lørdag 26. september 2009
Tøft på Stølsfjellet
Mobilbilder frå Stølsfjellet i kveld
I Dale brukte vi eit uttrykk før som heitte "Gu nå meg"... Det var for å formidle at noko var "ryse" stort... Eg får nytte meg av dette uttrykket på forholda på Stølsfjellet i kveld. Gu nå meg kor vatn! Elvar ned dalen var ekstrem. Sideelva oppe forbi Nigardsstølen kom eg ikkje tørrskodd over. Eg måtte berre hoppe uti og vart kliss på føtene. Her er det til vanleg berre ei lita sitla. Og i sommar var det heilt tørt!
Stien opp i det bratte skaret var nesten ein einaste elv. Likeeins nedanfor ura. Har aldri sett på maken til vatn...
Og det sila ned. Bøtta ned. Heile turen opp i kveld. Og skodda låg tjukk heilt frå Rivedal og opp. Ikkje nok med det. Det bles noko frykteleg òg... Helleveien for eit vèr...!
Men eg hadde sjølvsagt ingen problem. Våt på føtene er nesten ein vane. Blir jo reine "våtdrakta" nede i skoa når vatnet blir varmt. Nei då er det verre når minusgradene kjem sigande på. Ikkje fullt så moro å bli våt på føtene då...
Eg kraup i skjul på ein stein der oppe. Fekk namnet i boka og knipsa eit par bilder med mobilen før den vart gjennomvåt og sprang så godt som det let seg gjere ned igjen. Tøffe tak men utrulig moro. Og ikkje minst ei god kjensle å komme seg i hus og dusjen igjen.
Jepp, då var to fjell i boks i dag under friske forhold. Godt jobba...:-) Spesielt med det kneet òg...
Mobilkunst på Stølsfjellet i kveld...:-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar