søndag 17. november 2019

Utegangarliv

Utegangarane på Høgeheia i november-sol

Sunnfjords perle frå Høgeheia.
Grimelia t.h.

Askrova

Motiv i Vågen

ds
Eg køyrde bilen ut i Vågen i dag tidleg. Olaug henta meg og køyrde meg så vidare til Holevika slik at eg kunne gå over Høgeheia, Lia, Liavika og til Vågen igjen. Dette er ein enkel og grei tur ute i havgapet. 

I dag gjekk eg på heile flokken med utegangarsauer. Faktisk heilt på toppen av Høgeheia. På solsida. Ganske så  tillitsfulle og rolege i dag. Kjekt! (Sjå fleire foto på eigen link).

Det ligg ein del is i stien opp frå Holevika. Også frost på berga der sola ikkje kjem til. Men det går greitt å stige ut om. Likevel er det sjølvsagt viktig å sjå seg for. Isen skjuler seg ofte i gamalt gras òg. 

Fantastisk å få oppleve vintersola der ute. Og no er det snart berre ein månad til sola snur...!


Ingen kommentarer: