fredag 15. november 2019

Jomfrueleg på Moldura

Siste stigninga til Moldura frå nord.
Vi ser Toreheia og Ytrevågefjellet i bakgrunnen
(alle foto mobil)

Rett under toppen med ruta frå nord

Vinterleg på Moldura no

Vestover mot Størdalsstauren

Størdalsstauren i dag

Ytst i Stongfjorden i november-sol

Eg traff Ansgar Bjarne borte på tunet på Neset i dag tidleg før eg starta turen opp på Moldura. Han tipsa meg om ein liten variasjon på ruta oppover ved å gå inn til andre elva og følge vestsida beint opp. (Det er elles godt merke opp vest om første elva). Så til Ansgar Bjarne - dette funka heilt perfekt. Fann vardane og merka og kom inn att på den vanlege stien nedom Langedalen. Alltid kjekt å prøve seg på ein ny variasjon på rutene.  

Eg vart litt overraska over at det var kome såpass med nysnø oppe mot toppen. Kanskje 20 centimeter frå ca 600 moh. Men enkelte plassar hadde snøen fonna seg og var djupare. Turen opp vart såleis hakket tyngre enn eg hadde tenkt. 

Elles var frose terreng og is ei lita utfordring i dag. Nysnø på islagde hamrar veit du. (Ned igjen fekk ræva det eit par gonger oppe i høgda....) 😃 Men spesielt ned frå Størdalsstauren, der det i tillegg er stupbratt fleire stadar, er dette farleg. Så går du på stauren må du ha broddar! Noko anna er ikkje forsvarleg! For no er alt frose - mark, myr, gjørme og i tillegg ligg det issvullar overalt. Fjella vinterstid har klart andre utfordringar enn sommarsdagen -  både når det gjeld utstyr og risiko for at noko kan gå gale. Sjølvsagt. Så take care! 

Noko anna er at det knapt er vakrare i fjellet enn når dei ligg der i nysnø. I sporsnø. Og du kun ser dine eigne spor i tillegg til hjorten, haren, rypa og reven. Og når låg vintersol speglar alt i lange skuggar. Du kan puste frisk og kald fjelluft. Utan fluger, klegg, flått og knott... Kanskje er det òg nett no ein har mest bruk for slike flotte fjelldagar som i dag! I pur novemberglede. 


Ingen kommentarer: