|
Utsikt mot vest ved Leknesvatna |
|
Toppen av Eitrefossen |
|
Blegja og Eitrenipa i morgonskodde |
|
Vadet mellom vatna i midten |
|
Motiv nedom Bjørnastigvatnet |
Etter blogginnlegget i natt fekk eg ikkje sove. Så eg pakka sekken og tok med meg fisketroa til ein grytidleg morgontur til Bjørnastigvatnet og Leknesvatna. Greiaste ruta hit er frå Markavatnet.
Har alltid meint at ruta austover langs Leknesvatna med utsikt til Eitrenipa, Blegja,Tjuvbergnova og Fossedalshengenipa, er blant dei flottaste i kommunen. I morgonstunda er det noko med å vandre mot soloppgangen òg.
Men noko særleg fisk vart det ikkje i dag. Nei, egentleg er det litt for tidleg. Vatna ligg ganske høgt og temperaturen difor endå låg. Om nokre veker er sjansen sikkert større når vèr og temperatur spelar på lag. Men eg fekk no meg ein fin trimtur på ca 6 timar. Godt å få lufte vitet litt òg.... Så smakte det ekstra godt med 12-kaffien heime etterpå...