Eg gjekk meg ein flott søndagstur på Moldura i dag. Skikkelege vinterforhold og strålande morgonsol på toppen....!
I midtpartiet og brattaste bakkane på Stafsnessida var det relativt tungt oppover då skaren ikkje heldt. Det gjorde den forsåvidt ikkje mange plassar lenger oppe heller, men her er det lettare å bruke trugar. Dei kom difor vèl med i dag. Det hadde vore eit blodslit om eg skulle ha trakka gjennom heilt til topps.
Elles var det knallflott på toppen. Nydeleg solskin. Men austatrekken var jammen kald i kantane. Nevane vart fort valne. Eg hadde med meg klesbyte, så eg pakka meg godt inn i tørr og varm ull og primaloft. Perfekt.
Rett vest om toppen traff eg forøvrig på ein rypejegar. Vi slo av nokre ord om utstyr, trugar og forholda på fjellet. Alltid kjekt å treffe folk på tur.
Eit stykke nedom toppen, på veg ned igjen, traff eg dessutan Ansgar Bjarne. Vi slo av ein passiar. Han gav meg eit par tips eit par kjappe avstikkarar opp frå Stafsnes. Slike ein daling ikkje er så kjend med. Eg prøvde forresten ei ned igjen. Med blanda hell. For eg hamna ned igjen ruta som eg brukar på Størdalsstauren. God den skåra der, men trur ikkje det var det Ansgar Bjarne meinte.!?
Knallflott vintertur. Måtte berre vèret vare...! (noko det sjølvsagt ikkje gjere...)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar