Fra Hjartåsen 260909 |
lørdag 26. september 2009
Våt affære
Frå Hjartåsen i dag tidleg (mobilbilde).
Vått var berre forbokstaven på forholda på Hjartåsen i dag tidleg. Har det vore blautt før, var det lite i forhold til i dag. Det rann vatn overalt. Stien var ei einaste elv. Og elvane i Askdalen var vanskelege å komme over. Eg heldt nesten på å seie ikkje heilt farefrie heller. Eg trur ikkje eg har sett dei slik før der nede.
I tillegg var skodda så tjukk at ho kunne skjærast med kniv (i desse slaktetider..:-)) Det er sjølvsagt ingen problem opp på Hjartåsen i så måte, så god sti som her er. Elles tok vinden skikkeleg tak òg. Nokre minuttar var det difor heilt skoddefritt, før ho kom igjen med full tungde berre nokre minuttar seinare.
Ja det er friskt på kysten i slikt vèr. Ruskevèr vil vel enkelte hevde... Men det gjer berre utruleg godt å komme seg ut for det...:-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar