Utsikt mot Alden frå Siktanuten i går kveld
Eg måtte stå på opp på Siktanuten i går ettermiddag for å nå Peter då han var ferdig på trening. Det er med naud og neppe det går. Så eg langa ut oppover, tok igjen Vigdis, Arny og Leif G oppe i der og peisa på vidare. Eg hadde gløymt stavane i dag, så jammen svei det i låra opp den siste bratte bakken. På toppen kjende eg blodsmaken i kjeften og var begynt å bli kvalm... Eg tok han visst heilt ut. Til mitt forsvar var det første gongen i år...:-) Og eg kom meg no igjen med ein gong...! Vel, vel godt med ei gjennomkøyring, men ein kan jo bruke hovudet òg...:-)
Eg tok nokre bilder, skreiv meg inn i boka, og der kom jammen Vigdis stimande òg... Ho hadde nok stått på ho òg då, etter at eg "sprang" forbi. Jadå, var ikkje berre eg som var sveitt. Vel, eg hadde nokre minuttar på meg såg eg, så vi gjekk raskt ned igjen i lag... I eit tempo det gjekk an å prate i...:-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar