Fredagsettermiddagen var det feiring av toårsdagen til tvillingane til Kristine og Rudi i Førde saman med alle barnebarna mine. Deretter svinga Olaug, Peter og eg nasen sørover til Bergen. Og vi fekk oss ei fin helg der inne.
Starten var no so som so med kaotiske tilstandar på vegen til Åsane grunna snøføret. Det vart noko venting på somme som stod fast. I tillegg var det ekstra stor trafikk grunna flystoggen. Utrulig med bussar merka Trondheim på som gjekk nordover. Det gjekk difor si tid før vi nådde fram.
Hovudføremålet med turen var å besøke Kirsten og Arnt i Åsane, og gå i teateret og sjå Mascerade av Ludvig Holberg. Det var sett opp ekstraframsyning denne dagen med smekkfullt hus. Framifrå spelarkunstar, spesielt av Helge Jordal og Bjarte Hjelmeland. Eg lo nesten i 2,5 time. Det var direkte vondt av og til:-) Veldig bra!
Dagen i dag starta med snøbyger i Åsane. Heldigvis letta det ganske fort opp igjen, og køyreforholda heim på føremiddagen var heilt flotte. Vi kom difor ganske tidleg til Førde, der eg plukka opp min eigen bil igjen. Taket på Bergen Teater teke med mobil
Vèret var bra då vi kom til Stongfjorden igjen òg. Så eg fekk meg ein fin og rask tur på Siktanuten nede i Askvoll etter at vi kom heim. Det gjorde godt etter fleire dagar med stillesitting, kaker og mat. Eg lurte faktisk på om eg skulle gå på Fanafjellet etterpå, men det kom ei grådig snøbyge som fekk meg på andre tankar. Eg fann heller ut at eg fekk pakke ut, og sjå kva eg hadde handla av sportsutstyr under runda på Åsane Senter i går...:-)
Ei flott og sosial helg var med det omme. Og som eg sa til Olaug i går - det er lenge sidan eg har sett så mykje folk ein lørdag...:-)
Fra Siktanuten 180410 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar