Fra Toreheia 010110 |
fredag 1. januar 2010
Årets første skitur
Toreheia i føremiddag.
Eg må seie det var litt rart å skrive 010110 i dag. Det virka som det var eit eller anna feil med datoen. Men rett er det no visst likevel. Eg var nemleg opp igjen på Toreheia i føremiddag. Fjerde dagen på rad! Men denne gongen tok eg skia med.
Eg bar dei opp på Rinda, men gjekk der i frå med dei til topps med fellar under. Det var ei kjekk oppleving. Slapp absolutt å løfte føtene så mykje i all snøen. Og sjølv om eg trakka gjennom med skia òg i laussnøen, gjekk det ganske lett opp dei bratte bakkane.
På toppen var det noko snøføyke av austavinden. For vinden tok ganske bra i dag. Noko som gjorde det ganske så kjøleg på toppen. Godt då å ha rette og varme klede å få skifte på seg. Eg var litt redd for kameraet på grunn av den veldig finkorna snøen som fauk rundt hovudet, men eg tok no likevel sjansen på nokre klikk der bak varden.
Det gjekk sjølvsagt radig ned igjen med ski på føtene. Det er lenge sidan eg har stått på ski, men det var faktisk moro. Spesielt å stå litt utfor. Og modigare vart eg vel litt etter kvart. Dette gav absolutt meirsmak...! Fin start på det nye året...:-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar