Opplett, men vått i lendet på Siktanuten i ettermiddag...
Eg traff på ei blid Vigdis...
Det var lett regn og eit par, tre plussgrader i lufta då eg gjekk opp på Fanafjellet frå Stafsnes i dag tidleg. Hustrig med andre ord. Eg valde likevel softshell buksa utan noko under, og kun ei tynn ulltrøye under den veldig lette Rab-jakka. Di mindre og lettare utstyrt, di fortare går det å komme seg opp og ned. For det var ikkje vèr til noko anna. Eg vurderte skiutstyr og gå innover fjella, men slo det frå meg.... Det skulle vise seg å vere eit rett val - som i går....
Eg valde som sagt fart i dag. Utan noko meir med meg enn det eg stod og gjekk i. Eg var ikkje komen så langt opp gjennom bakkane før regnet slo over i snø. I tillegg fekk eg vinden rett i mot. Ovanfor bjørkebeltet fungerte dette effektivt som nåler i fjeset. Så vart det meir snø, og djupare snø å trakke i. I dei bratte motabakkane krevde det sin mann. Men det som endå verre var, var at sikta forsvann nesten heilt. Som i påska då eg gjekk meg vill. Men no kom verkeleg vardane, eg sette opp for nokre turar sidan, til sin rett. Eit par av siktvardane var veldig gode i dag tidleg! Og oppe mot toppen er eg usikker på om eg hadde funne fram utan vardane "mine"...! Dette viser berre nok ein gong kor utruleg viktige vardar er i dårleg vèr....
Eg knipsa eit par bilder ut i alt det kvite på toppen, og frosen sprang eg alle bakkane ned igjen til bilen på Stafsnes...
Eg var i grunn ikkje heilt nøgd med fjelldagen. Så då det ei stund seinare letta opp, køyrde eg like godt til Askvoll, kjøpte Bergens Tidende, og gjekk på Siktanuten. Eg hadde akkurat parkert bilen, og begynt å gå, då eg høyrde nokon rope bak meg. Det var Vigdis som var ute i same ærend som eg. Så vi slo sjølvsagt følgje på turen både opp og ned.
Det er ganske vått, sleipt og myrlendt opp på nuten no. Ikkje akkurat forhold for joggesko endå. Elles gjekk vi ganske bra på. Trass i ordflaumen frå det kvinnelege innslaget i duoen... Noko vind på toppen, men elles ein flott og grei tur... Siktanuten er ein grei trimtur...
Fra Fanafjellet_Siktanuten 250410 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar