søndag 12. oktober 2008

Mellom måltida

MMS frå Høgeheia og Hollevika i dag Vi har hatt besøk i helga av Kirsten, søster til Olaug, og Arnt frå Åsane. Frukosten i dag tok difor lang tid. Spesielt hvis eg reknar i hop at eg åt frukost to gonger. For Peter og eg var oppe tidleg, og då gjekk jo sjølvsagt havregryn med banan ned på høgkant.:-) Til frukost nr.2 kom dessutan Håvard, Miriam og Tora òg... Så då vart vi ein heilt gjeng og liv i heimen. Olaug sytte for det lekraste frukostbord. Ho er flink med slikt... Men ein kunne jo ikkje sitte der heilt til middag heller. Så medan dei andre gjekk tur etter vegen til Stongfjorden og båthamna, køyrde eg i Hollevika og gjekk på Høgeheia. Det var jo ei fornuftig utvikling av dagen...:-) I dag var det full klaff med vegvalet i Hollevika. Eg fann ein perfekt trassè til venstre oppe i skaret og opp på fjellet. Der eg var tenkt å gå sist med Olaug, men prøvde ein "kjappis", som resulterte i fjellklatring i staden. Denne ruta har nok heilt sikkert eldre folk nytta tidlegare for å komme opp hamrane og innover fjellet. For første delen gjekk an å sjå hadde vore nytta av sauer eller folk før. Det er svært vèrhardt på Høgeheia. Med Staveneset og opne havet rett i vest, og Stavfjorden rett mot nord, seier det seg sjølv at vinden tek enormt oppe på fjellet. Som ein sjølvfylgje av dette, har kraftbransjen difor sett sine auge på området for mogeleg vindkraftproduksjon (eg skal late dette mogelege mareritet ligge no. Då kjem nemleg sinne og illmotet fram). Det var ikkje så hakkande gale med vinden i dag, sjølv om det røska godt i kroppen til sine tider. Og heldigvis var det opplett medan eg var oppe. Etter å ha vore på toppen og snudd nedatt, høyrde eg nokon rope ved varden. Der såg eg to personar, den eine med stavar. Men det var umogeleg å sjå kven det var. Eg var for langt unna. Eg vinka difor berre til helsing og heldt fram mot Hollevika igjen. Etter at eg var komen heim att, såg eg eit ubesvart anrop på mobilen. Det var nabo Kjell som hadde ringt. Eg ringde han. Då viste det seg at det var han og Magni som hadde stått på toppen. Dei hadde tenkt å slå lag med meg ut att i Hollevika og sitte på med meg til Underset der bilen deira sto. Men det var jo sjølvsagt litt i seinaste laget då eg sto i underbuksa i kjellaren....:-) Rett skal vere rett. Eg bomma litt på nedgangen av fjellet til Hollevika igjen. Det er i grunn berre ein plass det går an å komme seg ned på skapleg måte her. Elles må du ta ned fjellsida mykje lenger oppe. Eg gjekk difor opp igjen eit stykke der eg kom i frå, og fekk plassert nokre vardar ned mot skaret. Skal bli lettare å treffe ovanfrå neste gong no. Det var ein kjekk tur. Ikkje minst det å finne den flotte stien inn fjellet, fekk godkjensla fram. Dette alternativet kjem iallefall eg til å nytte meg meir av.:-) Sjølv om dette kanskje er litt lenger enn frå Underset, tykkjer eg det er svært fint og gjevande å gå mot havet. Eg får det spesielle og fine lyset i vest med meg heim igjen... Og så er det jo vakkert i Hollevika og Staveneset òg då... Området har sin heilt spesielle sjarm og plass hjå meg.

lørdag 11. oktober 2008

Ei lita utfordring

Bilder frå turen til Blegja frå Rørvika i dag tidleg Eg hadde bestemt meg for å få ned fjelltrimboka frå Blegja i dag. Har som tidlegare nemnt ganske frivillig teke på meg oppdraget... Etter å ha følgt meldingane siste dagane, kunne det bli eit lite vèrvindauge i dag tidleg. Men det såg aldeles mørkt ut i går kveld med kraftig vind og eit ausande regnvèr. Det er utruleg kor mange og store elvane blir etter ein dag regn ved kysten. Det ausa ned Heilevangstaurane på veg heim frå jobb i går... Ikkje det at eg tenkje på det til vanleg, men ein veit no aldri kva ein kan få i hovudet der inne i slikt vèr... Eg vakna for andre gong kl 6.28... Eg lydde om eg høyrde regnet, men merka berre suset frå elvane på hi sida av fjorden. Så eg stod opp og gløtta ut mellom gardinene. Eg ante konturane av Skålefjellet og Størdalsstauren og vart litt optimistisk til sinns. Eg tok turen ut på trappa og kunne faktisk sjå litt lysning oppe i alt det svarte. Då var det ikkje tvil. Det var berre å komme seg i sving å utnytte vindauget... Eg såg ikkje så nøye på klokka, men var vel på plass i Rørvika før kl 8. Medan det var opplett heime, regna det her inne... Det var ikkje lyst endå. Men det var såpass lyst at eg greitt såg stien (eg hadde med meg hovudlykta). Det var ingen andre bilar her. Då var det sikkert ikkje hjortejegarar ute i bushen heller. Heldigvis. Eg var kledd i komplett svart Arcteryx goretex...:-) Det vart fort varmt. Som venta. Janus ullongs under, var sjølvsagt i meste laget nede i bakkane. Så i tillegg til ulltrøye under, vart eg fort sveitt. Det er god lufting under armane på jakka og i sidene på buksa - det gjer seg veldig godt. Blir ikkje så klam under då Men under Rørviknipa vart forholda totalt annleis. Her i frå og opp var det jammen godt med stillongs under. For det bles. Og det er berre førbokstaven. Det var ufyseleg. Skodda låg tjukk som...ja, du veit - graut...:-) Og regnet stakk som nåler i fjeset, rett frå sør gjennom traversen. Og det var berre såvidt lys... Opps... Kva hadde eg gitt meg ut på? Men tanken på å snu streifa meg berre 5 sekund - ok - 10 då..! Eg kom meg i ly bak ein stein og fann fram den nye vindtette hua og hanskar. Det var berre å tette igjen alt frå topp til tå...! Etter ei skikkeleg vindkule, der eg berre måtte trive tak i næraste stein, var det omlag som engelen Gabriel skulle vise seg frå himmelen. Frå nærast bekmørke, vart nemleg alt lyst! Eg vart berre ståande og måpe. Skodda fordufta heilt, og eg såg blå himmel der oppe! Utruleg rar oppleving... Det var likevel berre snakk om to-tre minutt før alt var berre eit einaste inferno igjen. Skodda kom svart og fæl som ein vegg ned Nipevatnet. Men denne opplevinga gav meg iallefall såpass vatn på mølla at eg berre la til ny peising oppover. Det var kanskje eit teikn frå gudane....:-) Kva veit eg? Største problemet opp gjennom all steinen og urane var kanskje ikkje skodda. No var eg rett nok litt ute av kurs nokre minuttar, men det retta eg fort opp. Og i dag var verkeleg alle vardane som eg har vore med på å sett opp gode å ha! Nei, største utfordringa var dei glatte steinane. Ikkje nok med det - vinden var så sterk at det var vanskeleg å fote seg av den grunn òg. Dobbel utfording kan eg seie... Så det var all grunn til å ta det heilt piano. Stavane sette eg i frå meg på den faste plassen i første ura ved Nipevatnet. Dei er berre i veien opp gjennom urane. I dag var det eit must, for eg var ned på alle fire like mykje som på to oppover. Sleipt, bratt og nesten ikkje sikt. I tillegg var det blautt under grusen i ura mot toppen etter flodbølgja. Det gjorde det ekstra møysommeleg. Eg trakka gjennom gruslaget og sklei attende heile tida. Eg tenkte på det der oppe under toppen, då eg tok meg ein støyt saft, om eg hadde hatt liknande utfordringar her oppe før... Svaret trur eg gav seg sjølv...! Det låg nokre nye snøflekkar av året heilt ved toppen. Nokre oppe på sjølve platået òg. Eg hadde teke med meg broddane for alle tilfellers skuld. Men det var heilt nødvendig. Det hadde regna heilt til topps. Snøen som låg førre helg var heilt vekke. Eg tok opp siste slukta i ura og stakk nasa over kanten på topplatået. Tjukke skodde, yr og hylande vindar. Eg trekte meg litt tilbake og fann snøbrillene. Dei er utruleg gode å ha i slikt vèr. Godt at utstyret eg hadde var iorden. Eg labba bort platået til varden og kom meg i skjul av denne på nordsida. Bytte ei sveitt trøye med Brynje trøya og ullgensar frå sekken. Skifta så ut bøkene og pakka den nye inn i plast og plasserte boksen godt inn i varden. La så stein framfor. So far so good...! Men turen var berre halvveges! Ein ting var sikkert. Her var det berre å ta det heilt piano nedatt urane. Var det glatt opp, var det endå verre ned igjen... Og som sagt, vinden var ekstrem.. og kom i ubereknelege kast! Men det gjekk forsåvidt greitt ned til Nipevatnet. Ein del på alle fire inn i mellom, to kutt i venstre leggen og eitt i underarmen, ikkje verre ein må rekne med under slike forhold... Som på veg opp, kom vinden som gjennom ei trakt frå sør under Rørviknipa. Enorm kastevind. Å bli blåst overende i dette glatte steinlandskapet var ikkje ufarleg. Det gjekk på halv åtte til eg svinga ned mot vest i partiet over hytta. Då kom det seg litt med vinden. Men då begynte det sjølvsagt å regne endå meir... Det var berre å komme seg til fjords igjen... Siste delen av turen frå hytta og ned gjekk likevel heilt greitt. Det var rett nok glatt her òg, men ikkje same vinden. Sjølv om det frista å gje på litt tok eg meg i akt. Haustfargane ned lia mot Rørvika var utruleg flotte. Mest i gult og raudt. Blåbæra var veldig lette å plukke då lauva var vekke, men diverre var det berre vass-smak igjen av dei. Det stod endå massevis av blåbær frå hytta og nedover. Tja - det vart litt av ein tur. Absolutt ein tur til å minnast. Det er løye det - turane ein gjerne hugsar best er ikkje nødvendigvis solskinnsturane, men dei som har vore ruskete og utfordrande. Det er jo slikt som gjer livet interessant å leve elles òg... Det er jo kjedeleg når alt går på skinner...:-)
Fra Blegja 111008

onsdag 8. oktober 2008

Liv i heimen

Bilder frå turen på Eitrenipa forrige søndag Det vart litt andre bollar i ettermiddag enn stille vandringar i fjellheimen. Eldste dotter mi, Margunn, kom på overnattingsbesøk med barnebarna mine Hanna(5) og Sander(2). Veldig kjekt. Det blir altfor sjeldan høve til slikt. Og det gjev alltid litt grunn til ettertanke når ein ser kor store barnebarna er blitt. Sjølv om det ikkje nett er kvar veke eg ser dei, er det alltid kjekt at dei vil hoppe i armane på besten. Eg har visst gitt omgrepet tid ein viss spalteplass i det siste. Eg skal ikkje repetere meg sjølv for mykje. Men tid er noko eg har begynt å tenkje på meir og meir etter som åra går. Det dukka opp igjen i stad då ungane kom. Medan eg leika med Hanna på golvet seier ho brått og utan forvarsel: "besten du e helt grå i håre"... Eg lo berre godt av ho, og seier at det er no betre at håret er grått enn at det ikkje er der. Eg måtte fortelje dette til Margunn etterpå. Då seier ho at Hanna har fått det for seg at dei med grått hår snart skal dø... Eg trur nesten eg lyt ta barnebarnet mitt på fanget i morgon og fortelje ho at besten kanskje aldri har vore i betre form, og at det er lenge til han har tenkt å stryke med...:-) Ja, det er på ungane, og no barnebarna, eg ser at tida går. Eg hugsar jammen godt sjølv at eg tykte far min var gammal då han var 36 år! Ikkje rart at Hanna tykkjer eg er gammal...:-) Vel, vel slik er det. Tida går og ingen kan gjere noko med det. Ein får berre setje pris på kvardagen og sjå lyst på framtida - både for si eiga tilmålte tid og for etterkomarane.

tirsdag 7. oktober 2008

Nytt forsøk

Motiv frå Hollevika i går Olaug vart med på Høgeheia etter middag i dag. Eg ville prøve meg igjen frå Hollevika. Vi traff på Dag Tore på Underset då han kom ned igjen. Han hadde funne ein mykje betre sti i dag enn hin dagen. I dag gjorde eg sjølvsagt ikkje same feilen som i går. Men trur du ikkje Olaug prøvde seg på det...:-) Det vart likevel litt fjellklatring då eg prøvde å ta ein snarvei oppe i hamrane. No gjenstår det eitt alternativ til å sjå på for å finne snaraste vegen opp. Ein ting er likevel sikkert - her treng vardast og ryddast. Sjølv om det er klart at det er kortast veg frå Stongfjord-sida og opp, er eg veldig gira på alternativet frå Hollevika. Både for å få litt variasjon i kosten, og fordi det er veldig fint heilt ute ved havet. Eg får jo turen rundt Staveneset òg ved å gå frå Hollevika:-) Aberet er sjølvsagt at det er lenger å køyre. Det skal òg bli litt interessant og samanlikne snøforholda på desse plassane i vinter. Det vil seie, dei dagane det måtte ligge snø då! Det gjenstår likevel å sjå kor mykje eg vil leggje i fjelltrimmen denne sesongen... Er liksom ikkje heilt gira på det førebels... Eg er framleis ikkje vekke frå tanken om å merke med refleks på Toreheia i vinter for å kunne gå heimanfrå. Eg kan jo leggje ut mi eiga skrytebok som eg gjorde hitt året...:-) Det vart jo mange signaturar i den òg etterkvart...:-)

mandag 6. oktober 2008

Oppdagingsferd

Bilder frå Høgeheia på Stavenesodden i kveld Olaug var med Dag Tore og Anita og la ut fjelltrimposten på Høgeheia i går. Det var visst ei baksing i einerkavar og problem med å finne vegen opp ute mot Underset. Eg tenkte difor at eg skulle prøve ein annan og ny veg i ettermiddag. Eg køyrde difor ut i Hollevika og gjekk opp herifrå. Dette var heilt nytt terreng for meg. Men eg fann ei brukbar rås oppover skaret mot sør. Det gjekk egentleg veldig greitt til eg nesten var komen på toppen av skaret der dette smalnar av. Elva som renn ned dalsøkket kjem ut her. Då vart eg litt i stuss om kvar toppen egentleg var (reine amatørfaktene...). Eg hadde sett litt på kartet hin dagen, men det var visst ikkje nok då eg stod der oppe i stad. Og kartet låg sjølvsagt igjen heime. Men eg tok no peiling utover mot høgste punktet eg såg. For det stod ein stor varde der... Opp og ned eit par ganske store søkk i terrenget bar det, før eg gjekk på ein varde omlag halvveges ut til varden eg såg på toppen lenger ute. Då såg eg ein endå høgre topp lenger inne, omlag same avstanden som eg hadde gått i frå skaret, berre i motsett retning og ganske bratt opp. Eg visste at toppen eg skulle på var den høgste her ute... Så eg klarte ikkje anna enn å flire av meg sjølv... Eg skreiv visst i går at ein lærer så lenge ein lever, men enkelte lærdommar kan ein visst klare seg forutan:-) Vel, innatt bar det nesten same vegen som eg kom. Eg gjorde meg opp ei meining om lyset som minka, men det såg ut til å halde. Så peisa eg gjennom ei myr så skitkaven sto, over to dalsøkk og fram til dei bratte kneikane mot toppen. Eg såg meg så ut ein brukbar trassè oppover hamrane, opp langs ei elvesitle og ei skår med gras, og følgde den opp. Toppen med ein flott varde låg litt lenger inn på fjellet. Velkomsthelsinga eg fekk var ei sulige haglebyge... Det var suveren utsikt frå toppen i alle himmelretningar. Til Florø og øyane utanfor i nord, Stongfjorden i aust, Granesundet og Atløyna i sør og Alden, Heggøyna og Smelværet i vest. Praktfullt! Eg gav meg likevel ikkje særleg tida ved varden, då lyset minka og vèret slo seg vrangt. I tillegg var eg blaut på føtene etter all spradinga i myr, elvar og våt einer. Og joggebuksa kunne eg sikkert vrenge ut eit par liter vatn av...:-) Så eg følgde ei litt anna rute ned ryggen mot nordvest og kom tilslutt ned omlag på same plassen i skaret eg kom opp. Kva skal eg seie? Ny topp og ny rute. Personleg pionèrarbeid og fantastisk utsikt. Og egentleg lett å ta seg opp til toppen - når eg fann han...:-) Det var rimeleg vått terreng, men det regna godt i natt òg då. Turen gav absolutt meirsmak. Eit par, tre turar til no så har eg sikkert funne den optimale ruta å gå opp.
Fra Høgeheia 061008

søndag 5. oktober 2008

Eitrenipa

Utsikt ved elva mellom Leknesvatna i dag Eitrenipa i praktfulle omgjevnader i dag. Skaret opp frå nord er lett synleg. Nydeleg utsikt austover Blåegga mot Blegja og Storehesten Det vart litt fram og tilbake i går kveld korleis eg skulle legge opp dagen i dag. Det var tid for utlegging av bøkene på Blegja og Eitrenipa som eg hadde teke på meg. Det var nemleg skikkeleg haustvèr. Mykje vind og nedbør. Eg såg difor ganske mørkt på situasjonen. Men håpet var sjølvsagt at det gav frå seg og vart betre i dag. Det var akkurat det som skjedde. Eg såg ut glaset kvart over 5. Stjernehimmelen funkla meg i auge. Fantastisk! For ein opptur... Eg la meg ned på ein times tid til. Det første eg gjorde var så og sjekke vèrutsiktene på nettet. Det var tydeleg at det var best på føremiddagen. Det skulle bli bygevèr ut over dagen. Eg var difor lite lysten på både Blegja, Blåegga og Eitrenipa på same turen. Då ville heile dagen gå. I tillegg låg snøen langt ned mot låglandet. Det ville gjere det både tungt og glatt. Nei, det måtte halde med Eitrenipa. Blegja gjekk an å ta seinare. Der låg det jo bok frå før og den kunne takast ned seinare. Vigdis hadde ytra ynskje om å bli med. Ho var lite kjend i området ved Eitrenipa. Eg hadde difor avtalt å treffe henne. Vi starta frå Markavatnet i halv 9 tida. Det var strålande klårt vèr. Snøen traff vi på ganske tidleg. Den var faktisk heilt tørr etterkvart. Vi rådslo litt ved brua over elva frå Leknesvatna. Elva var nemleg svært stor. Til vanleg går vi over brua og kryssar elva lenger oppe. Men storleiken på elva gjorde at vi bestemte oss for å gå same sida (nordsida) opp. Det var på langt nær sikkert at vi ville komme oss over der oppe som vi brukar. Vi fann faktisk ein veldig bra sti oppover. Nesten betre enn den andre. Sist eg hadde gått denne sida hadde eg kome ovanfrå. Eg såg lenger oppe kvar eg hadde gått feil då. Den gongen hamna eg nemleg fram på nokre hammarslag og villniss som gjorde vegen ned nesten uframkomeleg. Det gjeld å prøve seg fram her i livet.. Ein lærer så lenge ein lever... Det er så til dei grader idyllisk oppe ved elveutløpet frå Leknesvatna. Praktfullt. Ein av dei finaste plassane eg veit om. Foss i foss, små og store. Smålonar og kulpar. Blankslipte svaberg. Ein ypparleg stad å telte med ungar. Det er godt med fisk både i vatna, elva og lonane. Og fantastisk å bade. Med ei enorm utsikt til havs og mot fjellheimen. I dag var det nydeleg på ein annan måte. Tørr nysnø låg på haustfarga trær i morgonsola. Så vakkert. Så stimulerande. Turen var som ei vandring i eit eventyr. Vi vart reint øsne... Området ved elva mellom Leknesvatna er berre eit kapittel for seg sjølv. Med Eitrenipa kneisande i sør, Blegja i aust og vatnet nedover mot vest, er dette òg ein praktplass for telting. Som bilda fortel - idyllisk... Sjølv oppstigninga frå Leknesstølane er ganske tung. I dette nordvende området er sola òg vekke for vinteren no. Det låg ein 10-15 cm tørr nysnø oppover. Ikkje spesielt tung å vasse i, men ein merkar det etterkvart. Skaret opp på sjølve Eitrenipa var i tillegg litt isete og glatt. Eg tok difor fram isbroddane og ville dele den eine med Vigdis. Men sjølvhjelpen som ho er klarte ho seg ganske greitt utan, på nesten nye Scarpa sko. Oppe under toppen på Eitrenipa er det eit parti som er ganske luftig mot Krokavatnet. Men den tørre nysnøen gjorde det heilt problemfritt. Verre er nok dette partiet om vinteren hvis skaren ligg og snøen hallar meir utfor. Då er det nok godt med stegjarn i sekken... På toppen var det reine påskestemninga. Nysnø. Og sola varma der trekken ikkje tok. Eg har tidlegare hevda at finaste utsikta på heile Askvoll-halvøya er frå Eitrenipa. Iallefall vestover. Sjølvsagt er utsikta frå Blegja òg praktfull. Men Eitrenipa skjuler faktisk noko av utsikta vestover frå Blegja. Nemleg for noko av det finaste vi har i Askvoll - Krokavatnet og Fossedalen. Som dei fleste veit er dette området eitt av hjartebarne mine... Vi sat i lag der Vigdis og eg. I sola og nysnøen. I dette vidunderlege landskapet. Med fantastisk utsikt mot Blegja og all herlegdommen i vest. Og boka for neste sesong var på plass. Mission completed! Men i vest var det endringar på gang. Ein mørkeblå himmel fortalde sitt tydelege språk at det var nedbør i vente. Så etter litt klesbyte og mat, pakka vi i hop sekkane og tok nedatt skaret. Nede ved vatna igjen traff vi på ein ungdom og ein kar frå Kvammen. Vigdis kjende dei frå før, så vi vart pratande ei stund. Dei hadde gått etter fara våre heile vegen. Sidan dei var noko ukjende (kart og kompass hang på brystet på eldstemann), hadde dette vore bra. Vel, det var berre å følgje spora våre til topps, sa vi då..:-) Nedbøren starta ganske kjapt etterpå. Førebels vart det berre nokre einslege snøfnugg og litt vind ut av det. Men bygene var på veg inn Stavfjorden, så vi gjekk rimeleg rett ned igjen same vegen vi kom, til Markavatnet. Det var akkurat i rett tid, for i bilen heim begynte det å regne... Avgjerda om å gå berre på Eitrenipa hadde vore rett. Kjekt å vite då vi kanskje tenkte litt annleis på toppen... Det var ein kjemptur i dag. Eg er sikker på at ei som vanleg smørblid Vigdis skriv under på det. Takk for flott tur... Vigdis med første turen på Eitrenipa
Fra Eitrenipa 051008_1

lørdag 4. oktober 2008

Jordisk luksus

Vår siste jordiske luksus: Sitje i fred og ro i frisk luft, drikke reint vatn og lytte til naturens levande stille. Andreas N. Engebø, "Engebøfjellets vener"

fredag 3. oktober 2008

Siste dans

MMS-bilder frå Fristadfjellet og Eidsfjorden i ettermiddag med uvèr i vente. Eitt år har gått sidan eg aktivt satsa på fjelltrimmen. På denne tid i fjor greidde eg endeleg å kvitte meg med dei kneproblema eg hadde hatt frå rundt påsketider. Det var ei fæl tid! Eg er nesten sikker på at det var jogging på asfalt eg ikkje tolte. Men det har gått som smurt etterpå. Ergometersykkelen gjorde underverk. Nesten for godt til å vere sant! Som eit mirakel egentleg. Og forma har berre vorte betre og betre etter som vekta òg har minka. Eg har tidlegare gitt Efalex (tablettar av tunfiskolje med Omega 3 og 6) ein del av æra òg. Desse har hjelpt som "smøremiddel" på ledda, trur eg. Til vanleg har eg lite tru på slike mirakelkurar. Og eg har vel blitt meir realist med åra... Men trua har hjelpt mange seiest det:-) No gjeld det å halde forma vedlike i mørketida. Vi har trimrom på jobb som kan nyttast. I tillegg har eg tenkt å nytte bassenget i Askvoll ein del. Men først og fremst har eg håp om å få ut refleksstengene på Høgeheia på Staveneset. Dette er ein av trimpostane for neste sesong. Denne startar mandag. Eg var nedom Fristadfjellet etter jobb i kveld. Som sagt har eg vore litt usikker på antalet turar her nede. Praksisen har visst vore å ikkje skrive opp antalet gonger ein har vore der i boka - for løynda sin del. Men no trur eg det er likt med dei andre toppane... Det vil seie, eg har jo ein del meir på Skylefjellet og Skålefjellet då, men for rundene sin del... I morgon blir det namnedag for Tora til Håvard og Miriam, så då blir det vel lite fjell. Men søndag blir det kanskje langtur om Blegja til Eitrenipa med 2 stk fjelltrimbøker. Eitrenipa går eg uansett veir (Blegja er fast kvart år, så der ligg det jo bok. Men den må skiftast før vinteren...) Meteorologane trugar med snø. Så då kan det fort bli tøft.... synest eg sprang rundt i berre shortsen hin dagen...

torsdag 2. oktober 2008

Ringen er slutta

Bilder frå Skålefjellet i kveld Det var ein nydeleg avslutningstur på Skålefjellet for sesongen i kveld. Flotte haustfargar i det kvervande lyset. Mange tankar slo meg. Og mange turar hugsar eg godt frå siste året. Det som først og fremst er så fengslande når eg ser tilbake på alle turane, anten det er Skålefjellet eller dei andre postane, er årstidene. Nokre turar i fjor vinter i snøføyke med null sikt og bitande kald vind, har eg friskt i minne (alle turane ligg forresten på bloggen òg - fint soleis:-)) Likeeins påsketurane der sola varma etterkvart. Den ultimate psykiske stimuli etter vinteren. Til turane i sommar der kun shortsen og kamera var det einaste eg bar! Slik kan eg ramse opp i det uendelege. Det er årstidene som gjer landet vårt... For min del er det såleis fantastisk å sjå tilbake på denne tursesongen. Den beste eg har hatt. No er det slutt. Litt vemodig er det - tida kjem aldri att! Men til helga er det blanke ark... og fargestiftane har vi jo sjølve - tilliks med naturen!
Fra Skålefjellet 021008

onsdag 1. oktober 2008

Haustglede

MMS i kveld mot Askvoll frå Fristadfjellet MMS frå Ringstad mot Atløynipa og Fristadfjellet t.h. MMS frå Eidsfjorden og ut Stongfjorden Det var magisk lys på Fristadfjellet i kveld. Varme fargar i solnedgangen. Egentleg var det for fint til berre å springe denne kvelden. Nydeleg på toppen og på veg ned igjen i dalen. Måtte berre nytast... Fleire var ute i same ærend som eg. Min gamle turkompis Vigdis var i kjømda, så vi slo sjølvsagt følgje. Og Gunnar A vart vi pratande med i Askdalen. Andre var òg på veg. Kanskje var dette siste turen på Fristadfjellet òg denne sesongen.... Eg har sagt meg villig til å skifte ut boka på Blegja på søndag med ny (Blegja er fast og frivillig kvart år). Alle dei 5 andre toppane blir bytte om kvart år. Om 7 år er dei same tilbake.