onsdag 23. september 2009
Fin haustkveld
Mobilbilder frå Stølsfjellet i kveld
Jammen fekk eg sjå sola i dag òg. Såvidt det var. Ho stakk nemleg gjennom skylaget då eg var ein tur på Stølsfjellet etter arbeid.
Elva ned Rivedalsdalen var enorm igjen. Men bulder og brak fossa ho ned dalen til kraftverket. Enkelte gonger er det vel greitt at det er gjerde framfor elva ved vegen. Det var ikkje til å tenke på å krysse ho der nede i kveld iallefall.
Sjølvsagt var det òg vått oppover. Dammar og elvar overalt. Og myrane var søkk blaute. Likevel var det ein flott tur opp. Det bles, men heldt seg opplett. Eg hadde funne fram vintetrøyene i dag. Tjukk Devold-ull gjer underverk. For jammen er det blitt kaldt i fjellet etterkvart...
Eg såg det dreiv byger i fjella mot Stongfjorden, så etter nokre knips med mobilen sprang eg ned igjen i fjellsko...! Og ei solid regnbyge traff bilen på veg heim igjen...:-))
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar