Prestelva i Askdalen. Foto 15/5.
Eg er med i 17.mai nemnda i år, og var avstad å saga bjørk i dag tidleg. I tillegg hadde vi eit møte kl 13, så det begrensa seg litt med fjell-livet. Eg tok meg likevel ein snartur på Siktanuten på føremiddagen. Og på den tid var det opplett, men skodde i fjellet. Det er sjølvsagt ingen problem i skodde med så god sti som det er opp på nuten.
Eg traff fleire på same ruta i dag. Først Gunnar A. på veg ned, så Ingvar S på veg opp, og til slutt Velaug, Turid og Håvard. Eg slo av ein liten hyggjeleg prat med alle saman. Regnet kom først ei lita stund etter at eg var komen heim igjen. Flaks! No får vi håpe det lettar opp til i morgon. 17.mai er litt hyggjelegare då...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar