 Morgonstemning i Løvika kl 06.57 i dag tidleg

Som nemnt var eg i blodbanken på torsdag og tappa mi halvårlege dobble dose på blodtappemaskina. Som regel merkar eg ikkje så veldig mykje til dette. Iallefall etter eit par dagar. Men eg var litt spent på formen oppover bakkane frå Rørvika likevel. Det gjekk litt comme ci comme ca. Bra ei stund, så andpusten. Kva som skuldast kva var jo håplaust å vite. Fekk berre ta det som det kom.

Eg kom meg ganske greitt opp under Rørviknipa. Vèret var diverre framleis overskya, men heldigvis nesten heilt vindstille. Det var kome litt meir snø etter forrige lørdag. I somme småparti måtte eg vabbe. Likevel tok eg på broddane. Hard snø inn i mellom. Oppe i ura under sjølve topplatået, skifta eg ut broddane med stegjern. Og tok meg ei kjeks og ein god støyt XL-1, sette att sekken og begynte klyvinga mot toppen. Med stegjern sit ein som planta i skaren. Her er bratt oppe under toppen, så det er jammen greitt å kjenne at ein sit på. Isøksa var òg grei å ha med seg. Spesielt ned. Eg kom meg fint over skavlkanten og inn på det flate partiet på toppen og bort til varden. Det gjekk lettare i dag enn forrige lørdag då her var meir is.

På toppen av Blegja i dag tidleg

Så var det tid for bilder og ein liten snutt. Sjølv om det var grått, var det forbausande stilt. Eg vog litt fram og tilbake på kva eg skulle gjere vidare. Eg hadde ein plan. Men denne krevde krefter. Og vèret då? Tja, det virka lettare. Meldingane var bra ut over dagen. Mat hadde eg smurt meg. Og alt nødvendig utstyr var med. På veg ned igjen i ura, der sekken stod, letta det endå meir. Det kom eit skin av sol gjennom skylaget. Eg hadde toppen innabords og klokka var ikkje meir enn 10. Eg hadde heile dagen på meg. Nei, det gjekk ikkje an å gå ned igjen no. Eg ville dra utover Blåegga som forrige lørdag. 

Då eg kom opp på Synste Stauren braut sola skikkeleg gjennom. Dette var omlag heilt omvendt frå forrige lørdag. Då var det sol på Blegja, medan skyene kom her ute. Kjempegreier. Nydeleg! 

 Praktfullt på Blåegga i dag

Og vidare utover Blåegga fekk eg meg ein fantastisk tur. Panoramautsikt til Dale, Dalsfjorden, Lihesten og mot Stølsheimen på venstre handa og framfor meg trona Kringla, Heileberget og Eitrenipa. På høgre hand låg havet, øyane, Leknesvatna og bygdelaga ved Førdefjorden, spegla i den damstille fjorden med grøne bøar omkring! Og her var det drivande kvit snø med nydeleg sol. Fantastisk. Som det reinaste Guds under.... Det er utrulig fint utover Blåegga...!

Frå Blåegga ser vi mange av fjella i Askvoll.
F.v ser vi Kringla S&N og Eitrenipa i høgre kant

Eg gav meg god tid utover fjellet i dag. Retta opp nokre vardar og bygde på andre. Så toppa eg greitt ut Eitrenipa, og fekk meg nokre fortente skiver, drikke og litt melkesjokolade. Det var varmt i lyngen, og sola steikte inn i mellom nokre lette skyer. Vindstille! Minneboka fekk påfyll i dag... 

Bror min, Sillan blant vener, hadde eg ein avtale med. Eg tok kontakt med han igjen no, og fortalde kvar eg var i lendet. Han kunne hente meg i Fossevikja og skysse meg til Eikenes, der Olaug kunne hente meg.

Ned skaret på sørsida av Eitrenipa var det blaut snø. Eg sakk skikkeleg gjennom. Men framme på kanten mot stupa var snøen tina vekk og lyngen stakk opp. Så eg balanserte ned framkanten. I Eitreskaret var snøen vekke inn ved fjellsida. Det gjekk fint å ta seg ned her. Ved vatnet låg det litt snø og is igjen. Eg følgde så trassèen for DNT-løypa Massbu-Nipebu vidare ned i botnen av dalen, før eg tok sør og ned i Øvre Fossedalen. 

 Ved Fossedalsvatnet ser vi tilbake på Eitrenipa og sela i Øvre

Frå øvst i dalen på solsida, og resten av vegen til fjorden, er det no snøfritt. Eg knipsa nokre bilder på veg ned til Fossedalsvatnet, og følgde deretter den vanlege austsida av vatnet ned til fossen mot Nedre Fossedalen. Her tok eg litt meir foto og fekk meg noko god XL-1. 

Eg trakka mykje mine barnsbein i Fossedalen. Området her oppe betyr noko spesielt for meg. Og mange minner dukkar opp på vandringane . Gode minner over ein god oppvekst og ungdomstid. Eg sat ei stund oppe på dei blankslipte svaberga med elva rennande ved mi side. Vatn i eit evig kretsløp... Ja vatnet vi sjølv har i oss går ein dag inn i det same... for mengda vatn på kloden er alltid konstant... Mange tankar...

Elva frå Fossedalsvatnet til Nedre Føssedalen renn over flotte berg

Eg fekk sendt ei melding til broderen kvar eg var, og gjekk deretter ned i Nedre Fossedalen. Der var det tydeleg folk på helgabesøk. For det norske flagget flagra i vinden på frigjeringsdagen. Og solstolane var plasserte ut. Det er alltid kjekt å sjå kor fint her er.

Eg var òg bortom Elraki for ei vitjing. Her blomstra påskeliljene i rikt monn. Og marka var overfløymd av kvitveis. Vakkert og idyllisk.


Våren kjem seint men godt på Elraki òg

Så bar det ned Kleivane til Dalsfjorden der Sillan venta. Han skyssa meg ut til Eikenes. Vakkert spegla Dale og landskapet seg i den nesten stille fjorden. 

 Bror min, Sillan blant vener, skyssa meg frå Fossevikja til Eikenes i ettermiddag. 
Bak ser vi Blegja, Laukelandsfossen og Laukelandshesten.

Ein fantastisk dag var til endes. Eineståande vakker. Frå fjord til fjell til fjord. Frå Førdefjorden til Dalsfjorden. Frå vår til vinter til vår. Vi er heldige vi som har det slik rundt oss...

Fra Blegja_Eitrenipa 080510

fredag 7. mai 2010

Blodbanken vil ha sitt

Utsikt frå stova mot Størdal i dag tidleg. 
Harald S. dreg garn i venstre kant...

Etter å ha vore i blodbanken og tappa raude blodceller på separatoren der torsdag morgon, har eg sysla litt heime etter jobb. I dag var det ein veldig fin vårdag ved fjorden. Første plenklippen vart unnagjort. Og litt shining rundt hus og kjellar.

I morgon får vi heller sjå korleis kroppen fungerer ved belastning. Det brukar ikkje ta så lang tid før eg er minst like lett som før blodgivinga...

onsdag 5. mai 2010

FIn trimtur på Fanafjellet

Askrova, Kinn, Reksta, Skorpa og Tansøyna er vel nokre av fjella vi ser frå Fanafjellet. Foto i kveld.

Eg tok meg ein rask trimtur på Fanafjellet i dag etter arbeid. Godt fart opp og springmarsj ned igjen. Forma er bra! I går tok eg derimot ein pause. Kjende det gjorde godt i dag....

No er det ikkje mykje snø igjen. Det ligg litt i nordhellingane nedanfor toppen. Også på Moldura ligg det igjen ein del endå. Noko dårleg med varmegrader om dagen.... Elles er det vel ikkje så mykje å skrive heim om. Men ein fin kveld var det iallefall, sjølv om sola forsvann. Den kjem visst igjen i rikt monn til helga. Glimrande... Det skal vi klare å utnytte...:-)

Første turen på Moldura

Bilder frå første turen min på Moldura i 1969...
Litt nostalgi skadar ikkje...

I høve dette siste bildet frå Audun, publisert på Origo i dag,
dukka forresten den berømte fiskehistoria vår opp igjen.
Eg nemnde denne i vinter på Origo.
Uavhengig av meg skreiv Audun om den i dag.
Artig!
Det må jo bli bok av denne tida ein gong...

mandag 3. mai 2010

Fossedalshengenipa og oppmåling

Agnar reknar på antal meter plank som skal til for at folk skal kunne gå tørrskodde over myrane ved Grunnevatnet...

Eg hadde ein avtale med Agnar om å treffe han ved Grunnevatnet i Skjerlia i kveld. Vi har lenge snakka om å få gjort noko med DNT-stien til Nipebu som går over myra. Det er alltid vått her, og til tider fløymer det over av overflatevatn. Etter avtale med grunneigar har vi fått løyve til å legge plank på stien, der denne går i austre kanten av myra. Vi måtte såleis måle opp kor mange meter behovet var.

Sidan Grunnevatnet ligg på ruta til Fossedalshengenipa, avtalte vi ei tid slik at eg rakk oppom og ned igjen her i frå før eg traff han. Det passa perfekt. Men om eg var heldig med tidspunktet og strålande sol på Blegja i går, kan eg seie det motsette om turen i dag. Eg nådde akkurat opp på toppen i ei tung nordabyge med skodde, vind og snø. Rett før og rett etter var det fint. Det jamnar seg ut etterkvart, heiter vel eit uttrykk..... Difor ingen ting å sjå eller ta bilde av (utanom meg sjølv då, men dette motivet kjenner vel alle etterkvart...:-) Med minimalt med klede på, var det berre å peise ned igjen. Men god trimtur var det...

søndag 2. mai 2010

Nydeleg fjelldag

Utsikt innover Førdefjorden mot Naustdal frå Blegja i dag

Dagen starta perfekt. Eg var raskt på føtene kl 06 og sjekka vèret. Så havregrynsgraut med kanel og banan med litt melk. Kaffi. Fast morgonrutine er greitt for folk i min alder....:-) Sekken var pakka i går kveld. Det var berre å putte oppi 4 skiver. Ute var glasa på bilen frosne. Og ikkje ei sky var det på himmelen. Blegja next....

Eg var på plass i Rørvika i 7.30 tida. Dvs. eg var bortom i Løvika og tok nokre bilder av Blegja i morgonsola. Drivande kvit, jomfrueleg. Rørviknipa låg som ein uslipen diamant der oppe. Fantastisk vakker! Det var berre å gå i gang med klatringa opp i eventyret....

Eg hadde teke på meg janus ull under softshell buksa i dag. Og det vart fort varmt oppover. Heilt vindstille som det var. Forholda ved fjorden er sjølvsagt totalt forskjellig for det du møter lenger oppe. Så den ekstra sveitten frå stillongsen er berre noko ein må ta med seg. Ein kan ikkje ta av og på slikt.... Elles gjekk eg i vanlege fjellsko, den ultralette Rab jakka og kombi netting/fleece under.

Flott utsikt over Førdefjorden og Rørvika frå lia oppover

Det er veldig flott utsikt over Rørvika, mot Vevring og Førdefjorden frå bakkane oppover. Fjorden låg nesten blikkstill og glinsande i fantastisk blått. Bøane grøne. Og sola i aust spegla hus og gardar. Vårprakt. Idyllisk er rette ordet. 

Eg kom meg flott opp på austsida av Nipebua. Litt lenger oppe forsvann sola bak Nipa, og ein nordaust trekk gjorde det så pass kaldt at hua og hanskane måtte fram. I tillegg låg det snø her i frå og vidare oppover. Hard skare. Perfekt å ta seg fram på på sko. Men broddane måtte fram. Og eg tok dei på med det same eg kledde meg om. 

Oppe mot Rørviknipa gjekk vår mot vinter i dag

Eg heldt så fram opp under Rørviknipa, tok den vanlege traversen sørom fjellet. Her oppe er det nydeleg utsikt vestover mot Blåegga, Eitrenipa, Leknesvatna, havet og øyane mot Florø. Synste Stauren (Litlenipa) møter deg rett i sør. Spegla i kvitt og morgonsol. Likevel kaldt. Og skare.

Fin utsikt vestover under Rørviknipa

Ved Nipevatnet tek ruta mot toppen beint og bratt oppover mot aust. Stadvis låg her noko fòksnø, men for det meste var det knallande hard skare. Men broddane sat godt på oppover. Og etter eit kvarters klatring, var eg komen opp i det bratte skaret mot toppen. Eg vart ganske overraska over all laussnøen som låg her. No problem tenkte eg, og traverserte på skrå oppover. Og kom meg rimeleg greitt opp i "salen" mellom Rørviknipa og topplatået på Blegja.

Det låg litt laussnø opp mot "salen" mellom Nipa og toppen i dag.
Synste Stauren t.v og Blåegga. Bak ligg Heileberget, Kringla og Eitrenipa

Men brått var all laussnø vekke. Oppe i salen er det veldig eksponert for vind. Og nordavinden hadde effektivt blåst all snøen ned på sørsida av fjellet og polert resten til beinhard skare! Og den siste bratte biten opp mot den skumle skavlen på nord- og vestsida, var nesten berre gråe isen. Svarte svingande. Midt oppe i hellinga skrapa berre broddane det harde underlaget. Men heldigvis hadde eg teke med stegjerna. Det var det siste eg tenkte på før eg sovna i går kveld. Så eg måtte av med broddane og på med stegjerna. Med desse under føtene gjekk det greitt å komme seg over skavlkanten, og eg var på platået. Herlig!

På toppen i dag

No er det alltid verre å komme seg ned eller opp. Det har eg erfart mange gonger. Skårfast er vel eit kjent uttrykk...:-) Eg gjekk bort igjen kanten på skavlen på nordvest-sida til dit eg var komen opp. Og la det vere sagt med ein gong - utan stegjern hadde eg aldri tort å bikke kanten. Eg snudde meg med ræva ut og planta stegjerna inn i skaren, heldt stavane heilt nede ved festet og planta broddane av desse ned i underlaget òg. Steg for steg, bakover og nedover. Det gjekk heilt greitt. Eg sat pinnande fast med fronttaggane for kvart steg.   

Her eg eg komen ned igjen i snølaget frå skaren og isen under skavlen ved toppen

Eg gjekk så vidare ned skaret og heldt fram mot sørvest og opp igjen på Synste Stauren (Litlenipa). Eg hadde ei god kjensle etter å ha fått den flotte toppen under beltet. Det var praktfullt her nede òg. Nydelege kvite kurvar, blendande sol. 

Synste Stauren (Litlenipa)

Frå Litlenipa er det veldig flott utsikt mot Dalsfjorden og Dale. (Frå sjølve toppen på Blegja ser vi faktisk ikkje Dale, men må fram mot sørsida av fjellet). 

Nydeleg utsikt mot Dalsfjorden og Dale frå Synste Stauren.
Heileberget og Kringla t.h.

Det var litt tricky å kome seg ned vestsida av Stauren. Tidleg på dag endå, og sola hadde ikkje fått tak i snøen. Skare og isete her òg.  Stegjerna hadde eg teke av, så no gjekk eg i broddane. Ved hjelp av nokre steinar som stakk opp kom eg meg likevel ned utan å sigle. Sigle gjorde eg derimot litt lenger nede og vest, då eg sette meg på ræva i ein bratt bakke og sigle heile vegen ned. Det gjekk faktisk varmgang der bak av skaren. Men buksa heldt... Morsomt,  eg måtte le høgt.... 

Det gjekk varmgang der bak av denne frivillige sigleturen på ca 100 meter:-)

Så bar det vidare vestover heile Blåegga mot Eitrenipa. Dette er eit drygt stykke. Eg såg det var begynt å skye til. Og ikkje lenge etterpå forsvann sola. Det gjekk snøbyger ute i havet og i nord. Men det var berre spreidde byger. Så dette var ikkje noko å bry seg med.

På veg vestover Blåegga med Eitrenipa t.v, Leknesvatna i midten. 
Det nedtappa Bjørnastigvatnet, Florø i øvre kant mot høgre 

Det var fint å komme seg ut på Eitrenipa, for no var kroppen begynt å gå tom. Eg trengde næring. Så eg tok meg ein pause her ute og fekk i meg mine 4 skiver og meir drikke. Sola dukka fram igjen no og då, og det vart retteleg fint i lyngen. Eg fekk dessutan kontakt med Olaug, og snill som ho er, ville ho kome å hente meg i Skjerlia. Toppers. Så fekk eg henta bilen i Rørvika òg.

Ein liten pause i den varme lyngen på Eitrenipa i dag

Eg gjekk ned igjen den vanleg skåra på nordsida av Eitrenipa og ned til Leknesvatna. Det vart meir vårleg etterkvart. Og isen på vatna var det lite igjen av. Eg tok nokre bilder her nede òg, men det gode lyset var vekke. Det var i grunn berre å komme seg ned igjen til Markavatnet til fruen.

 Det gråna til i vèret ved Leknesvatna. 
Tilbakeblikk mot f.v. Rørviknipa, Blegja, Synste Stauren og Eitrenipa

Ein kjempeflott tur var over. Praktfull. Eg var nok litt gåen. 7 timar opp og ned med berre ein liten pause.... Like greitt å sløyfe Fossedalshengenipa som eg hadde tenkt på i same rennet. Det er skummelt å gape for høgt òg...



lørdag 1. mai 2010

Ny kombinasjon av fjell

Ved Fanafjellet i dag

Eg var på plass før kl 7.30 i Skjerlia i dag tidleg, og ville gå fjella vestover på ski frå Fossedalshengenipa og Nipebu. Men eg fekk bange anelsar ganske så med ein gong. For når eg kom bortover til Markavatnet, og fekk eit glimt av Fossedalshengenipa, vart eg overraska over kor lite snø som låg att oppetter ryggen. Og så slo det meg at vatna sikkert ikkje var trygge å gå heller. Og då ville eg bruke adskilleg lenger tid. 

BC-skoa held ikkje vatnet ute på same måten som fjellsko. Og over dei myrlendte områda oppover mot Krokavatnet, kjende eg væte trekkje gjennom. Dårleg nytt. Iallefall når turen vestover tok ca 7 timar. Og endå var her ikkje snø. Eg passerte opp forbi ura, og kom opp til Krokavatnet. Vatnet var heilt isfritt! Eg fekk fjellet endå nærare i syne no, og tenkte med meg sjølv at ski kunne ha vore ski. Eg gjekk faktisk heilt opp under starten på sjølve ryggen, før eg kunne ta på meg skia i det heile teke. Og måtteta dei av meg igjen når eg nærma meg toppen. Det var utrulig kor snøen hadde minka siste dagane. 

Oppe ved toppen var berga islagde i dag tidleg. Veldig glatt. Her låg dessutan eit tynt lag med nysnø òg. Vinden var iskald, og sola berre delvis framme frå skylaget no og då. Det var nesten som ein vinterdag. Eg såg med ein gong at eg ikkje kunne ta sjansen på å gå ut Langevatnet og over Nipevatnet. Isen såg ut til å vere gått opp inne ved land. Det var galskap å prøve ein gong. Snøen vestover fjella låg berre klattvis. Og eg var kald og våt på føtene allereie. Nei, her var det berre ein ting å gjere - komme seg ned igjen! 

Det gjekk som eit skudd ned den vesle snøen som låg att. Men så var det påan igjen med å bere ski. Shit - det vart ikkje som tenkt dette. 

Eg var heime igjen før klokka 10... Olaug var reist med 1.mai gjengen på Fanafjellet/Smørskornova. Torbjørn var heime. Peter ville leike med kompisar. Og eg var på langt nær tilfreds med dagen. Eg gjekk difor berre rett i kjellaren og fekk på meg fjellskoa, skifta ei ulltrøya og køyrde på Stafsnes for å ta bakkane på Fanafjellet. 

Steik kor lett det gjekk opp igjen nye vel 700 meter frå fjorden... Eg var overraska. Det var berre å gje på. Og snøen bar oppe mot toppen. Det var ein nytelse. Herlig! Og vèret var bra, men vinden isande kald. På toppen vart nevane is på ein augneblink. Så eg knipsa berre nokre bilder og la til palings ned igjen. Med unntak av eit par stopp for bildetaking, sprang eg like til vegen og bilen igjen. Nydeleg trimtur - og no var det dusjen neste...:-)



Fra Fossedalshengenipa_Fanafjellet 010510