Skålefjellet og Langevatnet frå ruta opp på Fanafjellet
Sørgjeleg at det flotte sommarvèret vi hadde siste dagane ikkje kunne vare inn i pinsehelga òg. Så i kveld er det takk og farvel til flotte solrike dagar for denne gong.
Eg nytta difor siste rest av sol i ettermiddag på Fanafjellet. Noko anna hadde vore uhørt. Og det var flott og varmt så lenge eg var oppe. Haloen rundt sola tala likevel sitt tydelege språk. Og då eg kom heim igjen, gjekk sola ned i ein sekk - og då er jo som kjendt neste dag vekk....
Kva det blir til i helga får vi no sjå. Eg skal i allefall i gebursdag til eldste barnebarnet mitt Hanna i morgon, men kanskje det blir ein liten tur først. Regnet skulle visst tilta ut over dagen.
Fra Fanafjellet 210510 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar