onsdag 13. januar 2010
Ein smak av føn
Foto frå Fossedalshengenipa 10/1
I dag var overskotet og lysta på fjelltur tilbake. Eg går aldri når eg ikkje er opplagd til det. No kan ein vel seie at di meir ein går di meir opplagd blir ein. Det er rett trur eg. Men ingen regel utan unntak. Turane lørdag og søndag sat nok litt i trass alt. Og noko kvile gjer berre godt...
Så eg tok opp på Toreheia etter arbeid. Med ski og hovudlykt. Det var ein heilt annan temperatur i dag enn det har vore på lenge. Vinden var nesten fønaktig der oppe. Og det såg faktisk ut som snøen hadde minka på bergnakkane, der det var blese av frå før! Iallefall var det mykje stein og lyng som stakk opp, nærast overalt. Så eg måtte absolutt vise litt varsemd ned igjen så ikkje fellene gjekk til pisis atter ein gong. Stålkantane har jo heller ikkje særleg godt av stein! Men elles vart det ein veldig flott tur både opp og ned under ein praktfull stjernehimmel... Herleg!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Så masse flotte bilder og turrapporter! Litt misunnelig på landskapet ditt:-)
Jepp, her er det mykje å by på:-) Takker Spiderdama for kommentar! Stå på!
Legg inn en kommentar