Eg tok opp att same ruta i kveld som i går. Etter ein laber vinter så langt treng eg nokre gode runder for å kome meg i siget igjen. Aktiviteten har vore litt for liten i det siste. Mest grunna vèret og det opplegget eg hadde laga meg for Ytrevågefjellet og Moldura. Sistnemde er i drygaste laget på kvelden, relativt høgt og vèrutsett. Slik sett ikkje akkurat det enklaste denne vinteren. Ytrevågefjellet ser eg meg ferdig med.
No håpar eg på kaldare og betre vèr framover slik at eg kan halde fram med det eg har tenkt meg. Så lenge får eg supplere aktivitetsnivået iført joggesko. Ikkje det kjekkaste eg veit. Iallefall ikkje i vindkuler og sludd midt i mot som frå demma og heim igjen i kveld. Men i nøden spiser som kjent fanden fluer...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar